< 1 Korintierne 9 >

1 Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren? 2 Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det då for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embætte i Herren. 3 Dette er mitt forsvar mot deim som dømer meg. 4 Hev me ikkje rett til å eta og drikka? 5 Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona liksom og dei andre apostlar og Herrens brør og Kefas? 6 Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida? 7 Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti hans? Eller kven føder ei hjord og et ikkje av mjølki frå hjordi? 8 Talar eg dette berre etter menneskjevis, eller segjer ikkje lovi og dette? 9 For i Mose lov stend det skrive: «Du skal ikkje setja muleband på ein ukse når han treskjer.» Er det uksane Gud hev umsut for, 10 eller segjer han det berre for vår skuld? For det er for vår skuld det er skrive, at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut. 11 Hev me sått for dykk dei åndelege ting, er det då noko stort um me haustar dykkar timelege ting? 12 Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten, me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. 13 Veit de ikkje, at dei som gjer tenesta med det heilage, fær føda av heilagdomen? dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret? 14 Soleis hev og Herren skipa det so for deim som forkynner evangeliet, at dei skal liva av evangeliet. 15 Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor, at det skal verta so med meg; for det var betre for meg å døy, enn at nokon skulde gjera mi ros til inkjes. 16 For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg; ja, usæl eg, um eg ikkje forkynner evangeliet! 17 For um eg gjer dette godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det uviljugt, so er det då eit hushald som er meg yverlate. 18 Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet. 19 For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste. 20 Og eg hev vorte som ein jøde for jødarne, so eg kann vinna jødar; for deim under lovi, som eg var under lovi - endå eg ikkje er under lovi - so eg kann vinna deim som er under lovi; 21 for deim som er utan lov, som om eg var utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov. 22 For dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre. 23 Men alt gjer eg for evangeliet skuld, for at eg skal få lut i det. 24 Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom! 25 Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg. 26 So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret. 27 Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.

< 1 Korintierne 9 >