< 1 Krønikebok 22 >

1 Og David sagde: «Her skal huset åt Herren Gud standa, og her skal altaret for Israels brennoffer vera.» 2 Og David sende bod at dei skulde samla dei framande som var i Israels land, og han sette steinhoggarar til å hogga steinar til byggjevyrke åt Guds hus. 3 Og David rådde seg nøgdi av jarn til spikar i portdørerne og til kjengar, og ei slik ovmengd med kopar at han var uvegande, 4 og cedertre i uteljande mengd; for Sidon- og Tyrus-buarne førde nøgdi av cedertre til David. 5 For David tenkte: «Salomo, son min, er ung og kløkk; men huset som skal byggjast åt Herren, bør vera ovstort, so det kann verta til gjetord og æra i alle land. Difor vil eg få til vegar vyrke åt honom.» So rådde David seg ei nøgd med vyrke fyrr han døydde. 6 So kalla han til seg Salomo, son sin, og bad honom byggja eit hus åt Herren, Israels Gud. 7 Og David sagde til Salomo, son sin: «Eg hadde sjølv tenkt meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud. 8 Men Herrens ord kom til meg soleis: «Du hev rent ut mykje blod og gjort store herferder; du skal ikkje byggja eit hus åt namnet mitt; for du hev rent ut so mykje blod på jordi for mi åsyn. 9 Men du skal få ein son; han skal verta ein fredsæl mann; og eg skal lata honom få fred for alle fiendarne sine rundt ikring; for Salomo skal vera namnet hans, og eg skal lata fred og ro liggja yver Israel i hans dagar. 10 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans. Og eg skal grunnfesta kongsstolen hans yver Israel i all æva.» 11 Herren vere no med deg, son min! Du have lukka med deg, so du fær byggja huset åt Herren din Gud, soleis som han hev tala um deg. 12 Berre Herren vil gjeva deg visdom og skyndsemd, når han set deg yver Israel, og hjelpa deg til å halda lovi frå Herren, din Gud, 13 so skal du hava lukka med deg, um du kjem i hug å liva etter dei bodi og loverne som Herren hev bode Moses leggja på Israel. Ver sterk og stød; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. 14 Og trass i all mi naud hev eg no fenge fram til Herrens hus eit hundrad tusund talent gull og tusund gonger tusund talent sylv, og dertil meir kopar og jarn enn ein kann vega; so mykje er det; trevyrke og stein hev eg og rådt meg, og meir må du sjølv leggja attåt. 15 Arbeidsfolk hev du og nøgdi av, håndverkarar, steinhoggarar og timbremenner, og dertil allslags folk som er hage til alt anna arbeid. 16 Gullet, sylvet, koparen og jarnet kann ein ikkje halda rekning på. Upp då og tak fatt på verket, og Herren vere med deg!» 17 Deretter baud David alle hovdingarne i Israel hjelpa Salomo, son hans, og sagde: 18 «Herren, dykkar Gud, er då med dykk og hev gjeve dykk ro på alle sidor; for han hev gjeve i mi hand deim som fyrr budde i landet, og det er lagt under Herren og hans folk. 19 So vend no dykkar hjarta og hug til å søkja Herren dykkar Gud, og tak til og bygg Herren Guds heilagdom, so de kann få føra Herrens sambandskista og alt det andre som høyrer til Guds heilagdom, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn.»

< 1 Krønikebok 22 >