< 1 Mosebok 14 >

1 I den tid da Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge over Gojim,
I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne,
2 da hendte det at disse konger førte krig med Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebo'im, og kongen i Bela, det er Soar.
då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar.
3 Alle disse slo sig sammen og drog til Siddim-dalen, der hvor Salthavet nu er.
Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no.
4 Tolv år hadde de tjent Kedorlaomer, men i det trettende år var de falt fra.
Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå honom.
5 Og i det fjortende år kom Kedorlaomer og de konger som var med ham, og slo refa'ittene i Asterot-Karna'im og susittene i Ham og emittene i Sjave-Kirjata'im
Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på Kirjatajimsletta
6 og horittene på deres fjell - Se'ir-fjellene - like til El-Paran ved utkanten av ørkenen.
og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki.
7 Derefter vendte de om og kom til En-Mispat, det er Kades, og la under sig hele amalekittenes land og likeså amorittene, som bodde i Haseson-Tamar.
So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar.
8 Da drog kongen i Sodoma ut og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebo'im og kongen i Bela, det er Soar, og stilte sig i fylkning mot dem i Siddim-dalen,
Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen,
9 mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen over Gojim, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire konger mot fem.
mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.
10 Men Siddim-dalen var full av jordbek-gruber, og kongene i Sodoma og Gomorra måtte flykte og falt da i dem; og de som blev igjen, flyktet op i fjellene.
Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells.
11 Så tok de alt godset i Sodoma og Gomorra og all deres mat og drog bort.
Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira, og drog burt.
12 De tok også med sig Abrams brorsønn Lot og hans gods og drog bort; for han bodde i Sodoma.
Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma.
13 Da kom det nogen som var undsloppet, og fortalte det til hebreeren Abram; han bodde ved den terebinte-lund som tilhørte amoritten Mamre - Mamre var bror til Eskol og Aner, og de hadde alle gjort en pakt med Abram.
Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram.
14 Da nu Abram hørte at hans frende var bortført som fange, lot han sine våbenvante folk, som var født i hans hus, tre hundre og atten i tallet, dra ut og forfulgte dem like til Dan.
Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan.
15 Der delte han sine folk og overfalt dem om natten og slo dem; og han forfulgte dem like til Hoba, som ligger i nord for Damaskus.
Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.
16 Så tok han tilbake alt godset; Lot, sin frende, og hans gods tok han også tilbake, og likeså kvinnene og folket.
So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med.
17 Da han så vendte tilbake efter å ha slått Kedorlaomer og de konger som var med ham, gikk kongen i Sodoma ham i møte til Sjave-dalen, det er Kongedalen.
Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen.
18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin; han var prest for den høieste Gud.
Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste.
19 Og han velsignet ham og sa: Velsignet være Abram av den høieste Gud, som eier himmel og jord!
Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram!
20 Og lovet være den høieste Gud, som har gitt dine fiender i din hånd! Og Abram gav ham tiende av alt.
Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt.
21 Og kongen i Sodoma sa til Abram: Gi mig folket, og ta du godset!
Og kongen i Sodoma sagde med Abram: «Gjev meg folket, og tak du godset!»
22 Da sa Abram til kongen i Sodoma: Jeg løfter min hånd til Herren, den høieste Gud, som eier himmel og jord:
Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord:
23 Jeg vil ikke ta så meget som en tråd eller en skorem av alt som ditt er, forat du ikke skal si: Jeg har gjort Abram rik.
Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.»
24 Jeg vil intet ha, bare det som mine folk har fortært; og det som faller på de menn som drog med mig, Aner, Eskol og Mamre - la dem få sin del.
Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinarne hev ete, og den luten som fell på dei mennerne som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat deim få sin lut!»

< 1 Mosebok 14 >