< 2 Krønikebok 13 >

1 I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge yver Juda; 2 tri år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mikaja Urielsdotter og var frå Gibea. Det var ufred millom Abia og Jeroboam. 3 Abia byrja striden med ein her av djerve stridsmenner, fire hundrad tusund utvalde menner, men Jeroboam møtte honom med åtte hundrad tusund utvalde menner, som var djerve stridsmenner. 4 Men Abia gjekk upp på Semarajimberget i Efraimsfjelli og sagde: «Høyr meg Jeroboam og heile Israel! 5 De veit då vel at Herren, Israels Gud, hev gjeve kongedømet yver Israel for alle tider til David og hans søner ved ei ubrjotande semja. 6 Men Jeroboam Nebatsson, trælen åt Salomo Davidsson, reiste seg og gjorde upprør mot herren sin. 7 Og kring honom samla det seg lause karar, skamløysor, som tråssa Rehabeam, son åt Salomo, og Rehabeam var ung og veiklyndt og kunde ikkje halda seg imot deim. 8 Og no trur de at de kann tråssa Herrens kongedøme, som ligg til Davids søner, for di det er ein stor hop av dykk, og det hev hjå dykk dei gullkalvarne som Jeroboam let gjera til gudar for dykk. 9 Hev de ikkje jaga burt Herrens prestar, sønerne åt Aron, og levitarne, og rådt dykk til prestar liksom hedningfolki? Kvar den som kom med ein ung ukse og sju verar til prestevigsla, han vert prest for u-gudarne. 10 Men Herren er vår Gud, og me hev ikkje vendt oss frå honom; sønerne åt Aron er prestar for Herren, og levitarne gjer tenesta. 11 Kvar morgon og kvar kveld let dei brennofferi ganga upp i røyk med finangande røykjelse, skodebrødi ligg på gullbordet, og gull-ljosestaken med lamporne kveikjer dei kveld etter kveld; for me agtar på fyresegnerne åt Herren, vår Gud, men de hev vendt dykk frå honom. 12 Sjå, Gud er føraren hjå oss og me hev prestarne hans med alarmlurarne, og dei skal blåsa til strid mot dykk. Israels søner, gjev dykk ikkje i strid med Herren, vår fedregud, for då skal de ikkje hava lukka med dykk!» 13 Men Jeroboam hadde late deim som låg i baklur kringganga deim soleis at Juda-mennerne hadde deim fyre seg og baklur-mennerne i ryggen. 14 Då no Juda-mennerne snudde seg rundt, og såg at åtaket truga deim både framantil og attantil, då ropa deim til Herren; men prestarne bles i lurarne. 15 Og Juda-mennerne sette i med herrop. Og då Juda-mennerne sette i med herropet, då slo Gud Jeroboam og heile Israel for augo på Abia og Juda. 16 Israels-sønerne rømde for Juda, og Gud gav deim i deira vald. 17 Og Abia og folket hans gjorde stort tjon på deim, so det fall fem hundrad tusund stridsmenner av Israel. 18 På den tid vart Israels-sønerne audmjukte, men Juda-mennerne kom til magt, for dei studde seg til Herren, sin fedregud. 19 Og Abia forfylgde Jeroboam og tok ifrå honom nokre byar; det var Betel og grenderne kringum, Jesana og grenderne kringum og Efron og grenderne kringum. 20 Jeroboam kom aldri til magt meir so lenge Abia livde, og Herren slo honom, so han døydde. 21 Men Abia vart megtig. Han tok seg fire konor og vart far til tvo og tjugeto søner og sekstan døtter. 22 Det som elles er å fortelja um Abia, um hans ferd og ord, er uppskrive i utleggjingi åt profeten Iddo.

< 2 Krønikebok 13 >