< 2 Krønikebok 19 >

1 Men Josafat, Juda-kongen, snudde heim att til Jerusalem med heilo. 2 Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren. 3 Like vel er det funne noko godt hjå deg, for du hev øydt ut Astarte-bilæti or landet og hev lagt hugen din på å søkja Gud.» 4 Josafat vart no buande i Jerusalem. Og so drog han ut att bland folket ifrå Be’erseba og til Efraimsheidi, og førde deim attende til Herren, deira fedregud. 5 Og han sette inn domarar i landet i kvar ein av dei faste byarne i Juda. 6 Og han sagde til domarane: «Agta vel på det de gjer; for de feller ikkje dom for menneskje, men for Herren, og han er hjå dykk når det dømer. 7 Difor skal otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame med det som de gjer! for hjå Herren, vår Gud, finst det ingen urett, ikkje gjer han skil på folk, og ikkje tek han mutor.» 8 I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitarne og prestarne og ættarhovdingarne i Israel til å agta på Herrens saker og rettstrættorne; dei hadde vendt heim att til Jerusalem. 9 Og han baud deim og sagde: «Soleis skal de bera dykk åt med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta: 10 Kvar gong det vert lagt fram for dykk ei rettstrætta frå brørne dykkar, som bur i byarne sine, anten det er dom i ei dråpssak eller eit bod, ei lov eller vedtekter og rettar, då skal de vara deim åt, so dei ikkje syndar imot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar. Gjer soleis, so det ikkje skal draga skuld yver dykk! 11 I alt det som kjem ved Herren, skal øvstepresten Amarja vera formannen dykkar, og i alt det som kjem ved kongen, skal Zebadja Ismaelsson, hovdingen for Juda-ætti, vera formann; og levitarne skal vera tilsynsmenner under dykk. Tak no hugheilt fat på verket, og Herren skal vere med den som er god.»

< 2 Krønikebok 19 >