< 1 Samuels 24 >

1 Då Saul kom heim att frå herferdi mot filistarane, fekk han tiend at David var i øydemarki En-Gedi.
It happened, when Saul was returned from following the Philistines, that it was told him, saying, "Look, David is in the wilderness of En Gedi."
2 Då tok Saul tri tusund mann, utvalde or heile Israel, og drog av stad på leit etter David og kararne hans austum Steinbukk-hamrarne.
Then Saul took three thousand chosen men out of all Israel, and went to seek David and his men on the rocks of the wild goats.
3 Han kom til sauegardarne attmed vegen; der var det ein heller; og der inn gjekk Saul for seg sjølv. David og kararne hans sat inst i helleren.
He came to the sheep pens by the way, where there was a cave; and Saul went in to relieve himself. Now David and his men were abiding in the innermost parts of the cave.
4 Då sagde folki åt David med honom: «No er dagen komen som Herren nemde med deg: «Eg vil gjeva uvenen din i handi di, so du kann gjera med honom etter eige tykkje.»» David reis upp og skar i løyndom ein snipp av kappa åt Saul.
The men of David said to him, "Look, the day of which YHWH said to you, 'Look, I will deliver your enemy into your hand, and you shall do to him as it shall seem good to you.'" Then David arose, and cut off an edge of Saul's robe secretly.
5 Men so fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av kappesnippen for Saul.
It happened afterward, that David's heart struck him, because he had cut off an edge of Saul's robe.
6 Og han sagde med kararne sine: «Aldri i verdi vil Herren at eg skal gjera sovore og leggja hand på herren min som Herren hev salva; for han er den som Herren hev salva.»
He said to his men, "YHWH forbid that I should do this thing to my lord, YHWH's anointed, to put forth my hand against him, since he is YHWH's anointed."
7 David truga kararne sine med strenge ord og gav deim ikkje lov til å falla yver Saul. Men då Saul reis upp og gjekk ut or helleren og skulde fara lenger,
So David restrained his men with these words and did not allow them to rise against Saul. And Saul rose up out of the cave, and went on his way.
8 då reis David og upp, gjekk ut or helleren og ropa etter Saul: «Herre konge!» Då Saul såg seg attende, kasta David seg å gruve på jordi. Han bøygde seg,
Afterward David also arose and went out of the cave, and called after Saul, saying, "My lord the king." When Saul looked behind him, David bowed with his face to the earth, and showed respect.
9 og ropa til Saul: «Kvi høyrer du på det folk segjer, at David lurar på eitkvart ilt mot deg?
David said to Saul, "Why do you listen to men's words, saying, 'Look, David seeks your harm?'
10 Med eigne augo hev du set i dag kor eg sparde deg, endå Herren hadde gjeve deg i mi hand i helleren, og dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparde deg, med di eg tenkte: «Ikkje vil eg leggja hand på herren min; for han er den Herren salva.»
Look, this day your eyes have seen how that YHWH had delivered you today into my hand in the cave, but I refused to kill you, and my eye spared you; and I said, 'I will not put forth my hand against my lord; for he is YHWH's anointed.'
11 Sjå sjølv, far! ja sjå her snippen av kappa di i mi hand! Når eg skar av kappesnippen og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje etlar deg noko ilt eller noko brot, og at eg ikkje hev gjort synd mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
Moreover, my father, look, yes, see the skirt of your robe in my hand; for in that I cut off the skirt of your robe, and did not kill you, know and see that there is neither evil nor disobedience in my hand, and I have not sinned against you, though you hunt for my life to take it.
12 Herren skal døma oss imillom, og Herren skal hemna meg på deg. Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
May YHWH judge between me and you, and may YHWH avenge me of you; but my hand shall not be on you.
13 Det er som det gamle ordtøket segjer: «Frå dei vonde kjem vondskap.» Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
As the proverb of the ancients says, 'Out of the wicked comes forth wickedness;' but my hand shall not be on you.
14 Kven er det Israels konge hev drege ut imot? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund! ei einsleg loppa!
Against whom has the king of Israel come out? Whom do you pursue? After a dead dog, or one flea?
15 Herren skal vera domar og døma oss imillom. Han skal sjå til og føra mi sak, ja døma meg fri frå deg.»
May YHWH therefore be judge and give sentence between me and you. May he see and plead my cause, and deliver me out of your hand."
16 Då David hadde tala ut med Saul, ropa Saul til David: «Er det di røyst dette, David, son min?» Og Saul sette i og gret.
It came to pass, when David had made an end of speaking these words to Saul, that Saul said, "Is this your voice, my son David?" Saul lifted up his voice, and wept.
17 Og han sagde til David: «Retten er på di sida og ikkje på mi. Du hev gjort godt mot meg, medan eg hev gjort ilt mot deg.
He said to David, "You are more righteous than I; for you have done good to me, whereas I have done evil to you.
18 I dag hev du synt kor god du er mot meg, med di du ikkje drap meg, endå Herren hadde gjeve meg i di hand.
And you have declared this day how you have dealt well with me, in that YHWH had delivered me up into your hand and you did not kill me.
19 Når ein råkar uvenen sin, plar ein då lata honom fara i fred? Herren gjeva deg lika for det gode du synte meg i dag!
For if a man finds his enemy, will he let him go away unharmed? Therefore may YHWH reward you good for that which you have done this day.
20 Sjå no skynar eg at du skal verta konge, og at kongedømet yver Israel skal vera fast i di hand.
Now, look, I know that you shall surely be king, and that the kingdom of Israel shall be established in your hand.
21 Men gjer no eid ved Herren at du ikkje vil rydja ut mi ætt etter meg og ikkje strjuka ut namnet mitt or ætti mi!»
Swear now therefore to me by YHWH, that you will not cut off my descendants after me, and that you will not destroy my name out of my father's house."
22 David gjorde den eiden til Saul. So for Saul heim. David og kararne hans drog upp i fjellborgi.
David swore to Saul. Saul went home; but David and his men went up to the stronghold.

< 1 Samuels 24 >