< 2 Korintierne 12 >

1 Eg lyt rosa meg, endå det ikkje er gagnlegt, men eg kjem no til syner og openberringar av Herren. 2 Eg kjenner eit menneskje i Kristus - um han var i likamen, det veit eg ikkje, eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen. 3 Og eg kjenner dette menneskjet, - um han var i likamen eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - 4 han vart rykt inn i Paradis og høyrde usegjelege ord, som det ikkje er unnt eit menneskje å tala. 5 Av dette vil eg rosa meg, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmagt. 6 For um eg vil rosa meg, vert eg ikkje uvitug, for sanning kjem eg til å segja; men eg let det vera, so ingen skal tenkja større um meg, enn som han ser meg eller høyrer av meg. 7 Og for at eg ikkje skal ovmoda meg av dei høge openberringar, so er det gjeve meg ein tagg i kjøtet, ein Satans engel, at han skal slå meg, so eg ikkje skal ovmoda meg. 8 Um denne bad eg Herren tri gonger, at han måtte vika frå meg. 9 Og han sagde til meg: «Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmagt.» Helst vil eg difor rosa meg av mi vanmagt, so Kristi kraft kann bu i meg. 10 Difor er eg vel til mods midt i vanmagt, i valdsverk, i naud, i forfylgjing, i trengslor for Kristi skuld. For når eg er vanmegtig, då er eg sterk. 11 Eg hev vorte uvitug; de hev tvinga meg til det; for eg skulde havt lovord av dykk; eg var ikkje i noko mindre mann enn dei ovstore apostlar, endå eg er ingen ting. 12 Ein apostels teikn vart gjorde hjå dykk i alt tolmod, med teikn og under og kraftige verk. 13 For kva er det som de vart haldne ringare i enn dei andre kyrkjelydar, utan at eg sjølv ikkje var dykk til tyngsla? tilgjev meg denne uretten! 14 Sjå, tridje gongen er eg buen til å koma til dykk og skal ikkje vera dykk til tyngsla. For eg søkjer ikkje dykkar gods, men dykk sjølve; for borni skal ikkje sanka skattar til foreldri, men foreldri til borni. 15 Men eg vil gjerne ofra, ja, verta ofra for sjælerne dykkar, um eg enn vert mindre elska di meir eg elskar dykk. 16 Men lat so vera at eg ikkje var dykk til tyngsla, men kann henda eg var svikfull og tok dykk med list? 17 Søkte eg vel vinning av dykk ved nokon av deim som eg sende til dykk? 18 Eg talde Titus til og sende med honom bror vår. Hev Titus søkt vinning av dykk? For me ikkje fram i den same ånd? ikkje i dei same fotfar? 19 Longe hev de tenkt at det er for dykk me forsvarar oss. Nei, det er for Guds åsyn me talar i Kristus. Men alt til dykkar uppbyggjing, mine kjære! 20 For eg ottast for, at når eg kjem, skal eg ikkje finna dykk slike som eg vil, og at eg skal verta funnen av dykk slik som de ikkje vil - at der skal vera kiv, ovund, vreide, stridssykja, baktale, drøsor, ovmod, utstyr, 21 at når eg kjem, skal min Gud atter audmykja meg hjå dykk, og eg skal syrgja yver mange av deim som fyrr synda og ikkje hev umvendt seg frå den ureinskap og lauslivnad og used som dei dreiv.

< 2 Korintierne 12 >