< 2 Peters 3 >

1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære, og i deim ved påminning vekkjer dykkar reine hug 2 til å minnast dei ord som fyrr er tala av dei heilage profetar, og bodet frå Herren og frelsaren som apostlarne dykkar hev forkynt, 3 med di de fyrst og fremst veit dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott, som gjeng etter sine eigne lyster 4 og segjer: «Kvar er lovnaden um hans tilkoma? For ifrå den tid då federne sovna av, stend alt so som frå upphavet av skapningen.» 5 For dei som segjer so, gløymer at himlar var det frå gamall tid og ei jord som hadde vorte til ut av vatn og gjenom vatn ved Guds ord, 6 og dermed gjekk og den dåverande verdi under i vatsflaumen. 7 Men dei noverande himlar og jordi er ved det same ordet sparde til elden, og upphaldne til den dagen då dei ugudlege menneskje skal verta dømde og fortapte. 8 Men dette eine må de ikkje sleppa or syne, mine kjære, at ein dag er for Herren som tusund år, og tusund år som ein dag. 9 Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, då han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlarne forgangast med dundrane ljom, og himmelklotarne skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne verta uppbrende. 11 Då no alt dette vert uppløyst, kor må ikkje de då stræva etter heilag ferd og gudlegt liv, 12 medan de ventar og skundar på at Guds dag skal koma, som skal gjera at himlarne vert uppløyste i eld, og himmelklotarne kjem i brand og brånar! 13 Men me ventar etter hans lovnad nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur. 14 Difor, mine kjære, då de ventar dette, so legg vinn på at de kann verta funne utan flekk og lyte for hans åsyn i fred! 15 Og agta det langmod vår Herre viser, som ei frelsa, som og vår kjære bror Paulus hev skrive til dykk etter den visdom som han hev fenge, 16 liksom og i alle sine brev når han i deim talar um desse ting; i deim er det noko som er vandt å skynda, som ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skrifterne, til sin eigen undergang. 17 So må då de, mine kjære, som fyreåt veit dette, vara dykk, so de ikkje skal verta dregne med i villa av dei ugudlege og falla frå dykkar eigen faste grunn! 18 Men veks i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus! Honom vere æra både no og til æveleg tid! Amen. (aiōn g165)

< 2 Peters 3 >

The World is Destroyed by Water
The World is Destroyed by Water