< Esras 7 >

1 Nogen tid efter, under perserkongen Artaxerxes' regjering, drog Esras, sønn av Seraja, sønn av Asarja, sønn av Hilkias,
Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,
2 sønn av Sallum, sønn av Sadok, sønn av Akitub,
son åt Sallum, son åt Sadok, son åt Ahitub,
3 sønn av Amarja, sønn av Asarja, sønn av Merajot,
son åt Amarja, son åt Azarja, son åt Merajot,
4 sønn av Serahja, sønn av Ussi, sønn av Bukki,
son åt Zerahja, son åt Uzzi, son åt Bukki,
5 sønn av Abisua, sønn av Pinehas, sønn av Eleasar, sønn av ypperstepresten Aron -
son åt Abisua, son åt Pinehas, son åt Eleazar, son åt øvstepresten Aron.
6 denne Esras drog op fra Babel. Han var en skriftlærd mann, vel kjent med Mose lov, den som Herren, Israels Gud, hadde gitt. Kongen gav ham alt det han bad om; for Herren hans Gud holdt sin hånd over ham.
Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.
7 Nogen av Israels barn og av prestene, levittene, sangerne, dørvokterne og tempeltjenerne drog med ham op til Jerusalem i kong Artaxerxes' syvende år.
Nokre av Israels-sønerne og av prestarne og levitarne og songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne var med honom heim til Jerusalem; det var i det sjuande styringsåret åt kong Artahsasta.
8 Han kom til Jerusalem i den femte måned; det var i kongens syvende år.
Han kom til Jerusalem i femte månaden det same sjuande året åt kongen.
9 For på den første dag i den første måned begynte han å ordne alt til ferden fra Babel, og på den første dag i den femte måned kom han til Jerusalem; for hans Gud holdt sin gode hånd over ham.
Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.
10 For Esras hadde satt sin hu til å granske Herrens lov og gjøre efter den og til å lære folk lov og rett i Israel.
For Ezras hadde vendt hugen sin til å granska Herrens lov og fylgja henne, og til å læra andre i Israel upp i lov og rett.
11 Dette er en avskrift av det brev som kong Artaxerxes gav presten Esras, den skriftlærde, som var kyndig i de bud og lover som Herren hadde gitt Israel:
Dette er avskrift av eit brev som kong Artahsasta gav den skriftlærde presten Ezra, som var kunnig i Herrens bodord og lover for Israel:
12 Artaxerxes, kongenes konge, til presten Esras, han som er full-lært i himmelens Guds lov, og så videre.
«Artahsasta, konge yver kongarne, til presten Ezra, den lærde i lovi åt Gud i himmelen. Utferda og so burtetter.
13 Jeg har gitt befaling om at alle de av Israels folk og av dets prester og levitter i mitt rike som har lyst til å dra til Jerusalem, kan dra med dig,
Med dette segjer eg fyre at kvar ein av Israels-folket i mitt rike og av prestarne og levitarne deira som hev hug til å fara til Jerusalem, må fara med deg,
14 siden du er sendt av kongen og hans syv rådgivere til å se efter hvorledes det er med Juda og Jerusalem, efter din Guds lov, som du har i hende,
sidan kongen og dei sju rådsmennerne hans hev sendt deg i veg til å sjå etter kor det er med Juda og Jerusalem etter lovi åt din Gud, den som du hev i di hand,
15 og til å føre dit det sølv og gull som kongen og hans rådgivere frivillig har gitt Israels Gud, han som har sin bolig i Jerusalem,
og til å føra fram det sylvet og gullet som kongen og rådsmennerne hans godviljugt hev gjeve til Israels Gud, han som hev bustaden sin i Jerusalem,
16 og likeledes alt det sølv og gull som du kan få i hele Babels landskap, og de frivillige gaver som folket og prestene vil gi til sin Guds hus i Jerusalem.
sameleis alt sylv og gull som du fær i heile Babels jarlerike, og dei gåvor som folket og prestarne godviljugt til huset åt sin Gud i Jerusalem.
17 Derfor skal du for disse penger samvittighetsfullt kjøpe okser, værer og lam med tilhørende matoffere og drikkoffere; og du skal ofre dem på alteret i eders Guds hus i Jerusalem.
Dette skal du gjera deg vel fyre med og kjøpa for desse pengarne uksar og verar og lamb og alt sovore som trengst til grjonoffer og drykkoffer, og det skal du ofra på altaret som høyrer til huset åt dykkar Gud i Jerusalem.
18 Og hvad du og dine brødre finner det riktig å gjøre med resten av sølvet og gullet, det kan I gjøre efter eders Guds vilje.
Det du og brørne dine finn det rettast å gjera med det som vert att av sylvet og gullet, det må de gjera soleis som dykkar Gud vil.
19 Men de kar som du har fått til tjenesten i din Guds hus, dem skal du gi fra dig for Jerusalems Guds åsyn.
Men dei reidskaper som du fær til tenesta i huset åt din Gud, deim skal du gjeva frå deg åt Gud i Jerusalem.
20 Hvad du ellers må utrede til din Guds hus av nødvendige utgifter, det skal du utrede av kongens skattkammer.
Det som meir trengst til huset åt din Gud, det kann du greida ut or skattkammeret åt kongen.
21 Og jeg, kong Artaxerxes, har gitt befaling til alle skattmestere hinsides elven at alt hvad presten Esras, han som er kyndig i himmelens Guds lov, krever av eder, det skal nøiaktig ydes,
Og eg, kong Artahsasta, segjer med dette fyre alle skattmeistrarne i landi på hi sida elvi, at alt det som presten Ezras, vismannen i lovi åt Gud i himmelen, bed dykk um, det skal de gjera og gjeva på fyrste ordet,
22 inntil hundre talenter sølv, hundre kor hvete, hundre bat vin og hundre bat olje, og salt uten foreskrevet mål.
um det trengst upp til tvo og eit halvt hundrad våger med sylv, tri hundrad tunnor kveite, hundrad ankar vin og hundrad ankar med olje, dertil salt umælt.
23 Alt hvad himmelens Gud befaler, det skal nøiaktig utføres for himmelens Guds hus, så det ikke skal komme vrede over kongens og hans sønners rike.
Alt det som tarvst etter det Gud i himmelen segjer fyre, det skal verta gjort på fyrste ordet og gjeve til huset åt Gud i himmelen, so ikkje hans vreide skal koma yver riket åt kongen og sønerne hans.
24 Og eder lar vi vite at ingen skal ha makt til å pålegge nogen av prestene, levittene, sangerne, dørvokterne, tempeltjenerne eller nogen annen som har en tjeneste ved dette Guds hus, skatt, toll eller veipenger.
Og det let me dykk vita, at ingen skal hava magt til å leggja skattar eller toll eller vegpengar på nokon prest eller levit, songar eller dørvaktar, tempelsvein eller annan som hev tenesta i dette gudshuset.
25 Og du, Esras, skal efter den visdom du har fått av din Gud, innsette dommere og lovkyndige til å dømme alt folket hinsides elven, alle dem som kjenner din Guds lover; og om nogen ikke kjenner dem, så skal I lære ham å kjenne dem.
Og du, Ezras, må, etter den visdom du hev fenge frå din Gud, setja domarar og lovlærde folk til å døma manna millom hjå alt folket på hi sida elvi, alle dei som kjenner loverne åt din Gud; og den som ikkje det gjer, honom skal du læra å kjenna deim.
26 Og om nogen ikke gjør efter din Guds lov og efter kongens lov, så skal der samvittighetsfullt holdes dom over ham, enten det nu fører til døden eller til landflyktighet eller til bøter eller til bånd og fengsel.
Og kvar den som ikkje gjer etter lovi åt din Gud og etter lovi åt kongen, yver honom skal det fellast ein rett dom, anten til daude eller utlægd, til pengebot eller til fangehus.»
27 Lovet være Herren, våre fedres Gud, som gav kongen slikt i sinne, så Herrens hus i Jerusalem kunde bli prydet,
Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem,
28 og som lot mig finne nåde hos kongen og hans rådgivere og hos alle kongens mektige høvdinger! Jeg kjente mig sterk, fordi Herren min Gud holdt sin hånd over mig, og jeg fikk samlet nogen av Israels overhoder til å dra op sammen med mig.
og at han let meg finna nåde hjå kongen og rådsmennerne hans og hjå alle dei megtige hovdingarne åt kongen! Eg fekk mod då eg såg at Herren, min Gud, heldt handi si yver meg, og eg samla kringum meg nokre ættarhovdingar av Israel; dei skulde vera med meg på heimferd.

< Esras 7 >