< 2 Korintierne 2 >

1 Men eg sette meg fyre for mi eigi skuld, at eg ikkje atter vilde koma til dykk med sorg. 2 For um eg gjer dykk sorg, kven er det då som gjer meg glad, utan den som eg gjer sorg? 3 Og eg skreiv til dykk just difor, at eg ikkje, når eg kom, skulde få sorg av deim som eg skulde hava gleda av, då eg hev den tiltru til dykk alle, at mi gleda er gleda for dykk alle. 4 For i myki trengsla og hjartans tyngsla skreiv eg dykk til med mange tåror, ikkje for di at de skulde få sorg, men at de skulde kjenna den kjærleiken som eg serleg hev til dykk. 5 Men um nokon hev gjort sorg, so er det ikkje meg han hev gjort sorg, men til deils - at eg ikkje skal vera for hard - dykk alle. 6 Det er nok for honom med den refsingi han hev fenge av dei fleste, 7 so at de heller må tilgjeva og trøysta honom, so han ikkje skal ganga under i endå tyngre sorg. 8 Difor bed eg dykk at de må lata kjærleik råda mot honom. 9 For difor var det og eg skreiv, at eg skulde få vita um de held prøva, um de er lyduge i alt. 10 Men den som de tilgjev, honom tilgjev eg og. For det eg hev tilgjeve - um eg hev havt noko å tilgjeva - det hev eg gjort for dykkar skuld, for Kristi åsyn, 11 so me ikkje skal verta dåra av Satan; for me er ikkje uvitande um hans råder. 12 Då eg kom til Troas for Kristi evangelium skuld, og ei dør var opna for meg i Herren, 13 hadde eg ikkje ro i mi ånd, av di eg ikkje fann Titus, bror min, men eg skildest frå deim og for til Makedonia. 14 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigerferd i Kristus og ved oss openberrar angen av kunnskapen um honom på kvar stad! 15 For me er Kristi huglege ange for Gud millom deim som vert frelste, og millom deim som vert fortapte, 16 for desse ein ange av daude til daude, for hine ein ange av liv til liv. Og kven er vel dugleg til dette? 17 For me er ikkje slike som dei mange, at me falskar Guds ord til eigi vinning, men som i reinleik, ja, som av Gud talar me for Guds åsyn i Kristus.

< 2 Korintierne 2 >