< 1 Mosebok 30 >

1 Da Rakel så at hun og Jakob ikke fikk barn, blev hun misunnelig på sin søster og sa til Jakob: La mig få barn! Ellers dør jeg.
Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si, og sagde med Jakob: «Lat meg få born, elles so døyr eg!»
2 Da optendtes Jakobs vrede mot Rakel, og han sa: Er jeg i Guds sted, som har nektet dig livsfrukt?
Då vart Jakob harm på Rakel og sagde: «Er eg i staden åt Gud, som hev meinka deg born?»
3 Da sa hun: Se, der er min trælkvinne Bilha; gå inn til henne, forat hun kan føde på mine knær, så også jeg kan få barn ved henne!
Då sagde ho: «Sjå her er Bilha, terna mi. Gakk inn til henne, so ho kann føda på fanget mitt og hjelpa meg og til ein son!»
4 Så gav hun sin trælkvinne Bilha til hustru, og Jakob gikk inn til henne.
So gav ho honom Bilha, terna si, til kona, og Jakob gjekk inn til henne.
5 Og Bilha blev fruktsommelig og fødte Jakob en sønn.
Og Bilha vart med barn, og fekk ein son med Jakob.
6 Da sa Rakel: Gud har dømt i min sak; han har hørt min bønn og gitt mig en sønn. Derfor kalte hun ham Dan.
Då sagde Rakel: «Gud hev dømt i mi sak: han høyrde bøni mi, og gav meg ein son.» So kalla ho honom Dan.
7 Og Bilha, Rakels trælkvinne, blev atter fruktsommelig og fødte Jakob ennu en sønn.
Og Bilha, terna hennar Rakel, vart med barn att, og fekk ein son til med Jakob.
8 Da sa Rakel: Jeg har kjempet Guds kamper med min søster, og nu har jeg vunnet. Og hun kalte ham Naftali.
Då sagde Rakel: «Harde otor hev eg stade med syster mi, og no hev eg vunne.» So kalla ho honom Naftali.
9 Da Lea så at hun ikke fikk flere barn, tok hun sin trælkvinne Silpa og gav Jakob til hustru.
Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Zilpa, terna si, og gav Jakob til kona.
10 Og Silpa, Leas trælkvinne, fødte Jakob en sønn.
Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son med Jakob.
11 Da sa Lea: Til lykke! Og hun kalte ham Gad.
Då sagde Lea: «No hadde eg lukka med meg!» So kalla ho honom Gad.
12 Og Silpa, Leas trælkvinne, fødte Jakob ennu en sønn.
Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son til med Jakob.
13 Da sa Lea: Hvor lykkelig jeg er! For alle kvinner vil prise mig lykkelig. Og hun kalte ham Aser.
Då sagde Lea: «Å sæle meg! Droserne kjem til å sælka meg!» So kalla ho honom Asser.
14 En dag i hvetehøstens tid gikk Ruben ut og fant alruner på marken og bar dem hjem til Lea, sin mor; da sa Rakel til Lea: Kjære, gi mig nogen av din sønns alruner!
Ein dag i skurdonni gjekk Ruben av og fann rune-eple på marki, og bar deim heim til Lea, mor si. Då sagde Rakel med Lea: «Kjære væne, gjev meg nokre av dei rune-epli som son din hev funne!»
15 Men hun svarte henne: Er det ikke nok at du har tatt min mann? Vil du nu også ta min sønns alruner? Da sa Rakel: Nu vel, han kan sove hos dig inatt, hvis jeg får din sønns alruner!
Men ho svara henne: «Er det ikkje nok at du hev teke mannen min? Vil du no taka rune-epli åt son min og?» Då sagde Rakel: «Det er det same, fær eg rune-epli åt son din, so kann mannen få sova hjå deg i natt.»
16 Da Jakob om aftenen kom hjem fra marken, gikk Lea ham i møte og sa: Det er hos mig du skal være inatt; jeg har tinget dig for min sønns alruner. Så lå han hos henne den natt.
Um kvelden, då Jakob kom heim frå marki, gjekk Lea til møtes med honom og sagde: «Det er hjå meg du skal vera i natt; eg hev tinga deg for rune-epli åt son min.» So sov han hjå henne den natti.
17 Og Gud hørte Lea, og hun blev fruktsommelig og fødte Jakob en femte sønn.
Og Gud høyrde Lea, og ho vart med barn, og åtte den femte sonen.
18 Da sa Lea: Gud har gitt mig min lønn, fordi jeg lot min mann få min trælkvinne. Og hun kalte ham Issakar.
Då sagde Lea: «No hev Gud gjeve meg mi løn, for di eg let mannen få terna mi.» So kalla ho honom Issakar.
19 Og Lea blev atter fruktsommelig og fødte Jakob en sjette sønn.
Og Lea vart med barn att, og åtte den sette sonen.
20 Da sa Lea: Gud har gitt mig en god gave; nu kommer min mann til å bo hos mig, for jeg har født ham seks sønner. Og hun kalte ham Sebulon.
Då sagde Lea: «Gud hev gjeve meg ei god gåva. No kjem mannen min til å bu hjå meg, sidan han hev fenge seks søner med meg.» So kalla ho honom Sebulon.
21 Siden fødte hun en datter og kalte henne Dina.
Sidan åtte ho ei dotter, og kalla henne Dina.
22 Da kom Gud Rakel i hu, og Gud hørte henne og åpnet hennes morsliv.
Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønerne hennar, og gjorde henne barnkjømd.
23 Hun blev fruktsommelig og fødte en sønn. Da sa hun: Gud har tatt bort min skam.
So vart ho då umhender, og åtte ein son. Då sagde ho: «Gud hev teke burt skammi mi.»
24 Og hun kalte ham Josef og sa: Herren gi mig ennu en sønn!
Og ho kalla honom Josef og sagde: «Gjev Herren vilde lata meg få ein son til!»
25 Da nu Rakel hadde født Josef, sa Jakob til Laban: La mig fare, så jeg kan dra hjem til mitt eget land!
Då no Rakel hadde fenge Josef, sagde Jakob med Laban: «Slepp meg or tenesta, so eg kann fara heim til mitt eige land!
26 Gi mig mine hustruer og mine barn, som jeg har tjent dig for, så vil jeg dra bort; du vet jo selv hvorledes jeg har tjent dig.
Lat meg få konorne og borni mine, som eg hev tent for, so vil eg fara! For du veit sjølv kor lenge eg hev tent hjå deg.»
27 Da sa Laban til ham: Om du bare hadde nogen godhet for mig! Jeg er blitt varslet om at det er for din skyld Herren har velsignet mig.
Då sagde Laban med honom: «Hadde du berre noko godvilje for meg! Eg hev fenge ei vitring um at det er for di skuld Herren hev velsigna meg.
28 Så sa han: Si selv hvad du vil ha i lønn, så skal jeg gi dig det.
Set berre på kva du vil hava i løn, » sagde han, «so skal eg gjeva deg det!»
29 Og Jakob sa til ham: Du vet selv hvorledes jeg har tjent dig, og hvad din buskap er blitt til under mine hender.
Og Jakob sagde med honom: «Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna, medan eg hev stelt med det.
30 For det var lite det du hadde før jeg kom, men nu har det øket til en stor mengde, og Herren har velsignet dig hvor jeg satte min fot. Men når skal jeg nu også få gjøre noget for mitt eget hus?
For det var lite du hadde, fyrr eg kom hit, og no hev det auka mengdevis, og Herren hev velsigna deg for kvart fet eg gjekk. Men når skal no eg få syta for mitt eige hus?»
31 Da sa Laban: Hvad skal jeg gi dig? Jakob svarte: Du skal ikke gi mig noget; dersom du vil gjøre som jeg nu sier, så skal jeg gjæte din buskap og vokte den, som jeg har gjort.
«Kva skal eg gjeva deg?» sagde hin. «Du tarv ikkje gjeva meg noko, » sagde Jakob. «Vil du gjera som eg no segjer, so skal eg gjæta buskapen din og sjå etter honom, som eg hev gjort.
32 Jeg vil idag gå gjennem hele din hjord og skille ut alt som er flekket og spraglet og alt som er sort blandt fårene, og likeså alt som er spraglet og flekket blandt gjetene; og det skal være min lønn.
I dag vil eg ganga gjenom heile buskapen din og skilja ut alt som er droplut eller spreklut, både det som er svart i saueflokken, og det som er spreklut eller droplut i geiteflokken, og det skal vera løni mi.
33 Og min ærlighet skal vidne for mig, når du siden engang kommer og ser over min lønn. Finnes det hos mig nogen gjet som ikke er flekket og spraglet, og noget får som ikke er sort, så er det stjålet.
Og mi truheit skal svara for meg, når du heretter kjem og ser yver løni mi: Finst det hjå meg nokor geit som ikkje er droplut eller spreklut, eller nokon sau som ikkje er svart, so er dei stolne.»
34 Da sa Laban: Vel, la det være som du har sagt!
Då sagde Laban: «Ja ja, lat det vera som du segjer!»
35 Og samme dag skilte han ut de stripete og spraglete gjetebukker og alle flekkete og spraglete gjeter, alt det som hadde noget hvitt på sig, og alt sort blandt fårene; og han lot sine sønner ta vare på det,
Og same dagen skilde han ut dei bukkarne som var salute og spreklute, og alle dei geiterne som var droplute og spreklute, alt som det var noko kvitt på, og alt som var svart i saueflokken, og let sønerne sine taka vare på det.
36 og han la tre dagsreiser mellem sig og Jakob. Og Jakob gjætte resten av Labans småfe.
Og han lagde tri dagsleider millom seg og Jakob. Og Jakob laut gjæta det som att var av fenaden hans Laban.
37 Men Jakob tok sig friske kjepper av poppel-, hassel- og lønnetrær og skavde hvite striper på dem, så det hvite på kjeppene kom frem.
Men Jakob fann seg grøne stavar av poppel og mandeltre og løn, og randa deim, so den kvite veden synte millom borkerenderne.
38 Og han la kjeppene som han hadde skavd, i rennene - i vanntrauene, hvor småfeet kom for å drikke, like foran småfeet; for de parret sig når de kom for å drikke.
Og stavarne, som han hadde randa, sette han upp i trørne i vatskuporne, der småfeet kom og skulde drikka, midt for augo på småfeet; for det var jamt dei flaug, når dei kom og skulde drikka.
39 Så parret småfeet sig ved kjeppene og fikk stripete, flekkete og spraglete unger.
So para småfeet seg innmed stavarne, og fekk ungar som var salute og droplute og spreklute.
40 Men lammene skilte Jakob ut og lot småfeet vende øinene mot det stripete og alt det sorte blandt Labans småfe; og således fikk han sig hjorder for sig selv og slapp dem ikke sammen med Labans småfe.
Men lambi skilde Jakob ifrå og let småfeet venda augo mot det som var droplut, og mot alt som var svart i buskapen hans Laban. Soleis fekk han seg flokkar for seg sjølv, og hadde deim ikkje i hop med buskapen hans Laban.
41 Og hver gang det sterke småfe parret sig, la Jakob kjeppene midt for øinene på dem i rennene, forat de skulde parre sig ved kjeppene;
Og kvar gong det var trivelegt småfe som flaug, so sette Jakob randestavarne i trørne, midt for augo på deim, so dei skulde para seg innmed stavarne.
42 men når det var svakt småfe, la han ikke kjeppene der; således kom de svake til å tilhøre Laban og de sterke Jakob.
Men var det slikt som ikkje vilde trivast, so sette han ikkje stavarne der. Soleis fekk Laban det feet som ikkje vilde trivast, og Jakob det som var trivelegt.
43 Og mannen blev rikere og rikere, og han fikk meget småfe og trælkvinner og træler og kameler og asener.
Og mannen vart rikare og rikare, og fekk mykje bufe, og gjentor og drengjer, og kamelar og asen.

< 1 Mosebok 30 >