< 1 Samuels 2 >

1 Og Hanna bad og sa: Mitt hjerte fryder sig i Herren, høit er mitt horn i Herren, vidt oplatt min munn mot mine fiender, for jeg gleder mig over din frelse.
Då bad Hanna og sagde: «Hjarta mitt frygdar seg i Herren, høgreist er hornet mitt i Herren. Med vidopen munn ropar eg mot fiendarne mine, for di eg fegnast for frelsa di.
2 Ingen er hellig som Herren; for det er ingen foruten dig, og det er ingen klippe som vår Gud.
Ingen er heilag som Herren, ingen er til utan du. Det bid inkje berg som vår Gud.
3 Tal ikke så mange høie ord, la ikke frekke ord gå ut av eders munn! For en allvitende Gud er Herren, og av ham veies gjerninger.
Slutta med kyt og kaute ord! Slepp ikkje agelause ord or munnen! For Herren er Gud som allting veit, og verki deim veg han vel.
4 Kjempenes bue brytes, og de snublende omgjorder sig med kraft.
Brosten vert bogen åt kjemporne, men dei ustøde fær styrkebelte på.
5 De mette lar sig leie for brød, og de hungrige hører op å hungre; endog den ufruktbare føder syv barn, og den som er rik på sønner, visner bort.
Dei som fyrr fekk sin mette, lyt leiga seg burt for mat, men dei som svalt, svelt ikkje meir. Barnlaus kona fær borni sju, barnerik mor folnar og fåst.
6 Herren døder og gjør levende; han fører ned i dødsriket og fører op derfra. (Sheol h7585)
Herren er den som tek liv og gjev liv, han fører ned til Helheim og upp derifrå. (Sheol h7585)
7 Herren gjør fattig og gjør rik; han nedtrykker, og han ophøier;
Herren er den som gjer arm og gjer rik. Han dreg ned, men lyfter ogso upp.
8 han reiser den ringe av støvet, løfter den fattige av skarnet for å sette ham hos fyrster og gi ham et ærefullt sete; for Herren hører jordens støtter til, og på dem har han bygget jorderike.
Han reiser den ringe or moldi, og lyfter den låge or søyla, og leider han til sætes millom hovdingar og gjev han eit æresæte. Grunnstolparne åt jordi høyrer Herren til, på deim han bygde manneheimen.
9 Han verner sine frommes føtter, men ugudelige går til grunne i mørket; for ikke ved egen kraft er mannen sterk.
Han held vakt og hegnar vegen åt dei gudlege, men gudlaust folk forferst i myrkret; for aldri mannen vinn med eigi magt.
10 Forferdes skal hver den som strider mot Herren; over ham lar han det tordne i himmelen. Herren dømmer jordens ender, og han vil gi sin konge styrke og ophøie sin salvedes horn.
Deim som strider imot Herren, skræmer han, i himmelen yver deim dundrar han. Herren dømer jordi frå ende til annan, han aukar krafti hjå kongen sin. Han hevjar hornet høgt åt den han salvar.»
11 Så drog Elkana hjem igjen til Rama, men gutten tjente Herren under Elis, prestens, tilsyn.
Elkana for heim att til Rama. Men guten gjorde tenesta for Herren hjå presten Eli.
12 Men Elis sønner var ryggesløse; de brydde sig ikke om Herren.
Men sønerne åt Eli var uvyrdor; dei ansa ikkje Herren,
13 Sådan var prestenes adferd mot folket: Så ofte nogen kom med et offer, og kjøttet blev kokt, kom prestens dreng og hadde en gaffel med tre grener i sin hånd;
og ikkje heller kva prestarne med rette kunde krevja av folket. Kvar gong ein mann ofra slagtoffer, kom drengen åt presten medan kjøtet koka, og hadde ein tritinda gaffel i handi,
14 den stakk han ned i kjelen eller i gryten eller i pannen eller i potten, og alt det som kom op med gaffelen, tok presten til sig. Således gjorde de med alle israelitter som kom der til Silo.
og stakk honom ned i gryta eller kjeraldet eller kjelen eller krukka; og alt som hekk fast på gaffelen, tok presten. Soleis for dei med alle israelitar som kom dit til Silo.
15 Endog før de brente fettet, kom prestens dreng og sa til den mann som ofret: Kom hit med kjøtt til å steke for presten! Han tar ikke imot kokt kjøtt av dig, bare rått.
Ja endå fyrr enn feittet var brent, kom prestedrengen og sagde til mannen som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! han vil ikkje hava kokt kjøt hjå deg, berre rått.»
16 Så sa mannen til ham: Først må fettet brennes; siden kan du ta for dig efter som du har lyst til. Da svarte han: Nei, nu straks skal du komme med det; ellers tar jeg det med makt.
Um då mannen sagde: «Fyrst må eg brenna feittet; sidan kann du taka alt det du lyster!» svara han: «Nei, kom straks med det! Elles tek eg det med magt.»
17 Og de unge menns synd var meget stor for Herrens åsyn; for mennene ringeaktet Herrens offer.
Den ovstore syndi dei unge prestarne gjorde beint i augo på Herren; vart so mykje større av di dei lærde folket svivyrda offeret til Herren.
18 Men Samuel tjente for Herrens åsyn - en ung gutt klædd i en livkjortel av lerret.
Samuel gjorde tenesta for Herrens åsyn. Alt medan han var smågut, var han klædd i ein messehakel av lin.
19 Og hans mor gjorde hvert år en liten kappe til ham; den hadde hun med til ham, når hun drog op med sin mann for å bære frem det årlige offer.
Dessutan laga mor hans ein liten kjole kvart år honom og hadde med seg, når ho kom med mannen sin og ofra det årvisse slagtofferet.
20 Da velsignet Eli Elkana og hans hustru og sa: Herren gi dig barn igjen med denne kvinne istedenfor ham som hun bad om for Herren! Så drog de hjem igjen.
Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sagde: «Herren gjeve deg fleire born med denne kona, i staden for honom som ho hev bede um i bøn til Herren!» So for dei heim att.
21 Og Herren så til Hanna, og hun blev fruktsommelig og fødte tre sønner og to døtre; men gutten Samuel vokste op hos Herren.
Og Herren kom i hug Hanna, og ho vart med barn og åtte tri søner og tvo døtter. Men guten Samuel voks upp hjå Herren.
22 Eli var meget gammel, og når han hørte om alt det hans sønner gjorde mot hele Israel, og at de lå hos de kvinner som gjorde tjeneste ved inngangen til sammenkomstens telt,
Eli var svært gamall. Han høyrde gjete alt det sønerne hans gjorde mot heile Israel, og at dei låg med dei kvinnorne som gjorde tenesta ved inngangen til møtetjeldet.
23 sa han til dem: Hvorfor gjør I således? Jeg hører av hele folket her at eders adferd er ond.
Og han sagde då: «Kvifor fer de soleis åt? Eg høyrer heile folket talar um all den vonde framferdi dykkar.
24 Ikke så, mine sønner! Det rykte jeg hører, er ikke godt; I forfører Herrens folk.
Gjer ikkje so, sønerne mine! det hev ikkje noko godt lov, so som eg høyrer ordet gjeng um dykk frå mann til mann millom Herrens folk.
25 Når en mann synder mot en annen mann, skal Gud dømme ham; men når en mann synder mot Herren, hvem skal da bede for ham? Men de hørte ikke på det deres far sa; for det var Herrens vilje å la dem dø.
Når folk syndar mot einannan, so dømer Gud deim imillom. Men når nokon syndar mot Herren, kven skal då ganga imillom?» Men dei lydde ikkje på ordi åt far sin; for Herren hadde etla deim til å døy.
26 Men gutten Samuel gikk frem i alder og i yndest både hos Herren og hos mennesker.
Men guten Samuel voks og mannast, og vann godhug både hjå Gud og menneskje.
27 Og det kom en Guds mann til Eli, og sa til ham: Så sier Herren: Har jeg ikke åpenbaret mig for din fars hus, da de var i Egypten og måtte tjene Faraos hus?
Ein gudsmann kom då til Eli og sagde til honom: «So segjer Herren: «For farsætti di openberra eg meg den tid dei var i Egyptarland og træla for Faraos hus.
28 Og jeg valgte ham blandt alle Israels stammer til prest for mig, til å ofre på mitt alter, brenne røkelse, bære livkjortel for mitt åsyn, og jeg gav din fars hus alle Israels barns ildoffer.
Eg valde henne millom alle Israels ætter til prestenesta mi, til å ofra på altaret mitt og brenna røykjelse og bera messehakel for mi åsyn. Og eg gav farsætti di offerretterne frå Israels-borni.
29 Hvorfor treder I mitt slaktoffer og mitt matoffer under føtter, de offer som jeg har påbudt i min bolig? Og du ærer dine sønner mere enn mig, idet I mesker eder med det beste av hver offergave som mitt folk, Israel, bærer frem.
Kvifor trakkar de då på slagtofferi og grjonofferi mine som eg skipa til i min bustad? Kor kann du æra sønerne dine meir enn meg, so det godnar dykk med det beste av kvar offergåva som Israel, folket mitt, ber fram?»
30 Derfor lyder ordet fra Herren, Israels Gud: Vel har jeg sagt: Ditt hus og din fars hus skal ferdes for mitt åsyn til evig tid. Men nu lyder Herrens ord: Det være langt fra mig! Dem som ærer mig, vil jeg ære, og de som ringeakter mig, skal bli til skamme.
Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
31 Se, dager skal komme da jeg avhugger din arm og din fars ætts arm, så ingen i din ætt skal bli gammel.
Sjå dei dagar kjem då eg høgg av din arm og armen åt farsætti di, so ingen vert gamall i ætti di.
32 Og du skal skue trengsel for Guds bolig tross alt det gode han gjør mot Israel, og det skal aldri finnes nogen gammel i ditt hus.
Og du skal sjå Guds bustad i naud, endå so mykje godt Herren gjer mot Israel. Og ingen skal nokon sinne verta gamall i ætti di.
33 Dog vil jeg ikke utrydde hver mann av din ætt fra mitt alter, så jeg lar dine øine slukne og din sjel vansmekte; men alle som vokser op i ditt hus, skal dø i sine manndomsår.
Berre ein einaste av di ætt vil eg ikkje rydja burt frå altaret mitt, so eg sløkkjer ut augo dine, og syg mergen or beini dine; og alle som veks upp i ditt hus, skal døy i dei beste manndomsåri.
34 Og til tegn på dette skal du ha det som skal ramme begge dine sønner, Hofni og Pinehas: De skal begge dø på en dag.
Og det skal du hava til merke, det som kjem yver sønerne dine, Hofni og Pinehas: på ein dag skal dei båe døy.
35 Og jeg vil opreise for mig en trofast prest: han skal gjøre efter min hu og min vilje, og jeg vil bygge ham et hus som blir stående, og han skal ferdes for min salvedes åsyn alle dager.
Eg vil reisa meg upp ein pålitande prest som gjer etter min hug og vilje. Åt honom vil eg byggja eit traust hus, so han allstødt skal gjera tenesta framfor den eg salvar.
36 Og enhver som er igjen av ditt hus, skal komme og bøie sig for ham for å få en sølvskilling og et brød og si: Kjære, sett mig i et av presteembedene, sa jeg kan få et stykke brød å ete!
Då vil det henda at alle som vert att i ætti di, kjem og kastar seg å gruve for honom og tiggar um ein skilling eller ein brødleiv, og segjer: «Kjære væne, set meg til medhjelpar i eit av preste-embætti dine, so eg kann få ein bite mat å eta!»»»

< 1 Samuels 2 >