< 1 Samuels 18 >

1 Efter hans samtale med Saul droges Jonatans sjel til David, og Jonatan fikk ham kjær som sitt eget liv.
Då han hadde tala ut med Saul, lagde Jonatan stor elsk på David, og Jonatan elska honom som seg sjølv.
2 Samme dag tok Saul ham til sig og lot ham ikke mere få vende tilbake til sin fars hus.
Saul tok honom til seg den dagen og let honom ikkje venda heim att til far sin.
3 Og Jonatan gjorde en pakt med David, fordi han hadde ham kjær som sitt eget liv.
Jonatan gjorde fostbrorlag med David, av di han elska honom som seg sjølv.
4 Og Jonatan tok av sig den kappe han hadde på, og gav den til David og likeså sine krigsklær, ja endog sitt sverd og sin bue og sitt belte.
Jonatan tok av seg kappa han bar og gav til David, og våpnkjolen sin, ja jamvel sverdet sitt og bogen sin og beltet sitt gav han honom.
5 Så drog David ut i krigen; i alt det Saul sendte ham til, bar han sig klokt at; Saul satte ham over sine krigsmenn, og han var vel likt av hele folket, også av Sauls tjenere.
David drog i herferd. Kvar helst Saul sende honom, hadde han lukka med seg. Og Saul sette honom yver krigsheren. Han var vel umtykt av heile folket, endå til av tenarane åt Saul.
6 Så hendte det da de kom hjem, da David vendte tilbake efterat han hadde slått filisteren, at kvinnene gikk ut fra alle Israels byer for å møte kong Saul med sang og dans, med trommer og med gledesrop og med musikk.
Då dei kom heim, etter David hadde felt filistaren, gjekk kvendi ut frå alle byar i Israel, med song og dans, til å møta kong Saul med trummor, fagnadrop og triangel.
7 Og de dansende kvinner istemte en sang og sa: Saul har slått sine tusener, men David sine titusener.
Kvendi trødde dansen og song: «Tusund tynte kong Saul, men David tie tusund.»
8 Da blev Saul meget vred; for dette ord likte han ille, og han sa: De har gitt David titusener, og mig har de gitt tusener, og nu står det bare tilbake at han får kongedømmet.
Då vart Saul brennande harm. Han mislika dei ordi og sagde: «David hev dei gjeve ti tusund; meg hev dei gjeve tusund! No vantar det honom berre kongedømet!»
9 Fra den dag så Saul stadig skjevt til David.
Og Saul såg jamleg med skakkauga på David frå den dagen.
10 Dagen efter kom det en ond ånd fra Gud over Saul, og han raste inne i sitt hus, mens David spilte på harpen, som han pleide å gjøre hver dag, og Saul hadde et spyd i hånden.
Dagen etter kom den vonde åndi frå Gud yver Saul. Og han rasa i huset sitt. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde. Saul hadde eit spjot i handi.
11 Da svang Saul spydet og tenkte: Jeg vil støte det gjennem David og inn i veggen. Men David bøide sig til side for ham to ganger.
Saul kasta spjotet og tenkte: «Eg rennar spjotet gjenom David og inn i veggen!» Men David bøygde seg undan, tvo vendor.
12 Saul var redd for David; for Herren var med ham, men fra Saul var han veket bort.
Saul vart rædd David, av di Herren var med honom, samstundes som han hadde vike frå Saul.
13 Derfor sendte Saul ham fra sig og satte ham til høvedsmann over tusen; og han drog ut og drog inn foran folket.
Saul fekk honom då burt frå seg, med di han sette honom til herførar: han førde herfolket både ut og heim.
14 Og David bar sig klokt at i alt han tok sig fore, og Herren var med ham.
David hadde lukka med seg all stad: Herren var med honom.
15 Da nu Saul så at han bar sig meget klokt at, grudde han for ham.
Då Saul såg at han hadde so stor ei lukka, fekk han rædsla for honom.
16 Men hele Israel og Juda hadde David kjær; for det var han som drog ut og drog inn foran dem.
Men heile Israel og Juda elska David; for han førde deim både ut og heim.
17 Og Saul sa til David: Her er min eldste datter Merab; henne vil jeg gi dig til hustru; la mig bare se at du er en djerv stridsmann og fører Herrens kriger! For Saul tenkte: Min hånd skal ikke ramme ham, men filistrenes hånd skal ramme ham.
Saul sagde med David: «Her er eldste dotter mi, Merab; henne gjev eg deg til kona. Berre te deg som ein dugande kar, og før striden for Herren!» Saul tenkte: «Ikkje for mi hand skal han falla, men for filistarane.»
18 David svarte Saul: Hvem er jeg, og hvem er mine frender, min fars ætt i Israel, at jeg skulde bli kongens svigersønn?
David svara Saul: «Kven er eg? og kva er ætti mi, farsætti mi i Israel, sidan eg skal verta måg til kongen.»
19 Men da tiden kom at Merab, Sauls datter, skulde gis til David, blev hun gitt Adriel fra Mehola til hustru.
Men då tidi kom at David skulde gifta seg med Merab, dotter åt Saul, gifte han henne med Adriel frå Mehola.
20 Mikal, Sauls datter, elsket David. Da Saul fikk vite dette, syntes han godt om det.
Med Mikal Saulsdotter hadde huglagt David. Saul fekk vita det, og han lika det godt;
21 Saul tenkte: Jeg vil la ham få henne, så hun kan bli til en snare for ham, og filistrenes hånd kan ramme ham. Og Saul sa til David: Ved min annen datter skal du idag bli min svigersønn.
for Saul tenkte: «Eg skal gjeva henne åt honom, soleis at ho vert til ei snara for honom, so han fell for filistarhand.» Saul sagde med David: «Andre venda kann du verta mågen min.»
22 Og Saul bød sine tjenere: Tal hemmelig med David og si: Kongen liker dig, og alle hans tjenere har dig kjær; bli derfor nu kongens svigersønn!
Og Saul baud folki sine: «Kviskra dette ordet i øyra på David: «Kongen likar deg godt, alle folki hans er glad i deg; no må du verta måg til kongen!»»
23 Da Sauls tjener sa disse ord til David, svarte han: Synes I det er en ringe ting å bli kongens svigersønn? Jeg er jo en fattig og ringe mann.
Då folki åt Saul sagde dette med David, svara han: «Tykkjer de det er so lite å vera kongsmåg? eg er då berre ein ring og fatig kar.»
24 Sauls tjenere fortalte ham dette og sa: Således sa David.
Tenarane åt Saul fortalde honom det: «So og so sagde David.»
25 Da sa Saul: Så skal I si til David: Kongen krever ingen annen festegave enn hundre filister-forhuder, så han kan få hevnet sig på kongens fiender. Men Saul tenkte å felle David ved filistrenes hånd.
Saul sagde: «Soleis skal de segja med David: «Kongen krev ikkje onnor festargåve enn hundrad huvehold av filistarar; for kongen vil hava hemn yver fiendarne sine.»» Saul vonast fella David med filistarhand.
26 Da hans tjenere fortalte David dette, var David glad over at han skulde bli kongens svigersønn. Og før tiden ennu var ute,
Tenarane hans melde desse ordi til David; og David lika godt å verta kongsmåg. Fyrr tidi var ute,
27 gjorde David sig rede og drog avsted med sine menn og slo ihjel to hundre mann blandt filistrene. Og David tok deres forhuder med sig og la dem fulltallig frem for kongen, så han kunne bli kongens svigersønn. Da gav Saul ham sin datter Mikal til hustru.
reis han upp og gjekk av stad med sveinarne sine og gav tvo hundrad filistarar banehogg. Og David førde huveholdi deira med seg og lagde fullt tal fram for kongen, so han kunde verta kongsmåg. So gav Saul honom Mikal til kona.
28 Nu så Saul og forstod at Herren var med David; og Mikal, Sauls datter, elsket ham.
Saul såg og skyna at Herren var med David. Mikal Saulsdotter elska honom.
29 Da blev Saul ennu mere redd David, og Saul var Davids fiende all sin tid.
Men Saul vart stendigt meir og meir rædd David. So vart Saul uvenen åt David for heile livet.
30 Så drog filistrenes høvdinger ut i krigen, og så ofte de drog ut, bar David sig klokere at enn alle Sauls tjenere, og han fikk et stort navn.
Men filistarfyrstarne for i herferd. Og so tidt det for ut, hadde David meir lukka med seg enn hermennerne åt Saul. Og namnet hans vart høgvyrdt.

< 1 Samuels 18 >