< 2 Krønikebok 27 >

1 Fem og tjuge år gamall var Jotam då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter. 2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Uzzia, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens hus. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var. 3 Han bygde den øvre porten i Herrens hus, og bygde dessutan mykje på Ofelmuren. 4 Han bygde upp byar i Judafjelli og borger og tårn i skogarne. 5 Han hadde krig med kongen yver Ammons-borni og vann yver deim, so at Ammons-borni svara skatt til honom i det året, tvo hundrad og femti våger sylv, tretti tusund tunnar kveite og tretti tusund tunnor bygg; det same svara Ammons-borni honom året etter og det tridje året med. 6 Soleis vart Jotam megtig, av di han stødt førde si livsferd for Herren, sin Gud. 7 Det som elles er å fortelja um Jotam, um alle krigarne hans og um alle fyretaki hans, er uppskrive i Israels og Judas kongebok. 8 Fem og tjuge år var han då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem. 9 So lagde Jotam seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.

< 2 Krønikebok 27 >