< Job 32 >

1 omiserunt autem tres viri isti respondere Iob eo quod iustus sibi videretur
Dei tri mennerne svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.
2 et iratus indignatusque Heliu filius Barachel Buzites de cognatione Ram iratus est autem adversus Iob eo quod iustum se esse diceret coram Deo
Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud.
3 porro adversum amicos eius indignatus est eo quod non invenissent responsionem rationabilem sed tantummodo condemnassent Iob
Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig.
4 igitur Heliu expectavit Iob loquentem eo quod seniores se essent qui loquebantur
For Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han;
5 cum autem vidisset quod tres respondere non potuissent iratus est vehementer
men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.
6 respondensque Heliu filius Barachel Buzites dixit iunior sum tempore vos autem antiquiores idcirco dimisso capite veritus sum indicare vobis meam sententiam
Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit.
7 sperabam enim quod aetas prolixior loqueretur et annorum multitudo doceret sapientiam
Eg tenkte: «Åri tala lyt og alderen forkynna visdom.»
8 sed ut video spiritus est in hominibus et inspiratio Omnipotentis dat intellegentiam
Nei, ånd lyt til hjå menneski; og Allvalds ande gjev deim vit.
9 non sunt longevi sapientes nec senes intellegunt iudicium
Dei gamle er’kje alltid vise, kvithærde veit’kje stødt det rette.
10 ideo dicam audite me ostendam vobis etiam ego meam scientiam
Difor eg segjer: Høyr på meg; eg vil og segja det eg veit.
11 expectavi enim sermones vestros audivi prudentiam vestram donec disceptaremini sermonibus
Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord.
12 et donec putabam vos aliquid dicere considerabam sed ut video non est qui arguere possit Iob et respondere ex vobis sermonibus eius
Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar.
13 ne forte dicatis invenimus sapientiam Deus proiecit eum non homo
Seg ikkje: «Visdom der me fann; Gud slå han ned, folk kann det ikkje.»
14 nihil locutus est mihi et ego non secundum vestros sermones respondebo illi
Han hev’kje tala imot meg, og ei med dykkar ord eg svarar.
15 extimuerunt non responderunt ultra abstuleruntque a se eloquia
Dei er forstøkte, svarar ikkje, dei vantar ord å føra fram.
16 quoniam igitur expectavi et non sunt locuti steterunt nec responderunt ultra
Treng eg vel venta når dei tegjer og stend der reint forutan svar?
17 respondebo et ego partem meam et ostendam scientiam meam
Eg vil og svara, eg for meg, eg vil og segja det eg veit.
18 plenus sum enim sermonibus et coartat me spiritus uteri mei
For eg er full av ord til svars; i bringa sprengjer åndi på.
19 en venter meus quasi mustum absque spiraculo quod lagunculas novas disrumpit
Mitt indre er som innstengd vin, lik nye vinhit vil det sprengjast.
20 loquar et respirabo paululum aperiam labia mea et respondebo
Eg tala vil so eg fær luft, vil opna lipporne og svara.
21 non accipiam personam viri et Deum homini non aequabo
Eg ikkje tek parti for nokon og smeikjer ei for nokor mann;
22 nescio enim quamdiu subsistam et si post modicum tollat me factor meus
å smeikja kann eg ikkje med; min skapar elles burt meg reiv.

< Job 32 >