< 1 Samuels 6 >

1 Herrens ark var i filistrenes land i syv måneder.
Då Herrens kista hadde vore sju månader i Filistarlandet,
2 Da tilkalte filistrene prestene og spåmennene og sa: Hvad skal vi gjøre med Herrens ark? Si oss hvorledes vi skal sende den fra oss tilbake til dens plass!
kalla filistarane saman prestarne og spåmennerne sine, og spurde: «Kva skal me gjera med Guds kista? Seg oss korleis me skal sende henne heim att!»
3 De svarte: Dersom I sender Israels Guds ark bort, må I ikke sende den uten gaver, men I skal gi ham et skyldoffer til vederlag; da skal I bli lægt, og I skal få vite hvorfor hans hånd ikke viker fra eder.
Dei svara: «Vil de senda burt kista åt Israels Gud, må de ikkje senda henne gåvelaus; de lyt bera sonoffer åt honom til vederlag; so vert de lækte, og det vil få vita kvifor handi hans ikkje hev vike frå dykk.»
4 Da sa de: Hvad er det for et skyldoffer vi skal gi ham til vederlag? De svarte: Fem bylder av gull og fem mus av gull, efter tallet på filistrenes høvdinger; for det er en og samme plage som har rammet alle, også eders høvdinger.
Dei spurde då: «Kva sonoffer skal me gjeva honom?» Dei svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, like mange som filistarfyrstarne; for de hev alle vore ute for same plåga, fyrstarne dykkar ogso.
5 I skal gjøre billeder av eders bylder og billeder av musene som ødelegger eders land, og gi Israels Gud ære; kanskje han da tar sin tunge hånd bort fra eder og fra eders gud og fra eders land.
De skal laga likner av svullarne dykkar og likner av mysene som legg landet i øyde, og soleis gjeva Israels Gud æra. Kann henda han då tek burt si tunge handi frå dykk, frå guden dykkar og frå landet dykkar.
6 Hvorfor vil I forherde eders hjerte, likesom egypterne og Farao forherdet sitt hjerte. Måtte de ikke la dem fare og dra bort da han hadde latt dem få kjenne sin makt?
Kvifor skal de herda dykk til, liksom egyptarane og Farao gjorde? Laut dei ikkje sleppa Israel av stad, etter han hadde fare ille med deim?
7 Ta nu og gjør en ny vogn, og ta så to nybære kyr som det ikke er kommet åk på, og spenn kyrne for vognen, men ta kalvene fra dem og før dem hjem!
Tak no og gjer ei ny vogn, og tak tvo kyr som gjev suga og som aldri hev bore ok! So skal det setja deim for vogni, men taka frå deim kalvarne og lata deim vera heime.
8 Så skal I ta Herrens ark og sette den på vognen, og de gullsaker som I gir ham til skyldoffer, skal I legge i et skrin ved siden av den og så sende den avsted.
Tak so Herrens kista og set henne på vogni, og legg gulltyet som de gjev honom til sonoffer i ein kistel ved sida av henne, og send henne av garde soleis!
9 Så skal I se efter om den tar veien opover til sitt eget land, til Betsemes; for da er det han som har voldt oss denne store ulykke; men hvis ikke, så vet vi at det ikke er hans hånd som har rammet oss; da er det bare et tilfelle at dette har hendt oss.
So skal de sjå etter: tek ho vegen heim att til Bet-Semes; so er det han som hev valda oss all denne store ulukka. Men gjer ho ikkje det, veit me det er ikkje hans hand som hev slege oss; men ein vanlagnad som me hev vore ute fyre.»
10 Og mennene gjorde således: De tok to nybære kyr og spente dem for vognen, men kalvene holdt de tilbake hjemme.
Folket so gjorde: dei tok tvo kyr som gav suga, og sette deim for vogni, men kalvarne stengde dei inne heime.
11 Så satte de Herrens ark på vognen og likeså skrinet og gullmusene og billedene av sine bylder.
Dei sette Herrens kista på vogni, og attmed henne kistelen med myserne av gull og liknerne av svullarne.
12 Og kyrne gikk rett frem efter veien som førte til Betsemes; de holdt stadig samme vei og rautet alt i ett og bøide ikke av hverken til høire eller til venstre, og filistrenes høvdinger gikk efter dem like til Betsemes-bygden.
Og kyrne for beine vegen fram heilt til Bet-Semes. Dei heldt seg jamt til ålmannvegen, og gjekk i eitt rautande, og bøygde korkje til høgre eller vinstre. Og filistarfyrstarne fylgde etter, alt til landskilet ved Bet-Semes.
13 Innbyggerne i Betsemes var nettop i ferd med å høste hveten i dalen; og da de så op, fikk de se arken, og de blev glade da de så den.
Bet-Semes-buarne var ute på kveitehausting i dalen. Då dei såg upp, gådde dei sambandskista; og dei vart fegne då dei såg henne.
14 Da vognen kom inn på betsemesitten Josvas mark, stanset den der. Der lå en stor sten. Da hugg de treverket i vognen i stykker og ofret kyrne til brennoffer for Herren.
Og då vogni kom inn på åkeren til ein Bet-Semes-bonde, Josva, stogga ho der. Der var ein stor stein. Og dei hogg sund treverket på vogni og ofra kyrne til brennoffer for Herren.
15 Og levittene tok ned Herrens ark og skrinet som stod ved den, det som gullsakene var i, og de satte dem på den store sten, og Betsemes' menn ofret samme dag brennoffer og slaktoffer til Herren.
Levitarne tok og lyfte ned Herrens kista og kistelen som stod attmed, og som gulltyet var i, og sette deim på den store steinen. Bet-Semes-buarne ofra brennoffer og slagta slagtoffer til Herren den dagen.
16 Filistrenes fem høvdinger så på dette og vendte samme dag tilbake til Ekron.
Då dei fem filistarfyrstarne hadde skoda på dette, snudde dei heim att til Ekron same dagen.
17 Dette var de bylder av gull som filistrene gav som skyldoffer til Herren: for Asdod én, for Gasa én, for Askalon én, for Gat én, for Ekron én.
Dette var dei gullsvullarne som filistarane gav i soningsgåva til Herren: ein for Asdod, ein for Gaza, ein for Askalon, ein for Gat, ein for Ekron.
18 Og gullmusene svarte til tallet på alle filistrenes byer som tilhørte de fem høvdinger, både de faste byer og landsbyene. Vidne herom er den dag idag den store sten på betsemesitten Josvas mark som de satte Herrens ark på.
Og myserne av gull var likso mange som alle filistarbyarne - både festningsbyar og landsbyar - under dei fem fyrstarne. Den store steinen der dei sette Herrens kista, er vitne um dette til no, på åkeren til Bet-Semes-bonden Josva.
19 Men Herren slo nogen av mennene i Betsemes fordi de hadde sett på Herrens ark - sytti mann av folket slo han; og folket sørget fordi Herren hadde slått så mange av folket ihjel.
Sume av folket i Bet-Semes fekk ogso sott, av di dei hadde skoda på Herrens kista: sytti mann av folket. Folket syrgde, av di Herren hadde gjort so stort mannefall millom folket.
20 Og mennene i Betsemes sa: Hvem kan holde stand for Herrens, denne hellige Guds åsyn, og til hvem skal han dra op fra oss?
Og Bet-Semes-buarne sagde: «Kven kann standa seg for Herren, den heilage Gud? og kven vil han no heimsøkja når han dreg upp frå oss?»
21 Så sendte de bud til innbyggerne i Kirjat-Jearim og lot si: Filistrene har ført Herrens ark tilbake; kom ned og hent den op til eder!
Dei sende bod til deim som budde i Kirjat-Jearim, og sagde: «Filistarane hev sendt heim att Herrens kista. Kom hit ned og før henne upp til dykk!»

< 1 Samuels 6 >