< 1 Samuels 4 >

1 Og Samuels ord kom til hele Israel, og Israel drog ut for å stride mot filistrene; de leiret sig ved Eben-Eser, og filistrene leiret sig i Afek.
Og heile Israel høyrde Samuels ord. Israel drog ut til strid mot filistarane og lægra seg ved Eben-Ezer, medan filistarane lægra seg i Afek.
2 Og filistrene stilte sig i fylking mot Israel, og striden bredte sig ut, og Israel blev slått av filistrene; og filistrene felte på slagmarken omkring fire tusen mann.
Filistarane fylkte heren sin mot Israel, og striden vart drjug. Og Israel tapte for filistarane; dei felte umlag fire tusund mann på vigvollen.
3 Og da folket kom til leiren, sa Israels eldste: Hvorfor har Herren idag latt oss bli slått av filistrene? La oss hente Herrens pakts-ark til oss fra Silo, så den kan komme hit iblandt oss og frelse oss av våre fienders hånd.
Då no folket kom att til lægret, sagde dei øvste i Israel: «Kvifor hev Herren late filistarane slå oss i dag? Lat oss henta Herrens sambandskista frå Silo, so ho kann vera her hjå oss og frelsa oss frå fiendarne våre!»
4 Så sendte folket bud til Silo, og de hentet derfra Herrens, hærskarenes Guds pakts-ark, hans som troner på kjerubene; og begge Elis sønner, Hofni og Pinehas, var med og fulgte Guds pakts-ark.
Folket sende bod til Silo og tok derifrå sambandskista åt Herren, allhers drott, han som tronar yver kerubarne. Og dei tvo Eli-sønerne, Hofni og Pinehas, fylgde med Guds sambandskista.
5 Med det samme Herrens pakts-ark kom til leiren, satte hele Israel i et stort fryderop, så jorden rystet.
Då Herrens sambandskista kom til lægret, då losna det so stort eit fagnadrop frå heile Israel, at jordi dunde.
6 Og da filistrene hørte lyden av fryderopet, sa de: Hvad er dette for et stort fryderop i hebreernes leir? Og de fikk vite at Herrens ark var kommet til leiren.
Då filistarane høyrde ljoden av fagnadropet, sagde dei: «Kva tyder dette glymjande fagnadropet i hebræarlægret?» Og då dei vart vise med at Herrens kista var komi til lægret,
7 Da blev filistrene redde; for de tenkte: Gud er kommet til leiren. Og de sa: Ve oss! Sådant har ikke hendt før.
vart dei forfærde; for dei tenkte: «Gud er komen til lægret.» Og dei sagde: «Usæle me! sovore hev aldri hendt fyrr!
8 Ve oss! Hvem skal fri oss av disse veldige guders hånd? Dette er de guder som slo Egypten med alle slags plager i ørkenen.
Usæle me! kven skal frelsa oss frå denne velduge Guden? Det var denne Guden som sende alle ulukkorne yver egyptarane i øydemarki.
9 Ta mot til eder og vær menn, I filistrer, forat I ikke skal komme til å træle for hebreerne, likesom de har trælet for eder! Vær menn og strid!
Men - manna dykk upp! og far fram på kara vis, filistarar, so ikkje de skal verta trælar for hebræarane, liksom dei hev vore trælar for oss! Ver no karar, og gakk på!»
10 Da gikk filistrene til strid, og Israel blev slått, og de flyktet hver til sitt telt, og der blev et meget stort mannefall - det falt tretti tusen mann av Israels fotfolk.
Filistarane kasta seg inn i striden; Israels-sønerne vart slegne, og lagde på sprang kvar til sitt, og mannefallet vart øgjelegt stort; av Israel fall tretti tusund mann fotfolk.
11 Og Guds ark blev tatt, og begge Elis sønner, Hofni og Pinehas, mistet livet.
Og Guds kista fall i fiendehand, og Hofni og Pinehas, båe Eli-sønerne, let livet.
12 Da løp en mann av Benjamin fra slagmarken og kom samme dag til Silo med sønderrevne klær og med jord på sitt hode.
Ein mann av Benjamin sprang frå slagmarki og nådde Silo same dagen, med sundrivne klæde og mold på hovudet.
13 Da han kom frem, da satt Eli på sin stol ved siden av veien og så bortefter, for hans hjerte var fullt av angst for Guds ark. Da nu mannen kom til byen med buskapet, da satte hele byen i et jammerskrik.
Då han kom dit, sat Eli på stolen sin attmed byporten og einstirde utetter vegen; for hjarta hans bivra av otte for Guds kista. Då mannen kom inn i byen med denne tidendi, tok heile byen til å jamra og klaga.
14 Eli hørte skriket og sa: Hvad er dette for en larm? Da skyndte mannen sig og kom og fortalte det til Eli.
Og då Eli høyrde ljoden av klageropet, spurde han: «Kva tyder dette ståket eg høyrer?» Mannen skunda seg burtåt og fortalde det med Eli.
15 Eli var da åtte og nitti år gammel, og hans øine var stive - han kunde ikke se.
Eli var åtte og nitti år gamall og star-blind, so han inkje kunde sjå.
16 Da nu mannen sa til Eli: Det er jeg som er kommet fra slagmarken, jeg flyktet fra slagmarken idag, så spurte han: Hvorledes er det gått, min sønn?
Mannen sagde til Eli: «Det er eg som kjem frå slagmarki, eg hev rømt frå striden i dag.» Han spurde: «Korleis hev det gjenge då, guten min?»
17 Den som kom med buskapet, svarte: Israel er flyktet for filistrene, og det har vært et stort mannefall blandt folket; dine to sønner, Hofni og Pinehas, har og mistet livet, og Guds ark er tatt.
Bodberaren svara: «Israel rømde for filistarane, det vart stort mannefall på folket, Hofni og Pinehas, sønerne dine, er falne, og Guds kista hev falle i fiendehand.»
18 Med det samme han nevnte Guds ark, falt Eli baklengs ned av stolen ved siden av porten, brakk nakkebenet og døde; for mannen var gammel og tung. Han hadde dømt Israel i firti år.
Då han nemnde Guds kista, datt Eli attlenges av stolen attmed byporten og braut halsbeinet. Det vart banen hans; for mannen var gamall og før. Han hadde då vore domar i Israel i fyrti år.
19 Hans sønnekone, Pinehas' hustru, var fruktsommelig og nær ved å føde, og da hun hørte buskapet om at Guds ark var tatt, og at hennes svigerfar og hennes mann var død, seg hun i kne og fødte; for veene kom brått over henne.
Verdotter hans, kona åt Pinehas, var med barn og gjekk på fallande føter. Då ho høyrde gjete at Guds kista var falli i fiendehand, og at verfaren og mannen hennar hadde late livet, so seig ho i kne og fødde; for føderiderne kom yver henne.
20 I hennes dødsstund sa de kvinner som stod hos henne: Vær ved godt mot; du har født en sønn! Men hun svarte ikke og aktet ikke derpå.
Då ho var mest inni dauden, sagde kvendi som stod ikring henne: «Ver hugheil! du hev fenge ein son.» Men ho svara inkje, og agta ikkje på det.
21 Hun kalte gutten Ikabod og sa: Bortveket er herligheten fra Israel - fordi Guds ark var tatt, og for hennes svigerfars og hennes manns skyld.
Ho kalla guten I-kabod: «Kvorven er herlegdomen frå Israel, » sagde ho. Ho kom i hug Guds kista som var falli i fiendehand, og so verfaren og mannen.
22 Hun sa: Bortveket er herligheten fra Israel; for Guds ark er tatt.
«Kvorven er herlegdomen frå Israel, » sagde ho, «for Guds kista var falli i fiendehand.»

< 1 Samuels 4 >