< 1 Krønikebok 14 >

1 Og Hiram, kongen i Tyrus, sende folk til David med cedertre, og dessutan murarar og timbremenner til å byggja eit hus åt honom. 2 Og David skyna at Herren hadde stadfest honom til konge yver Israel; for han hadde lyft kongedømet høgt for sitt folk Israel skuld. 3 Og David tok seg endå fleire konor i Jerusalem, og David fekk endå fleire søner og døtter. 4 Dette er namni på dei sønerne han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab, Natan og Salomo, 5 Jibhar og Elisua og Elpelet 6 og Nogah og Nefeg og Jafia 7 og Elisama og Be’eljada og Elifelet. 8 Men då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, tok dei ut alle saman og skulde leita etter David. Då David fekk høyrde det, for han ut imot deim. 9 Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen. 10 Då spurde David Gud: «Skal eg draga upp imot filistarane? Vil du då gjeva deim i mi hand?» Herren svara: «Drag upp, eg vil gjeva deim i di hand.» 11 Og dei tok ut til Ba’al-Perasim, og der vann David yver deim. Då sagde David: «Gud hev brote igjenom fiendarne mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom.» Difor fekk den staden namnet Ba’al-Perasim. 12 Dei let etter seg gudarne sine der, og David sagde at dei skulde brennast upp. 13 Men filistarane kom endå ein gong og spreidde seg utyver i dalen. 14 Då so David spurde Gud att, svara Gud honom: «Du skal ikkje fara imot deim; kringsett deim attanfrå, so du kjem yver deim ifrå den sida der bakatrei stend! 15 So snart som du då høyrer ljoden av stig i toppen på bakatrei, skal du leggja ut i strid; for då fer Gud fyre deg og vil slå filistarheren.» 16 Og David gjorde som Gud hadde bode honom, og dei slo filistarheren og sette etter deim alt ifrå Gibeon og til Gezer. 17 Og gjetordet um David gjekk yver alle land, og Herren let det koma rædsla for honom yver alle folki.

< 1 Krønikebok 14 >