< 1 Korintierne 6 >

1 Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage? 2 Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker? 3 Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting? 4 Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden! 5 Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin? 6 Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar. 7 Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil? 8 Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør! 9 Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi, 10 eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike. 11 Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande. 12 Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg. 13 Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen. 14 Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft. 15 Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.» 17 Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom. 18 Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam. 19 Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne? 20 For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!

< 1 Korintierne 6 >