< 1 Peters 2 >

1 Legg difor av all vondskap og alt svik og hyklarskap og ovund og all baktale, 2 og lengta liksom nyfødde born etter den åndelege, ufalska mjølk, so de kann veksa ved henne til frelsa, 3 so framt de då hev smaka at Herren er god! 4 Kom til honom, den livande steinen, som vel vart vanda av menneskje, men er utvald og dyrverdig for Gud! 5 og vert de sjølve, som livande steinar, uppbygde til eit åndelegt hus, eit heilagt presteskap, til å bera fram åndelege offer til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i skrifti: «Sjå, eg legg i Sion ein hyrnestein, som er utvald og dyrverdig, og den som trur på honom, skal slett ikkje verta til skammar.» 7 Dykk då som trur, høyrer æra til; men for dei vantruande hev den steinen som bygningsmennerne vanda, vorte til hyrnestein og snåvestein og støyteberg, 8 dei som støyter seg med di dei ikkje trur ordet, som dei og var etla til. 9 Men de er ei utvald ætt, eit kongelegt presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos, 10 de som fyrr ikkje var eit folk, men no er Guds folk, de som ikkje hadde funne miskunn, men no hev fenge miskunn. 11 Kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar, at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjæli, 12 og lata dykkar ferd millom heidningarne vera god, so dei, medan dei baktalar dykk som illgjerdsmenner, må sjå dykkar gode gjerningar og for deira skuld prisa Gud på tilsynsdagen! 13 Ver difor all menneskjeleg skipnad undergjevne for Herrens skuld, anten det er kongen som den høgste, 14 eller landshovdingar som utsendingar frå honom til refsing for deim som gjer vondt, men til ros for deim som gjer godt! 15 For soleis er det Guds vilje, at de med å gjera det gode skal målbinda vankunna hjå uvituge menneskje, 16 so som frie, og ikkje slike som hev fridomen til vondskaps skyle, men som Guds tenarar. 17 Æra alle, elska broderlaget, ottast Gud, æra kongen! 18 De tenarar, ver dykkar herrar undergjevne i all age, ikkje berre dei gode og milde, men og dei rangvise! 19 For det finn nåde, um nokon av samvit for Gud toler harmingar som han lid uretteleg. 20 For kva er det for ei ros, um de tek det med tolmod når de syndar og fær refsing for det? Men um de tek det med tolmod når de gjer godt og endå lyt lida, det finn nåde hjå Gud. 21 For til det vart de kalla, av di Kristus og leid for dykk og let etter for dykk eit fyredøme, so de skal fylgja hans fotfar. 22 Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje heller svik i hans munn; 23 han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, ikkje truga ham når han leid, men gav det yver til honom som dømer rettferdigt; 24 han bar synderne våre på likamen sin upp på treet, so me skal døy av frå synderne våre og liva for rettferdi, då de er lækte ved hans sår. 25 For de var villfarande som sauer, men hev no vendt um til hyrdingen og tilsynsmannen for sjælerne dykkar.

< 1 Peters 2 >