< 2 Johannes 1 >

1 Den eldste til den utvalde fru og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi, 2 for den sanning skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid: (aiōn g165) 3 Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens son, i sanning og kjærleik! 4 Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk bod av Faderen. 5 Og no bed eg deg, fru, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre. 6 Og dette er kjærleiken, at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det. 7 For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt. Dette er forføraren og Antikrist. 8 Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev arbeidt dykk til, men må få full løn! 9 Den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, han hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen. 10 Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak honom ikkje inn i huset, og bjod honom ikkje velkomen! 11 For den som byd honom velkomen, vert medskuldig med honom i hans vonde verk. 12 Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so vår gleda kann verta fullkomi. 13 Borni til di utvalde syster helsar deg.

< 2 Johannes 1 >