< 2 Korintierne 1 >

1 Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus til Guds kyrkjelyd som er i Korint, med alle dei heilage i heile Akaia: 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus! 3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, miskunns Fader og all trøystings Gud, 4 han som trøystar oss i all vår trengsla, so me kann trøysta deim som er i allslags trengsla, med den trøyst som me sjølve vert trøysta med av Gud! 5 For liksom Kristi lidingar kjem rikleg yver oss, so er og vår trøyst rikleg ved Kristus. 6 Men um me lid trengsla, so er det til dykkar trøyst og frelsa; vert me trøysta, so er det dykk til ei trøyst som viser seg verksam i tolmod i dei same lidingar som me lid; 7 og vår von um dykk er fast, av di me veit at liksom de hev lut i lidingarne, so skal de og hava lut i trøysti. 8 For me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um den trengsla som kom yver oss i Asia, at me vart ovleg hardt nedtyngde, meir enn me kunde bera, so at me jamvel mistvila um livet; 9 ja, me hadde med oss sjølve gjort upp at me laut døy, so me ikkje skulde lita på oss sjølve, men på Gud, som vekkjer upp dei daude, 10 han som fria og friar oss frå slik daude, som me vonar og vil fria oss heretter, 11 med di de og kjem oss til hjelp med bøn, so det frå mange munnar må koma rikleg takk for oss, for den nåde som er oss gjeven. 12 For vår ros er dette: Vitnemålet i vårt samvit um at me i Guds heilagdom og reinleik, ikkje i kjøtleg visdom, men i Guds nåde hev ferdast i verdi, og serleg hjå dykk. 13 For me skriv ikkje anna til dykk enn det som de les eller skynar, og eg vonar at de og skal skyna det til enden 14 - liksom de og til deils hev skyna oss - at me er dykkar ros, liksom de og er vår på Herren Jesu dag. 15 Og i denne tillit rådde eg meg til å koma til dykk fyrst, so de kunde få endå ein nåde, 16 og fara frå dykk til Makedonia, og so koma frå Makedonia til dykk att og få fylgje av dykk til Judæa. 17 Då eg no tok denne rådi, for eg då kann henda fram med lauslynde, eller er det etter kjøtet eg tek dei råder som eg tek, so det hjå meg skulde vera både ja, ja og nei, nei? 18 So visst som Gud er trufast, so er vårt ord til dykk ikkje ja og nei. 19 For Guds Son, Kristus Jesus, som vart forkynt hjå dykk ved oss, ved meg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei, men ja hev det vorte i honom. 20 For so mange som Guds lovnader er, so hev dei i honom sitt ja og fær og i honom sitt amen, Gud til æra ved oss. 21 Men den som held oss faste saman med dykk i Kristus og salva oss, det er Gud, 22 han som sette sitt innsigle på oss og gav Anden til pant i våre hjarto. 23 Men eg kallar Gud til vitne for mi sjæl, at det var for di eg vilde spara dykk at eg ikkje endå er komen til Korint; 24 ikkje at me er herrar yver dykkar tru, men me er medverkande til dykkar gleda; for de stend i trui.

< 2 Korintierne 1 >