< Dommernes 9 >

1 Og Abimelek, Jerubba'als sønn, drog til Sikem, til sin mors brødre; og han talte til dem og til hele sin morfars slekt og sa:
Abimelek, son åt Jerubba’al, for til Sikem, til morbrørne sine, og tala med deim og med alt morfolket sitt:
2 Tal til alle Sikems menn og si: Hvad er best for eder, at sytti menn, alle Jerubba'als sønner, hersker over eder, eller at én mann hersker over eder? Og kom i hu at jeg er av samme kjød og blod som I!
«Kjære dykk, » sagde han, «tala til alle Sikems-mennerne, og seg: «Kva er best for dykk: at sytti mann, alle sønerne åt Jerubba’al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk?» Og kom so i hug at me er same folket!»
3 Da sa hans mors brødre alt dette om ham til alle Sikems menn; og deres hu vendte sig til Abimelek, for de tenkte: Han er jo vår bror.
Då tala morbrørne hans um honom for alle borgarane i Sikem, og sagde alt dette; og hugen drog deim til Abimelek. «Han er ein av våre!» sagde dei.
4 Så gav de ham sytti sekel sølv fra Ba'al-Berits tempel; for dem leide Abimelek nogen løse og frekke menn, og de fulgte ham.
So gav dei honom sytti lodd sylv av tempelskatten åt Sambands-Ba’al. For deim leigde Abimelek nokre lause uvyrdne karar, og dei fylgde honom kvar han gjekk.
5 Og han kom til sin fars hus i Ofra og slo ihjel sine brødre, Jerubba'als sønner, sytti mann på én sten; men Jotam, Jerubba'als yngste sønn, blev igjen, for han hadde skjult sig.
So for han til huset åt far sin i Ofra, og drap brørne sine, sønerne åt Jerubba’al, sytti mann på ein stein; berre Jotam, den yngste sonen åt Jerubba’al, vart att; han hadde fenge løynt seg.
6 Da samlet alle Sikems menn sig og alle de som bodde i Millo, og de gikk avsted og gjorde Abimelek til konge ved minnesmerkets ek i Sikem.
Då samla dei seg, alle borgarane i Sikem og alt folket i Millo, og dei drog ut og valde Abimelek til konge under Minnesteinseiki ved Sikem.
7 Da Jotam fikk vite dette, gikk han op på toppen av Gerisim-fjellet; der stod han og ropte høit og sa til dem: Hør på mig, I Sikems menn! Så skal Gud høre på eder.
Då Jotam fekk spurt det, steig han upp på toppen av Gerizimfjellet; der stod han, og ropa til deim og sagde: «Høyr på meg, Sikems-menner, so sant de vil at Gud skal høyra på dykk!
8 Det hendte engang at trærne vilde salve sig en konge, og de sa til oljetreet: Vær konge over oss!
Det var ein gong trei vilde kåra seg ein konge. Dei sagde til oljetreet: «Du skal vera kongen vår!»
9 Men oljetreet sa til dem: Skulde jeg gi avkall på min fedme, som Gud og mennesker ærer mig for, og gi mig til å svaie over trærne?
Men oljetreet svara: «Skulde eg missa oljen min, som gudar og menneskje ærar meg for, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
10 Da sa trærne til fikentreet: Kom du og vær konge over oss!
Då sagde dei til fiketreet: «Kom du og ver kongen vår!»
11 Men fikentreet sa til dem: Skulde jeg gi avkall på min sødme og min gode frukt og gi mig til å svaie over trærne?
Og Fiketreet svara: «Skulde eg missa søtleiken min og den gode frukti mi, og gjeva meg til å svaga at og fram yver skogen?»
12 Da sa trærne til vintreet: Kom du og vær konge over oss!
So sagde dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!»
13 Men vintreet sa til dem: Skulde jeg gi avkall på min most, som gleder Gud og mennesker, og gi mig til å svaie over trærne?
Vintreet svara: «Skulde eg missa safti mi, som gjer gudar og menneskje glade, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
14 Da sa alle trærne til tornebusken: Kom du og vær konge over oss!
Då sagde alle trei til klungeren: «Kom so du og ver kongen vår!»
15 Og tornebusken sa til trærne: Dersom det er eders opriktige mening at I vil salve mig til konge over eder, da kom og søk ly i min skygge! Men hvis ikke, da skal det utgå ild fra tornebusken og fortære Libanons sedertrær.
«Er det ålvor at de vil kåra meg til konge, » sagde klungeren, «so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda cedrarne på Libanon.»
16 Så hør nu: Dersom I har gått opriktig og ærlig frem ved å gjøre Abimelek til konge, og dersom I har gjort vel imot Jerubba'al og hans hus, og dersom I har gjengjeldt ham det han gjorde
Hev no de fare truge og ærleg fram med di de hev teke Abimelek til konge, og hev de gjort vel mot Jerubba’al og ætti hans, og hev de gjort lika for det han gjorde,
17 dengang min far stred for eder og vågde sitt liv og frelste eder av midianittenes hånd
då han, far min, stridde for dykk, og våga livet, og berga dykk frå midjanitarne
18 - men I har idag reist eder imot min fars hus og slått ihjel hans sønner, sytti mann på én sten, og gjort hans trælkvinnes sønn, Abimelek, til konge over Sikems menn, fordi han er eders bror -
- og endå hev de no reist dykk mot ætti åt far min, og drepe sønerne hans, sytti mann på ein stein, og gjort Abimelek, son åt terna hans, til konge yver Sikems-buarne, for di han er skyld dykk -
19 dersom I nu idag har gått opriktig og ærlig frem imot Jerubba'al og hans hus, da gled eder over Abimelek, og da glede også han sig over eder!
hev de no i dag fare truge og ærleg fram mot Jerubba’al og ætti hans, so gjev de må få gleda av Abimelek, og gjev han må få gleda av dykk!
20 Men hvis ikke, da gå det ut ild fra Abimelek og fortære Sikems borgere og dem som bor i Millo, og ild fra Sikems menn og fra dem som bor i Millo, og fortære Abimelek.
Men hev de ikkje det, so gjev det må fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-buarne og Millo-folket, og gjev det må fara eld ut frå Sikems-buarne og Millo-folket, og tyna Abimelek!»
21 Så tok Jotam flukten, og han undkom og drog til Be'er; der slo han sig ned, så han kunde være i sikkerhet for sin bror Abimelek.
So rømde Jotam, og kom seg undan; sidan for han til Be’er, og der slo han seg ned, so Abimelek, bror hans, ikkje kunde nå i honom.
22 Abimelek regjerte over Israel i tre år.
I tri år rådde Abimelek i Israel.
23 Da sendte Gud en ond ånd, som satte splid mellem Abimelek og Sikems menn, og Sikems menn falt fra Abimelek.
Då sende Gud ei vond ånd som sette ilt millom Abimelek og Sikems-mennerne, og Sikems-mennerne sveik Abimelek;
24 Dette skjedde forat voldsgjerningen mot Jerubba'als sytti sønner skulde komme over Abimelek og deres blod hevnes på ham, deres bror, som hadde slått dem ihjel, og på Sikems menn, som hadde støttet ham, så han kunde slå sine brødre ihjel.
for Gud vilde at valdsverket mot dei sytti sønerne åt Jerubba’al skulde hemnast, og blodet deira koma yver Abimelek, bror deira, som hadde drepe deim, og yver Sikems-mennerne, som hadde gjeve honom magt til å drepa brørne sine.
25 Og Sikems menn la folk på lur mot ham øverst oppe på fjellene, og de plyndret enhver som drog forbi dem på veien; dette blev sagt Abimelek.
Sikems-mennerne sette ut vaktmenner på fjelltindarne, som skulde halda auga med Abimelek, og røva alle som for framum der på vegen, og Abimelek fekk vita det.
26 Så kom Ga'al, Ebeds sønn, og hans brødre og drog inn i Sikem; og Sikems menn satte lit til ham.
Ved det leitet kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flutte inn i Sikem, og Sikems-mennerne sette lit til honom.
27 De gikk ut på marken og høstet sine vingårder og perset druene og holdt gledesfest; så gikk de inn i sin guds hus og åt og drakk og bante Abimelek.
Dei gjekk ut på marki, og hausta vinhagarne sine og persa druvorne; so heldt dei takkehøgtid, og gjekk inn i templet åt guden sin, og åt og drakk og banna Abimelek.
28 Og Ga'al, Ebeds sønn, sa: Hvem er Abimelek, og hvad er Sikem, at vi skulde tjene ham? Er han ikke Jerubba'als sønn, og Sebul hans foged? Tjen de menn som stammer fra Hemor, Sikems far! Men hvorfor skulde vi tjene denne?
Og Ga’al Ebedsson sagde: «Er Abimelek slik mann, og sikemitarne slike folk, at me skulde vera tenarane hans? Hev’kje son åt Jerubba’al og Zebul, futen hans, tent ætti åt Hemor, den gamle Sikems-kongen? Men kvi skulde me so tena honom mannen.
29 Hadde jeg bare dette folk i min hånd, så skulde jeg nok få Abimelek bort. Og han sa: Øk din hær, Abimelek, og dra ut!
Gjev eg hadde hand yver dette folket, so skulde eg snart få Abimelek or vegen. Auka heren din, Abimelek, og kom!» kytte han.
30 Da Sebul, byens høvedsmann, hørte hvad Ga'al, Ebeds sønn, hadde sagt, optendtes hans vrede,
Då Zebul, byhovdingen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han harm;
31 og han sendte hemmelig bud til Abimelek og lot si: Ga'al, Ebeds sønn, og hans brødre er kommet til Sikem, og de egger byen op imot dig.
han sende i løynd bod til Abimelek og sagde: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem, og øser upp byen mot deg.
32 Bryt nu op ved nattetid med de folk du har hos dig, og legg dig i bakhold på marken,
Tak no i vegen nattars tid med det folket du hev hjå deg, og legg deg på lur på marki;
33 og tidlig imorgen, så snart solen står op, bryt da frem og overfall byen! Da vil han og de folk han har hos sig, dra ut mot dig, og du kan gjøre med ham som du får leilighet til.
og når det dagast, og soli sprett, so brjot upp og renn fram imot byen; då fer Ga’al og folket hans ut imot deg, og du kann gjera med honom som du fær høve til.»
34 Så brøt Abimelek op om natten med alle de folk han hadde hos sig, og de la sig i bakhold mot Sikem i fire hoper.
So tok Abimelek ut um natti med alle dei folki han hadde hjå seg, og dei lagde seg på lur mot Sikem i fire flokkar.
35 Nu kom Ga'al, Ebeds sønn, ut og stilte sig i byporten, og Abimelek og de folk han hadde hos sig, brøt frem fra bakholdet.
No bar det so til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i same bilet som Abimelek og folki hans braut fram frå løynlega.
36 Da Ga'al så folkene, sa han til Sebul: Se, det kommer folk ned fra fjelltoppene! Men Sebul sa til ham: Det er skyggen av fjellene du tar for folk.
Ga’al såg deim, og sagde til Zebul: «Sjå! Det kjem folk ned frå fjelltindarne!» «Det er skuggen av fjelli som du tek for folk, » svara Zebul.
37 Men Ga'al sa atter: Jo, det kommer folk ned fra midtfjellet, og én hop kommer på veien som fører til trollmanns-eken.
Men Ga’al heldt på og tala: «Sjå der kjem det folk ned frå Midhø’i, » sagde han, «og ein flokk kjem etter den vegen som ber til Trollmanneiki.»
38 Da sa Sebul til ham: Hvor er nu dine store ord, du som sa: Hvem er Abimelek, at vi skulde tjene ham? Der er jo de folk du foraktet! Gå nu ut og strid imot dem!
Då sagde Zebul: «Kvar er no dei store ordi dine, du som sagde: «Er Abimelek slik mann at me skulde vera tenarane hans?» Sjå her er dei folki som du vyrde so lite! Drag no ut, og strid imot deim!»
39 Da drog Ga'al ut, og Sikems menn fulgte ham, og de stred imot Abimelek.
Då drog Ga’al ut med Sikems-mennerne i fylgje, og stridde mot Abimelek.
40 Men Abimelek slo ham på flukt og forfulgte ham, og det blev et stort mannefall helt bort til byporten.
Men Abimelek vann yver honom, og jaga han fyre seg, og det vart eit stort mannefall heilt burtåt byporten.
41 Og Abimelek gav sig til i Aruma, og Sebul drev Ga'al og hans brødre bort, så de ikke blev boende lenger i Sikem.
Sidan gav Abimelek seg til i Aruma, og Zebul dreiv Ga’al og brørne hans burt; dei måtte ikkje vera i Sikem.
42 Den næste dag gikk folket ut på marken; det fikk Abimelek vite.
Dagen etter skulde Sikems-folket ut på marki. Det fekk Abimelek vita;
43 Da tok han og delte sine folk i tre hoper og la sig i bakhold på marken; og da han så at folket kom ut av byen, rykket han imot dem og slo dem.
då tok han og bytte mannskapet sitt i tri flokkar, og lagde seg på lur på marki, og då han såg at folket kom ut or byen, sette han på deim og hogg deim ned.
44 Abimelek og de hoper som var med ham, overfalt byen og stilte sig i porten, og de to hoper overfalt alle dem som var på marken, og slo dem.
Sjølv sprang han fram, og tok støde ved byporten med den flokken som fylgde honom, og dei hine tvo flokkarne rende på alle deim som var ute på marki, og slo deim i hel.
45 Og Abimelek stred imot byen hele den dag og inntok byen, og folket som var der, slo han ihjel; og han rev byen ned og strødde salt over den.
Abimelek kringsette byen heile den dagen, og tok honom, og drap folket som var der; byen reiv han ned, og strådde tufti med salt.
46 Da mennene i Sikems borg hørte det, gikk de alle inn i tårnet som hørte til El-Berits tempel.
Då folket i Sikemsborgi høyrde det, gjekk dei alle inn i tempelbygningen åt Sambands-Ba’al.
47 Så snart det blev meldt Abimelek at alle mennene i Sikems borg hadde samlet sig,
So snøgt som Abimelek fekk vita at alt folket i Sikemsborgi hadde flokka seg i hop på ein stad,
48 gikk han op på Salmon-fjellet med alle de folk han hadde hos sig. Han tok en øks i hånden og hugg grener av trærne, tok dem op, la dem på skulderen og sa til de folk som var med ham: Skynd eder og gjør like ens som I så jeg gjorde!
gjekk han med alle mennerne sine upp på Salmonfjellet. Han tok øksi si i hand, og hogg greiner av trei, tok deim upp, lagde deim på herdi, og sagde til mennerne sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg eg gjorde!»
49 Da hugg alle folkene også hver sin bør med grener og gikk efter Abimelek; så la de grenene opefter tårnet og satte med dem ild på tårnet. Således omkom alle innbyggerne i Sikems borg, omkring tusen, menn og kvinner.
Då hogg alle mennerne og kvar si byrd med kvist og fylgde etter honom. So lagde dei veden uppetter tempelbygningen, og sette med den eld på bygningen. Soleis umkomst alt folket i Sikemsborgi, um lag tusund menner og kvinnor.
50 Derefter drog Abimelek til Tebes, og han kringsatte byen og inntok den.
Sidan gjekk Abimelek mot Tebes; den byen kringsette han og tok.
51 Midt i byen var det et fast tårn; dit flyktet alle menn og kvinner, alle borgerne i byen, og de stengte efter sig og steg op på tårnets tak.
Inni byen var det eit fast tårn; dit rømde alle menner og kvinnor, alt folket i byen, og dei stengde etter seg og gjekk upp på taket.
52 Så kom Abimelek til tårnet og kringsatte det; han gikk nær til tårnets inngang for å sette ild på det.
Då Abimelek kom til tårnet, kringsette han det; so gjekk han fram til porten og vilde setja eld på.
53 Da var det en kvinne som kastet en kvernsten ned på hans hode og knuste hans hjerneskall.
Då var det ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på hovudet hans, so hausen brotna.
54 Abimelek ropte i hast på svennen som bar hans våben, og sa til ham: Dra ditt sverd og drep mig, så de ikke skal si om mig: En kvinne slo ham ihjel! Så stakk svennen sverdet igjennem ham og han døde.
Abimelek ropa svint på sveinen som bar våpni hans, og sagde: «Drag sverdet ditt, og drep meg, so det ikkje skal segjast at ei kvinna slo meg i hel!» Då stakk sveinen sverdet gjenom honom, og han døydde.
55 Da nu Israels menn sa at Abimelek var død, gikk de hver hjem til sitt.
Og då Israels-mennerne såg at han var slokna, gjekk kvar heim til sitt.
56 Således gjengjeldte Gud all den ondskap som Abimelek gjorde mot sin far dengang han slo sine sytti brødre ihjel.
Soleis hemnde Gud den ugjerningi Abimelek gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.
57 Og all den ondskap som Sikems menn hadde gjort, lot Gud komme tilbake over deres hode, og Jotams, Jerubba'als sønns forbannelse rammet dem.
Og alt det vonde Sikems-mennerne hadde gjort, let Gud koma attyver deim; den våbøni Jotam Jerubba’alsson hadde lyst, fekk dei sanna.

< Dommernes 9 >