< Zaccharias Propheta 10 >

1 Petite a Domino pluviam in tempore serotino, et Dominus faciet nives, et pluviam imbris dabit eis, singulis herbam in agro.
Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet, Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, gjev grøda på marki for kvar ein mann.
2 Quia simulacra locuta sunt inutile, et divini viderunt mendacium, et somniatores locuti sunt frustra: vane consolabantur: idcirco abducti sunt quasi grex: affligentur, quia non est eis pastor.
Men husgudarne talar fåfengd, og spåmennerne ser falske syner. Tome draumar talar dei, og svikfull er deira trøyst. Difor laut dei reika ikring som ein saueflokk og lida vondt av di det ikkje er nokon hyrding.
3 Super pastores iratus est furor meus, et super hircos visitabo: quia visitavit Dominus exercituum gregem suum, domum Iuda, et posuit eos quasi equum gloriæ suæ in bello.
Mot hyrdingarne er harmen min kveikt, og bukkarne vil eg heimsøkja, ja, Herren, allhers drott, ser til si hjord, Judas hus, og gjera henne til stashesten sin i striden.
4 Ex ipso angulus, ex ipso paxillas, ex ipso arcus prælii, ex ipso egredietur omnis exactor simul.
Frå det skal koma hyrnestein, frå det skal koma nagle, frå det skal koma stridsboge, frå det skal kvar einaste styresmann koma.
5 Et erunt quasi fortes conculcantes lutum viarum in prælio: et bellabunt, quia Dominus cum eis: et confundentur ascensores equorum.
Og dei skal vera lik kjempor som gjeng fram i striden nett som dei trakka i gateskarn; ja, strida skal dei; for Herren er med deim, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.
6 Et confortabo domum Iuda, et domum Ioseph salvabo: et convertam eos, quia miserebor eorum: et erunt sicut fuerunt quando non proieceram eos: ego enim Dominus Deus eorum, et exaudiam eos.
Og eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører deim atter heim; for eg vil miskunna deim, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt deim burt. For eg er Herren, deira Gud, og eg skal bønhøyra deim.
7 Et erunt quasi fortes Ephraim, et lætabitur cor eorum quasi a vino: et filii eorum videbunt, et lætabuntur, et exultabit cor eorum in Domino.
Efraims menner skal verta lik velduge kjempor, og hjarto deira skal gleda seg liksom av vin. Sønerne deira skal sjå det med fagnad; deira hjarto skal frygda seg i Herren.
8 Sibilabo eis, et congregabo illos, quia redemi eos: et multiplicabo eos sicut ante fuerant multiplicati.
Eg vil blistra på deim og samla deim; for eg hev løyst deim ut, og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.
9 Et seminabo eos in populis, et de longe recordabuntur mei: et vivent cum filiis suis, et revertentur.
Eg vil så deim ut millom folki; men på dei framande stader skal dei minnast meg, og dei skal liva med borni sine og venda heim att.
10 Et reducam eos de Terra Ægypti, et de Assyriis congregabo eos, et ad Terram Galaad et Libani adducam eos, et non invenietur eis locus:
Ja, eg let deim koma heim frå Egyptarland, og frå Assur skal eg samla deim; til Gileadlandet og til Libanon fører eg deim, og der skal det skorta på rom åt deim.
11 et transibit in maris freto, et percutiet in mari fluctus, et confundentur omnia profunda fluminis, et humiliabitur superbia Assur, et sceptrum Ægypti recedet.
Han skal draga fram gjenom havet i trengsla; bylgjorne skal slå ned i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptarland.
12 Confortabo eos in Domino, et in nomine eius ambulabunt, dicit Dominus.
Men deim skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.

< Zaccharias Propheta 10 >