< Zaccharias Propheta 14 >

1 Ecce venient dies Domini, et dividentur spolia tua in medio tui.
Sjå, det kjem ein Herrens dag då dei skal skifta ut ditt herfang inne i deg.
2 Et congregabo omnes Gentes ad Ierusalem in prælium, et capietur civitas, et vastabuntur domus, et mulieres violabuntur: et egredietur media pars civitatis in captivitatem, et reliquum populi non auferetur ex urbe.
Då skal eg samla alle folkeslagi til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnorne skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Et egredietur Dominus, et præliabitur contra Gentes illas, sicut præliatus est in die certaminis.
Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr på slagdagen.
4 Et stabunt pedes eius in die illa super Montem olivarum, qui est contra Ierusalem ad Orientem: et scindetur Mons olivarum ex media parte sui ad Orientem, et ad Occidentem prærupto grandi valde, et separabitur medium montis ad Aquilonem, et medium eius ad Meridiem.
På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
5 Et fugietis ad vallem montium eorum, quoniam coniungetur vallis montium usque ad proximum: et fugietis sicut fugistis a facie terræmotus in diebus Oziæ regis Iuda: et veniet Dominus Deus meus, omnesque sancti cum eo.
Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå heilt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda. Då skal han koma, Herren, min Gud - alle heilage med deg.
6 Et erit in die illa: Non erit lux, sed frigus et gelu.
På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt.
7 Et erit dies una, quæ nota est Domino, non dies neque nox: et in tempore vesperi erit lux.
Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
8 Et erit in die illa: Exibunt aquæ vivæ de Ierusalem: medium earum ad mare Orientale, et medium earum ad mare novissimum: in æstate et in hieme erunt.
Og på den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
9 Et erit Dominus Rex super omnem terram: in die illa erit Dominus unus, et erit nomen eius unum.
Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
10 Et revertetur omnis terra usque ad desertum, de colle Remmon ad Austrum Ierusalem: et exaltabitur, et habitabit in loco suo a porta Beniamin usque ad locum portæ prioris, et usque ad portam angulorum: et a turre Hananeel usque ad torcularia regis.
Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen.
11 Et habitabunt in ea, et anathema non erit amplius: sed sedebit Ierusalem secura.
Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt.
12 Et hæc erit plaga, qua percutiet Dominus omnes Gentes, quæ pugnaverunt adversus Ierusalem: Tabescet caro uniuscuiusque stantis super pedes suos, et oculi eius contabescent in foraminibus suis, et lingua eorum contabescet in ore suo.
Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna, medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holorne sine, og tunga skal rotna i munnen på deim.
13 In die illa erit tumultus Domini magnus in eis: et apprehendet vir manum proximi sui, et conseretur manus eius super manum proximi sui.
På den dagen skal ei stor rædsla frå Herren koma yver deim, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
14 Sed et Iudas pugnabit adversus Ierusalem: et congregabuntur divitiæ omnium Gentium in circuitu, aurum, et argentum, et vestes multæ satis.
Ogso Juda skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
15 Et sic erit ruina equi, et muli, et cameli, et asini, et omnium iumentorum, quæ fuerint in castris illis, sicut ruina hæc.
Den same refsingi skal og koma yver hestarne og muldyri og kamelarne og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
16 Et omnes, qui reliqui fuerint de universis Gentibus, quæ venerunt contra Ierusalem, ascendent ab anno in annum, ut adorent Regem, Dominum exercituum, et celebrent festivitatem tabernaculorum.
Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi.
17 Et erit: Qui non ascenderit de familiis terræ ad Ierusalem, ut adoret Regem, Dominum exercituum, non erit super eos imber.
Og um nokre av ætterne på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim.
18 Quod et si familia Ægypti non ascenderit, et non venerit: nec super eos erit, sed erit ruina, qua percutiet Dominus omnes Gentes, quæ non ascenderint ad celebrandam festivitatem tabernaculorum.
Dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal den same refsingi koma yver deim som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
19 Hoc erit peccatum Ægypti, et hoc peccatum omnium Gentium, quæ non ascenderint ad celebrandam festivitatem tabernaculorum.
Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
20 In die illa erit quod super frenum equi est, sanctum Domino: et erunt lebetes in domo Domini quasi phialæ coram altari.
På den dagen skal det standa på bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren, » og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret.
21 Et erit omnis lebes in Ierusalem, et in Iuda sanctificatus Domino exercituum: et venient omnes immolantes, et sument ex eis, et coquent in eis: et non erit mercator ultra in domo Domini exercituum in die illo.
Og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera vigd åt Herren, allhers drott, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av deim og koka i deim, og det skal ikkje meir finnast nokon kræmer i huset åt Herren, allhers drott, på den dagen.

< Zaccharias Propheta 14 >