< 2 Tessalonikerne 1 >

1 Paulus og Silvanus og Timoteus til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus: 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus! 3 Me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som sømelegt er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken til kvarandre vert større hjå kvar og ein av dykk alle, 4 so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut - 5 eit fyrebod um Guds rettferdige dom - for at de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for, 6 so sant som det er rettferdigt for Gud å gjeva deim trengsla att som trengjer dykk, 7 og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar, 8 med logande eld, når han tek hemn yver deim som ikkje kjenner Gud, og deim som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium, 9 dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom, (aiōnios g166) 10 når han kjem på den dagen for å syna seg herleg i sine heilage og underleg i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru. 11 Difor bed me og alltid for dykk, at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui, 12 so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i honom, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde!

< 2 Tessalonikerne 1 >