< Deuteronomii 17 >

1 non immolabis Domino Deo tuo bovem et ovem in quo est macula aut quippiam vitii quia abominatio est Domini Dei tui
Du skal ikkje ofra til Herren, din Gud, ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren, din Gud.
2 cum repperti fuerint apud te intra unam portarum tuarum quas Dominus Deus tuus dabit tibi vir aut mulier qui faciant malum in conspectu Domini Dei tui et transgrediantur pactum illius
Finst det i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren mislikar, og bryt sambandet med honom,
3 ut vadant et serviant diis alienis et adorent eos solem et lunam et omnem militiam caeli quae non praecepi
og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren,
4 et hoc tibi fuerit nuntiatum audiensque inquisieris diligenter et verum esse reppereris et abominatio facta est in Israhel
og dette vert sagt deg, so skal du høyra deg fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel,
5 educes virum ac mulierem qui rem sceleratissimam perpetrarunt ad portas civitatis tuae et lapidibus obruentur
då skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden, og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna.
6 in ore duorum aut trium testium peribit qui interficietur nemo occidatur uno contra se dicente testimonium
Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; ingen skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål.
7 manus testium prima interficiet eum et manus reliqui populi extrema mittetur ut auferas malum de medio tui
Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa honom, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
8 si difficile et ambiguum apud te iudicium esse perspexeris inter sanguinem et sanguinem causam et causam lepram et non lepram et iudicum intra portas tuas videris verba variari surge et ascende ad locum quem elegerit Dominus Deus tuus
Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak, eller ei eigedomstrætta, eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i by eller bygd, so skal du gjera deg reidug, og fara upptil den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.
9 veniesque ad sacerdotes levitici generis et ad iudicem qui fuerit illo tempore quaeresque ab eis qui indicabunt tibi iudicii veritatem
Der skal du ganga til Levi-prestarne og til den domaren som då er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera.
10 et facies quodcumque dixerint qui praesunt loco quem elegerit Dominus et docuerint te
Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg frå den staden som Herren hev valt seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei hev lært deg.
11 iuxta legem eius sequeris sententiam eorum nec declinabis ad dextram vel ad sinistram
Den lovbodi dei lærer deg og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter, og ikkje gjera noko avbrøyte i det dei segjer deg fyre.
12 qui autem superbierit nolens oboedire sacerdotis imperio qui eo tempore ministrat Domino Deo tuo et decreto iudicis morietur homo ille et auferes malum de Israhel
Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra på presten, som stend der i Herrens tenesta, eller på domaren, han skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
13 cunctusque populus audiens timebit ut nullus deinceps intumescat superbia
Og heile folket skal høyre det, og ottast, so dei ikkje fer so vyrdlaust åt meir.
14 cum ingressus fueris terram quam Dominus Deus tuus dabit tibi et possederis eam habitaverisque in illa et dixeris constituam super me regem sicut habent omnes per circuitum nationes
Når du er komen inn i det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg, og hev lagt det under deg, og fest bu der, og du då kjem på at du vil få deg ein konge, liksom alle folki rundt ikring deg,
15 eum constitues quem Dominus Deus tuus elegerit de numero fratrum tuorum non poteris alterius gentis hominem regem facere qui non sit frater tuus
so skal du taka til konge den som Herren, din Gud, kårar ut. Ein av dine eigne landsmenner skal du taka til konge; du må ikkje taka ein framand, ein som ikkje høyrer til ditt eige folk.
16 cumque fuerit constitutus non multiplicabit sibi equos nec reducet populum in Aegyptum equitatus numero sublevatus praesertim cum Dominus praeceperit vobis ut nequaquam amplius per eandem viam revertamini
Men han skal ikkje halda mange hestar, og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: «Den vegen skal de ikkje fara meir!»
17 non habebit uxores plurimas quae inliciant animum eius neque argenti et auri inmensa pondera
Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem på avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull.
18 postquam autem sederit in solio regni sui describet sibi deuteronomium legis huius in volumine accipiens exemplar a sacerdotibus leviticae tribus
Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestarne og skrive henne av åt seg i ei bok;
19 et habebit secum legetque illud omnibus diebus vitae suae ut discat timere Dominum Deum suum et custodire verba et caerimonias eius quae lege praecepta sunt
og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine livedagar, so han kann læra å ottast Herren, sin Gud, og bera alle desse lovbodi og fyresegnerne i hugen og liva etter deim,
20 nec elevetur cor eius in superbiam super fratres suos neque declinet in partem dextram vel sinistram ut longo tempore regnet ipse et filii eius super Israhel
og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og koma burt ifrå lovi; då skal han liva lenge i riket sitt i Israel, både han og borni hans.

< Deuteronomii 17 >