< Thessalonicenses I 1 >

1 Paulus et Silvanus et Timotheus ecclesiae Thessalonicensium in Deo Patre et Domino Iesu Christo gratia vobis et pax
Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!
2 gratias agimus Deo semper pro omnibus vobis memoriam facientes in orationibus nostris sine intermissione
Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,
3 memores operis fidei vestrae et laboris et caritatis et sustinentiae spei Domini nostri Iesu Christi ante Deum et Patrem nostrum
med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,
4 scientes fratres dilecti a Deo electionem vestram
då me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.
5 quia evangelium nostrum non fuit ad vos in sermone tantum sed et in virtute et in Spiritu Sancto et in plenitudine multa sicut scitis quales fuerimus vobis propter vos
For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;
6 et vos imitatores nostri facti estis et Domini excipientes verbum in tribulatione multa cum gaudio Spiritus Sancti
og de vart etterfylgjarar til oss og til Herren då de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,
7 ita ut facti sitis forma omnibus credentibus in Macedonia et in Achaia
so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
8 a vobis enim diffamatus est sermo Domini non solum in Macedonia et in Achaia sed in omni loco fides vestra quae est ad Deum profecta est ita ut non sit nobis necesse quicquam loqui
For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut, ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng til å tala noko um det;
9 ipsi enim de nobis adnuntiant qualem introitum habuerimus ad vos et quomodo conversi estis ad Deum a simulacris servire Deo vivo et vero
for dei fortel sjølve um oss, kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudarne, til å tena den livande og sanne Gud
10 et expectare Filium eius de caelis quem suscitavit ex mortuis Iesum qui eripuit nos ab ira ventura
og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.

< Thessalonicenses I 1 >