< Psalmorum 115 >

1 NON NOBIS DOMINE, NON NOBIS: sed nomini tuo da gloriam.
Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!
2 Super misericordia tua, et veritate tua: nequando dicant Gentes: Ubi est Deus eorum?
Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er no deira Gud?»
3 Deus autem noster in cælo: omnia quæcumque voluit, fecit.
Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han.
4 Simulacra gentium argentum, et aurum, opera manuum hominum.
Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
5 Os habent, et non loquentur: oculos habent, et non videbunt.
Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje;
6 Aures habent, et non audient: nares habent, et non odorabunt.
dei hev øyro, men høyrer ikkje, dei hev nos, men luktar ikkje.
7 Manus habent, et non palpabunt: pedes habent, et non ambulabunt: non clamabunt in gutture suo.
Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen.
8 Similes illis fiant qui faciunt ea: et omnes qui confidunt in eis.
Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.
9 Domus Israel speravit in Domino: adiutor eorum et protector eorum est.
Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
10 Domus Aaron speravit in Domino: adiutor eorum et protector eorum est.
Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
11 Qui timent Dominum, speraverunt in Domino: adiutor eorum et protector eorum est.
De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
12 Dominus memor fuit nostri: et benedixit nobis: Benedixit domui Israel: benedixit domui Aaron.
Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,
13 Benedixit omnibus, qui timent Dominum, pusillis cum maioribus.
han skal velsigna deim som ottast Herren, dei små med dei store.
14 Adiiciat Dominus super vos: super vos, et super filios vestros.
Herren late dykk auka, dykk og dykkar born!
15 Benedicti vos a Domino, qui fecit cælum, et terram.
Velsigna er de av Herren, han som skapte himmel og jord.
16 Cælum cæli Domino: terram autem dedit filiis hominum.
Himmelen er himmel for Herren, men jordi hev han gjeve menneskjeborni.
17 Non mortui laudabunt te Domine: neque omnes, qui descendunt in infernum. (questioned)
Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av deim som stig ned i stilla.
18 Sed nos qui vivimus, benedicimus Domino, ex hoc nunc et usque in sæculum.
Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!

< Psalmorum 115 >