< 1 Peters 5 >

1 Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast: 2 Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug, 3 ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi. 4 Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen. 5 Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 6 So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid! 7 Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk! 8 Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa; 9 statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi! 10 Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk. (aiōnios g166) 11 Honom høyrer magti til i all æva. Amen. (aiōn g165) 12 Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i. 13 Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min. 14 Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!

< 1 Peters 5 >