< 1 Kongebok 2 >

1 Då det leid til at David skulde døy, gav han Salomo, son sin, fyresegner og sagde:
大卫的死期临近了,就嘱咐他儿子所罗门说:
2 «Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann!
“我现在要走世人必走的路。所以,你当刚强,作大丈夫,
3 Tak vare på alt det som Herren, din Gud, vil du skal taka vare på, so du ferdast på hans vegar og rettar deg etter hans lover og bod og rettar og fyresegner, soleis som det er skrive i Mose lov, so du må fara vist åt i alt det du tek deg fyre, og kvar du vender deg -
遵守耶和华—你 神所吩咐的,照着摩西律法上所写的行主的道,谨守他的律例、诫命、典章、法度。这样,你无论做什么事,不拘往何处去,尽都亨通。
4 so Herren kann halda den lovnad han gav meg og sagde: «Aldri skal du vanta ein ettermann på Israels kongsstol, » sagde han, «er so sønerne dine agtar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i truskap av alt sitt hjarta og heile si sjæl.»
耶和华必成就向我所应许的话说:‘你的子孙若谨慎自己的行为,尽心尽意诚诚实实地行在我面前,就不断人坐以色列的国位。’
5 Du og veit sjølv kva Joab, son åt Seruja, hev gjort imot meg, korleis han bar seg åt mot dei tvo herførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson, at han tok livet av deim og rende ut blod i fredstid plent som det hadde vore krig, og bloda ut beltet um livet sitt og skorne på føterne sine.
你知道洗鲁雅的儿子约押向我所行的,就是杀了以色列的两个元帅:尼珥的儿子押尼珥和益帖的儿子亚玛撒。他在太平之时流这二人的血,如在争战之时一样,将这血染了腰间束的带和脚上穿的鞋。
6 Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen. (Sheol h7585)
所以你要照你的智慧行,不容他白头安然下阴间。 (Sheol h7585)
7 Men sønerne åt Barzillai frå Gilead skal du gjera vel imot; dei skal vera millom deim som et ved bordet ditt; for soleis møtte dei meg den gongen eg laut røma for Absalom, bror din.
你当恩待基列人巴西莱的众子,使他们常与你同席吃饭;因为我躲避你哥哥押沙龙的时候,他们拿食物来迎接我。
8 So hev du hjå deg benjaminiten Sime’i, son åt Gera, frå Bahurim; han lyste ei rysjeleg våbøn yver meg den dagen eg gjekk til Mahanajim; men han kom meg sidan i møte nedmed Jordan, og då svor eg honom til ved Herren at eg ikkje skulde drepa honom med sverd.
在你这里有巴户琳的便雅悯人,基拉的儿子示每;我往玛哈念去的那日,他用狠毒的言语咒骂我,后来却下约旦河迎接我,我就指着耶和华向他起誓说:‘我必不用刀杀你。’
9 Men no må du ikkje lata honom vera ustraffa, for du er ein vis mann, og veit korleis du skal fara åt med honom, so du let dei grå håri hans fara blodute ned i helheimen.» (Sheol h7585)
现在你不要以他为无罪。你是聪明人,必知道怎样待他,使他白头见杀,流血下到阴间。” (Sheol h7585)
10 So Lagde David seg til kvile hjå federne sine; han vart gravlagd i Davidsbyen.
大卫与他列祖同睡,葬在大卫城。
11 I fyrti år hadde David vore konge yver Israel. I Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år.
大卫作以色列王四十年:在希伯 作王七年,在耶路撒冷作王三十三年。
12 Og Salomo sette i kongsstolen åt David, far sin, og kongedømet hans vart ovleg sterkt.
所罗门坐他父亲大卫的位,他的国甚是坚固。
13 Men Adonia, son åt Haggit, gjekk inn til Batseba, mor åt Salomo. Ho spurde då: «Kjem du med fred?» Han svara: «Ja, med fred!»
哈及的儿子亚多尼雅去见所罗门的母亲拔示巴,拔示巴问他说:“你来是为平安吗?”回答说:“是为平安”;
14 So sagde han: «Eg hev ein ting å tala med deg um.» «Ja, tala ut!» svara ho.
又说:“我有话对你说。”拔示巴说:“你说吧。”
15 Då sagde han: «Du veit sjølv at kongedømet høyrde meg til, og at heile Israel vona på meg til konge. Men kongedømet gjekk ifrå meg og til bror min; det vart hans, for di Herren laga det so.
亚多尼雅说:“你知道国原是归我的,以色列众人也都仰望我作王,不料,国反归了我兄弟,因他得国是出乎耶和华。
16 No hev eg ei einaste bøn til deg - vis meg ikkje burt.» Ho sagde til honom: «Tala ut!»
现在我有一件事求你,望你不要推辞。”拔示巴说:“你说吧。”
17 Då sagde han: «Seg du til kong Salomo - for deg viser han ikkje burt - at han skal gjeva meg Abisag frå Sunem til kona!»
他说:“求你请所罗门王将书念的女子亚比煞赐我为妻,因他必不推辞你。”
18 Batseba svara: «Godt, eg skal tala til kongen um deg.»
拔示巴说:“好,我必为你对王提说。”
19 So gjekk Batseba inn til kong Salomo og vilde tala med honom um Adonia. Kongen reis upp, gjekk til møtes med henne og bøygde seg for henne, og han sette seg atter i kongsstolen sin. Dei laga til eit sæte for kongsmori, og ho sette seg attmed honom på høgre sida.
于是,拔示巴去见所罗门王,要为亚多尼雅提说;王起来迎接,向她下拜,就坐在位上,吩咐人为王母设一座位,她便坐在王的右边。
20 So sagde ho: «Eg hev ei einaste liti bøn til deg; seg ikkje nei!» Og kongen sagde til henne: «Kom fram med bøni di, mor! Eg skal ikkje visa deg burt.»
拔示巴说:“我有一件小事求你,望你不要推辞。”王说:“请母亲说,我必不推辞。”
21 Då sagde ho: «Lat Adonia, bror din, få Abisag frå Sunem til kona!»
拔示巴说:“求你将书念的女子亚比煞赐给你哥哥亚多尼雅为妻。”
22 Men kong Salomo svara og sagde til mor: «Kvi bed du nettupp um Abisag frå Sunem åt Adonia? Bed heller um kongedømet åt honom - for han er då eldste bror min - ja, både åt honom og åt presten Abjatar og åt Joab Serujason.»
所罗门王对他母亲说:“为何单替他求书念的女子亚比煞呢?也可以为他求国吧!他是我的哥哥,他有祭司亚比亚他和洗鲁雅的儿子约押为辅佐。”
23 Og kong Salomo svor ved Herren og sagde: «Herren late meg bøta både no og sidan, um ikkje Adonia skal få bøta med livet sitt, for di han hev tala dette!
所罗门王就指着耶和华起誓说:“亚多尼雅这话是自己送命,不然,愿 神重重地降罚与我。
24 So sant Herren liver, han som hev gjeve meg ein stød sess i kongsstolen åt David, far min, og som etter lovnaden sin hev reist meg eit kongehus, so skal Adonia døy i denne dag!»
耶和华坚立我,使我坐在父亲大卫的位上,照着所应许的话为我建立家室;现在我指着永生的耶和华起誓,亚多尼雅今日必被治死。”
25 Og kong Salomo sende i veg Benaja Jojadason. Han slo honom ned, og han døydde.
于是所罗门王差遣耶何耶大的儿子比拿雅,将亚多尼雅杀死。
26 Til presten Abjatar sagde kongen: «Gakk til Anatot, til garden din! for du er ein daudedømd mann! men nettupp i dag vil eg ikkje taka livet ditt, etter di du hev bore Herrens, Herrens kista framfyre David, far min, og etter di du hev lide med i alt som far min laut lida.»
王对祭司亚比亚他说:“你回亚拿突归自己的田地去吧!你本是该死的,但因你在我父亲大卫面前抬过主耶和华的约柜,又与我父亲同受一切苦难,所以我今日不将你杀死。”
27 So jaga Salomo Abjatar burt og let honom ikkje lenger vera Herrens prest, so det skulde sannast det som Herren hadde sagt um ætti åt Eli i Silo.
所罗门就革除亚比亚他,不许他作耶和华的祭司。这样,便应验耶和华在示罗论以利家所说的话。
28 Då Joab, som hadde halde lag med Adonia, endå han ikkje hadde gjenge saman med Absalom, frette dette, rømde han inn i Herrens tjeld og fata um altarhorni.
约押虽然没有归从押沙龙,却归从了亚多尼雅。他听见这风声,就逃到耶和华的帐幕,抓住祭坛的角。
29 Men då kong Salomo fekk vita at Joab hadde rømt til Herrens tjeld, og at han stod innmed altaret, sende Salomo Benaja Jojadason i veg og sagde: «Gakk av stad og slå honom ned!»
有人告诉所罗门王说:“约押逃到耶和华的帐幕,现今在祭坛的旁边。”所罗门就差遣耶何耶大的儿子比拿雅,说:“你去将他杀死。”
30 Då no Benaja kom til Herrens tjeld, sagde han til honom: «So segjer kongen: «Gakk ut!»» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.» Og Benaja melde svaret til kongen og sagde: «So hev Joab sagt, og so hev han svara meg.»
比拿雅来到耶和华的帐幕,对约押说:“王吩咐说,你出来吧!”他说:“我不出去,我要死在这里。”比拿雅就去回复王,说约押如此如此回答我。
31 Kongen sagde til honom: «Gjer som han hev sagt, slå honom ned og få honom i jordi, og fria soleis meg og farshuset mitt frå det skuldlause blodet som Joab hev rent ut!
王说:“你可以照着他的话行,杀死他,将他葬埋,好叫约押流无辜人血的罪不归我和我的父家了。
32 Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.
耶和华必使约押流人血的罪归到他自己的头上;因为他用刀杀了两个比他又义又好的人,就是以色列元帅尼珥的儿子押尼珥和犹大元帅益帖的儿子亚玛撒,我父亲大卫却不知道。
33 Ja, blodet deira skal koma att yver hovudet åt Joab og avkjømet hans i all æva. Men David og hans avkjøme og huset og kongsstolen hans skal Herren gjeva fred i all æva.»
故此,流这二人血的罪必归到约押和他后裔的头上,直到永远;惟有大卫和他的后裔,并他的家与国,必从耶和华那里得平安,直到永远。”
34 Benaja Jojadason gjekk so upp og slo honom ned og tok livet av honom, og han vart jorda attmed huset sitt i øydemarki.
于是耶何耶大的儿子比拿雅上去,将约押杀死,葬在旷野约押自己的坟墓里。
35 Og kongen sette Benaja Jojadason i hans stad yver heren, og sette presten Sadok i romet etter Abjatar.
王就立耶何耶大的儿子比拿雅作元帅,代替约押,又使祭司撒督代替亚比亚他。
36 Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad.
王差遣人将示每召来,对他说:“你要在耶路撒冷建造房屋居住,不可出来往别处去。
37 For det skal du vita, at den dagen du gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy. Då skal blodet ditt koma yver hovudet ditt.»
你当确实地知道,你何日出来过汲沦溪,何日必死!你的罪必归到自己的头上。”
38 Og Sime’i sagde til honom: «Godt; som min herre kongen hev sagt, soleis skal tenaren din gjera.» Og Sime’i budde no i Jerusalem ei tid frametter.
示每对王说:“这话甚好!我主我王怎样说,仆人必怎样行。”于是示每多日住在耶路撒冷。
39 So hende det, då tri år var farne, at tvo av trælarne hjå Sime’i rømde til Akis Ma’akason, kongen i Gat. Og då Sime’i frette at trælarne hans var i Gat,
过了三年,示每的两个仆人逃到迦特王玛迦的儿子亚吉那里去。有人告诉示每说:“你的仆人在迦特。”
40 sala han asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter deim; Sime’i tok i veg og fekk trælarne sine med seg heim frå Gat.
示每起来,备上驴,往迦特到亚吉那里去找他的仆人,就从迦特带他仆人回来。
41 Då no Salomo fekk tiend um at Sime’i var faren ut or Jerusalem og til Gat og var komen att,
有人告诉所罗门说:“示每出耶路撒冷往迦特去,回来了。”
42 sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Hev eg ikkje teke ein eid av deg ved Herren og åtvara deg og sagt: «Det skal du vita, at den dagen du gjeng ut og fer nokon stad av, skal du døy?» Og du sagde: «Det er godt; eg hev høyrt det.»
王就差遣人将示每召了来,对他说:“我岂不是叫你指着耶和华起誓,并且警戒你说‘你当确实地知道,你哪日出来往别处去,那日必死’吗?你也对我说:‘这话甚好,我必听从。’
43 Kvi hev du då ikkje agta på eiden din ved Herren, og den fyresegn eg gav deg?»
现在你为何不遵守你指着耶和华起的誓和我所吩咐你的命令呢?”
44 Og kongen heldt fram og sagde til Sime’i: «Du veit sjølv alt det vonde du hev gjort David, far min; hjarta ditt kjenner det. Herren skal no lata vondskapen din koma att yver ditt eige hovud.
王又对示每说:“你向我父亲大卫所行的一切恶事,你自己心里也知道,所以耶和华必使你的罪恶归到自己的头上;
45 Men kong Salomo skal verta velsigna, og Davids kongsstol standa fast for Herrens åsyn i all æva.»
惟有所罗门王必得福,并且大卫的国位必在耶和华面前坚定,直到永远。”
46 Etter bod frå kongen gjekk so Benaja Jojadason ut og hogg honom ned, og han døydde. Og Salomo heldt kongedømet med endå fastare hand.
于是王吩咐耶何耶大的儿子比拿雅,他就去杀死示每。这样,便坚定了所罗门的国位。

< 1 Kongebok 2 >