< 2 Krønikebok 32 >

1 Etter desse hendingar og denne truskap kom assyrarkongen Sankerib og drog inn i Juda; der lægra han seg kring dei faste borger og tenkte å leggja deim under seg. 2 Då no Hizkia vart vis med at Sankerib var komen og hadde tenkt seg til å gjera åtak på Jerusalem, 3 rådlagde han med hovdingarne og kjemporne sine um å teppa for vatnet i kjeldorne utanfor byen, og dei hjelpte honom. 4 Det samla seg då ei mengd med folk som tepte kjeldorne og bekken som renn midt igjenom landet; for dei sagde: «Kvi skulde assyrarkongarne koma og finna mykje vatn?» 5 So tok han mod og mannskap til seg og bygde upp heile den luten av muren som var nedbroten, og bygde radt upp til tårni, og ein annan mur bygde han utanfor; han vigfeste Millo i Davidsbyen og laga ei mengd kastevåpn og skjoldar. 6 Og han sette herførarar yver krigsfolket, og då han hadde stemnt deim saman på plassen ved byporten, tala han til deim og moda deim upp og sagde: 7 «Ver hugheile og modige, ottast ikkje og ræddast ikkje for assyrarkongen og heile den hopen han hev med seg; for med oss er det ein som er større enn den som er med honom! 8 Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia. 9 Assyrarkongen Sanherib kringsette sjølv Lakis med heile hermagti si, men sende tenarane sine til Juda-kongen Hizkia og til alle Juda-mennerne i Jerusalem og let deim segja: 10 «So segjer assyrarkongen Sankerib: «Kva er det de lit på, de som sit innestengde i Jerusalem? 11 Hizkia lokkar dykk til å døy av hunger og torste når han segjer: «Herren, vår Gud, skal berga oss or handi åt assyrarkongen.» 12 Hev ikkje den same Hizkia teke burt offerhaugarne og altari hans og bode Juda og Jerusalem at dei berre skal kasta seg ned for eit einaste altar og berre kveikja offereld på det? 13 Veit de då ikkje kva eg og federne mine hev gjort med folki frå alle land? hev vel folkegudarne i landi magta å berga landi sine or mi hand? 14 Kven av alle gudarne hjå desse folki, som federne mine hev bannstøytt, er det som hev kunna berga folket sitt or mi hand, so dykkar Gud skulde kunna berga dykk or mi hand! 15 Lat difor ikkje Hizkia narra dykk og dåra dykk på denne måten! Tru honom ikkje! for ingen gud hjå noko folk eller rike hev magta å berga folket sitt ut or mi hand eller or handi på federne mine; kor mykje mindre skulde då dykkar gud kunna berga dykk or mi hand!»» 16 Og tenarane hans tala endå fleire ord imot Herren Gud og imot Hizkia, tenaren hans. 17 Og han skreiv eit brev og til å hæda Herren, Israels Gud, og tala imot honom, og der stod det: «Likso lite som folkegudarne i landi hev berga folki sine or mi hand, likso lite skal Guden åt Hizkia berga sitt folk or mi hand.» 18 Og dei ropa med høg røyst på jødisk mål til folket i Jerusalem, som stod på muren; dei vilde støkkja og skræma deim, so dei kunde take byen. 19 Og dei tala um Jerusalems Gud på same måten som um folkegudar på jordi, dei som er verk av mannehender. 20 Då bad kong Hizkia og profeten Jesaja Amosson for denne saki skuld, og dei ropa til himmelen. 21 Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd. 22 Soleis frelste Herren Hizkia og Jerusalems-folket or handi åt assyrarkongen Sanherib og or handi åt alle andre, og han gav deim fred på alle kantar. 23 Og mange førde gåvor til Herren, til Jerusalem, og dyre gåvor til Juda-kongen Hizkia, og han vart høgvyrd hjå alle folki etter dette. 24 I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott. Då bad han til Herren, og han svara honom og gav honom eit underteikn. 25 Men Hizkia lønte ikkje den velgjerningi som vart gjord imot honom, men hjarta hans vart ovmodigt, og difor kom det harm yver honom og Juda og Jerusalem. 26 Men han audmykte seg midt i sitt hjartans ovmod, og Jerusalems-folket med honom, då kom Herrens harm ikkje yver deim so lenge Hizkia livde. 27 Hizkia hadde ovstor rikdom og æra. Han bygde seg skattkammer for gull og sylv og glimesteinar og finangande kryddor og alle slags dyrverdige ting, 28 dessutan forrådshus for avgrødet av korn og druvesaft og olje, fjøs for alle slags bufe, og kvier for buskaparne. 29 Og han fekk seg byar og bufe og småfe i mengd; for Gud gav honom ovmykje gods. 30 Den same Hizkia tepte det øvre utlaupet av Gihonvatnet, og leidde vatnet ned mot vest til Davidsbyen. I alle tiltaki sine hadde Hizkia lukka med seg. 31 Soleis og då sendebodi kom frå Babels-fyrstarne, som sende bod til honom og vilde høyra um det underteiknet som hadde hendt i landet, då gjekk Gud frå honom berre soleis, at han sette honom på prøva, so han kunde få fullrøynt huglyndet hans. 32 Det som elles er å fortelja um Hizkia og godgjerningarne hans, er uppskrive i openberringi åt profeten Jesaja Amosson og i boki um Juda- og Israels-kongarne. 33 Og Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom der som ein stig upp til graverne åt Davids-sønerne; og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne synte honom stor æra ved avferdi hans. Og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.

< 2 Krønikebok 32 >