< 1 Timoteus 3 >

1 Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.
This is a faithful saying: If someone aspires to the office of an overseer, he desires a good work.
2 Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,
The overseer, therefore, must be beyond criticism, the husband of one wife, temperate, self-controlled, respectable, hospitable, good at teaching;
3 ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,
not a drunkard, not violent, but gentle, not quarrelsome, not a lover of money;
4 ein som styrer vel sitt eige hus, og hev lyduge born med all søma
one who rules his own house well, having children in subjection with all reverence;
5 - um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -
(but if someone does not know how to manage his own house, how will he take care of the congregation of God?)
6 ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.
not a new convert, lest being puffed up he fall into the same condemnation as the devil.
7 Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.
Moreover he must have good testimony from those who are outside, to avoid falling into disgrace and the trap of the devil.
8 Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,
Shammashim, in the same way, must be reverent, not double-tongued, not devoted to a lot of wine, not greedy for money;
9 slike som hev løyndomen i trui i eit godt samvit.
holding the mystery of the faith in a pure conscience.
10 Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege.
Let them also first be tested; then let them serve as shammashim if they are blameless.
11 Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting.
Their wives in the same way must be reverent, not slanderers, temperate, faithful in all things.
12 Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus.
Let shammashim be husbands of one wife, ruling their children and their own houses well.
13 For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.
For those who have served well as shammashim gain for themselves a good standing, and great boldness in the faith which is in Messiah Yeshua.
14 Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,
These things I write to you, hoping to come to you shortly;
15 men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi.
but if I wait long, that you may know how people ought to behave themselves in the house of God, which is the congregation of the living God, the pillar and ground of the truth.
16 Og som kvar må sanna, stor er den løyndom i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.
Without controversy, the mystery of godliness is great: He was revealed in the flesh, justified by the Ruach, seen by angels, preached among the nations, believed on in the world, and received up in glory.

< 1 Timoteus 3 >