< Psalmorum 144 >

1 Psalmus David Adversus Goliath. Benedictus Dominus Deus meus, qui docet manus meas ad prælium, et digitos meos ad bellum.
Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred,
2 Misericordia mea, et refugium meum: susceptor meus, et liberator meus: Protector meus, et in ipso speravi: qui subdit populum meum sub me.
mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg!
3 Domine quid est homo, quia innotuisti ei? aut filius hominis, quia reputas eum?
Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det?
4 Homo vanitati similis factus est: dies eius sicut umbra prætereunt.
Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.
5 Domine inclina cælos tuos, et descende: tange montes, et fumigabunt.
Herre, bøyg din himmel, og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!
6 Fulgura coruscationem, et dissipabis eos: emitte sagittas tuas, et conturbabis eos:
Lat ljonet lyna, og spreid deim, send dine piler, og skræm deim!
7 Emitte manum tuam de alto, eripe me, et libera me de aquis multis: de manu filiorum alienorum.
Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande,
8 Quorum os locutum est vanitatem: et dextera eorum, dextera iniquitatis.
dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand.
9 Deus canticum novum cantabo tibi: in psalterio, decachordo psallam tibi.
Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,
10 Qui das salutem regibus: qui redemisti David servum tuum de gladio maligno:
du som gjev kongar frelsa, som friar David, tenaren din, frå det vonde sverd.
11 eripe me. Et erue me de manu filiorum alienorum, quorum os locutum est vanitatem: et dextera eorum, dextera iniquitatis:
Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand!
12 Quorum filii, sicut novellæ plantationes in iuventute sua. Filiæ eorum compositæ: circumornatæ ut similitudo templi.
So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,
13 Promptuaria eorum plena, eructantia ex hoc in illud. Oves eorum fœtosæ, abundantes in egressibus suis:
so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker,
14 boves eorum crassæ. Non est ruina maceriæ, neque transitus: neque clamor in plateis eorum.
so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator.
15 Beatum dixerunt populum, cui hæc sunt: beatus populus, cuius Dominus Deus eius.
Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.

< Psalmorum 144 >