< Esaias 28 >

1 Ve Efra'ims drukne menns stolte krone og den falmende blomst, hans fagre pryd, som troner over den fete dal, der de ligger drukne av vin.
Usæl den stolte kruna åt dei drukne i Efraim og den folnande blomen, den fagre prydnad som brikjer yver den feite dalen, der dei ligg dauddrukne av vin.
2 Se, Herren sender en som er sterk og veldig, lik en haglskur, en ødeleggende storm; som en flom av mektige, overstrømmende vann slår han alt til jorden med makt.
Sjå, ein sterk og veldug sender Herren, lik ein hagleling, ein øydande storm, lik eit fløde av velduge, yverfløymande vatn, som slær alt til jordi med magt.
3 Med føtter skal den tredes ned, Efra'ims drukne menns stolte krone,
Med føter skal ho verta nedtrakka, den stolte kruna åt dei drukne i Efraim!
4 og med den falmende blomst, hans fagre pryd, som troner over den fete dal, skal det gå som med den fiken som er moden før sommeren er der: Så snart en ser den, sluker han den, mens den ennu er i hans hånd.
Og den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen, skal verta som den tidlege fika, fyrr sumaren er komen - so snart ein ser henne, so set ein henne til livs medan ein endå held henne i handi.
5 På den tid skal Herren, hærskarenes Gud, være en fager krone og en herlig krans for resten av sitt folk,
På den dagen vert Herren, allhers drott, ei fager krune og ein storgild krans for leivningen av sitt folk,
6 og en doms ånd for den som sitter til doms, og styrke for dem som driver krigen tilbake til porten.
og ei doms ande for deim som sit til doms, og styrke for deim som driv krigen attende til porten.
7 Men også de som er her, raver av vin og tumler av sterk drikk; prest og profet raver av sterk drikk, er overveldet av vin, tumler av sterk drikk; de raver i sine syner, vakler i sine dommer;
Men ogso desse ragar av vin og skjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, skjanglar av sterk drykk. Dei ragar i syni, dei skjanglar i domen;
8 for alle bord er fulle av vemmelig spy, det finnes ikke en ren flekk.
for alle bordi er fulle av ufyselegt spy, det finst ikkje ein rein flekk.
9 Hvem vil han lære kunnskap, og hvem vil han få til å forstå budskap? Er det barn som nettop er avvent fra melken, tatt bort fra brystet?
«Kven er det han vil læra, og kven er det han vil få til å høyra på seg? Er det born som nett er avvande, tekne frå brjostet?
10 For bud på bud, bud på bud, regel på regel, regel på regel, litt her, litt der.
For gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her og noko der fer han med.»
11 Ja, ved folk med stammende leber og i et annet tungemål skal han tale til dette folk,
Ja vel, med stamande lippor og i eit framandt tungemål skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dem: Dette er ro, unn den mødige ro, og dette er hvile. Men de vilde ikke høre.
han som sagde til deim: «Dette er ro, lat den trøytte få kvila, og dette er kvila.» Men dei vilde’kje høyra.
13 Så skal da Herrens ord bli dem bud på bud, bud på bud, regel på regel, regel på regel, litt her, litt der, så de skal gå og falle baklengs og knuses og bindes og fanges.
So skal då Herrens ord verta deim gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her, noko der, so dei skal ganga og detta baklenges og verta sundbrotne og bundne og fanga.
14 Derfor hør Herrens ord, I spottere, I som hersker over folket her i Jerusalem!
Difor, høyr Herrens ord, de spottarar, de herrar yver dette folket som er i Jerusalem!
15 Fordi I sier: Vi har gjort en pakt med døden og et forbund med dødsriket; når den susende svepe farer frem, skal den ikke nå oss; for vi har gjort løgn til vår tilflukt og svik til vårt skjul - (Sheol h7585)
For de segjer: «Me hev gjort ein avtale med dauden og eit samband med helheimen; når den susande svipa fer fram, skal ho ikkje nå oss; for me hev gjort lygni til livd og svikråd til skjol.» (Sheol h7585)
16 derfor sier Herren, Israels Gud, så: Se, jeg har lagt i Sion en grunnsten, en prøvet sten, en kostelig, fast hjørnesten; den som tror, haster ikke.
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg er den som hev grunna i Sion ein stein, ein prøvd stein, ein dyrverdig fast grunna hyrnestein; den som trur, tek det med ro.
17 Og jeg vil gjøre rett til målesnor og rettferdighet til lodd, og hagl skal rive bort løgnens tilflukt, og skjulet skal vannene skylle bort.
Eg gjer rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.
18 Og eders pakt med døden skal slettes ut, og eders forbund med dødsriket skal ikke stå fast; når den susende svepe farer frem, da skal I bli trådt ned. (Sheol h7585)
Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast. Når den susande svipa fer fram, skal de verta nedslegne. (Sheol h7585)
19 Hver gang den farer frem, skal den rive eder bort; hver morgen skal den fare frem, både dag og natt, og det skal være bare redsel å forstå budskapet;
Kvar gong ho fer fram, skal ho riva dykk burt. For kvar morgon skal ho fara fram, um dagen og um natti, og den reine skræma vert det når de lyt agta på bodskapen.
20 for sengen er for kort til å strekke sig ut i, og teppet for smalt til å svøpe sig i.
For sengi er for stutt til å strekkja seg i, og åklædet er for smalt til å sveipa seg i.
21 For Herren skal reise sig likesom ved Perasim-fjellet, som i dalen ved Gibeon skal han vredes, for å gjøre sin gjerning? en underlig gjerning, og utrette sitt arbeid, et uhørt arbeid.
For Herren skal reisa seg liksom ved fjellet Perasim, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; han skal gjera sitt verk, eit underlegt verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid.
22 Og nu, spott ikke, forat ikke eders bånd skal bli strammet! For tilintetgjørelse og fast besluttet straffedom over hele jorden har jeg hørt fra Herren, Israels Gud, hærskarenes Gud.
Og no, lat vera med å spotta, so bandi dykkar ikkje må verta stramare! For um øyding og fastsett straffedom hev eg høyrt frå Herren, Allhers-Herren, yver heile jordi.
23 Vend øret til og hør min røst, gi akt og hør min tale!
Vend øyra til og høyr mi røyst, gjev gaum og høyr kva eg segjer!
24 Når plogmannen vil så, holder han da alltid på med å pløie, åpne og harve sin jord?
Når plogmannen vil så, held han då stødt på med å pløgja og fora og horva?
25 Når han har jevnet sin aker, spreder han da ikke ut dill og karve og sår hvete i rader og bygg på avmerket sted og spelt i kanten?
Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då svartkarve og sår kryddekarve og set kveite i rader og bygg på avmerkte stader og spelt i kantarne?
26 Hans Gud har vist ham den rette måte, han lærte ham det.
Hans Gud hev synt honom den rette måten, han lærde honom det.
27 For en tresker ikke dill med treskeslede, ruller heller ikke vognhjul over karve; men med stav banker en ut dill, og karve med kjepp.
For ein treskjer ikkje svartkarve med treskjeslede, rullar ikkje vognhjul yver kryddekarve; men med stav bankar ein svartkarve, og kryddekarve med kjepp.
28 Blir vel brødkorn knust? Nei, en tresker det ikke uavlatelig, og når en driver sine vognhjul og sine hester over det, knuser en det ikke.
Vert brødkorn krasa? Nei, ein treskjer det ikkje stødt, og når ein driv sine vogn og hestar yver det, so knusar ein det ikkje.
29 Også dette kommer fra Herren, hærskarenes Gud; han er underfull i råd, stor i visdom.
Ogso dette kjem frå Herren, allhers drott. Han er underfull i råd, stor i visdom.

< Esaias 28 >