< Liber Numeri 21 >

1 Quod cum audisset Chananæus rex Arad, qui habitabat ad meridiem, venisse scilicet Israel per exploratorum viam, pugnavit contra illum, et victor existens, duxit ex eo prædam.
Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim.
2 At Israel voto se Domino obligans, ait: Si tradideris populum istum in manu mea, delebo urbes eius.
Då gjorde Israel ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du dette folket i våre hender, so skal me bannstøyta byarne deira.»
3 Exaudivitque Dominus preces Israel, et tradidit Chananæum, quem ille interfecit subversis urbibus eius: et vocavit nomen loci illius Horma, id est, anathema.
Og Herren høyrde bøni, og gav kananitarne i Israels hender, og Israel bannstøytte deim og byarne deira; sidan kalla dei den staden Horma.
4 Profecti sunt autem et de monte Hor, per viam, quæ ducit ad Mare rubrum, ut circumirent terram Edom. Et tædere cœpit populum itineris ac laboris:
Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet, og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;
5 locutusque contra Deum et Moysen, ait: Cur eduxisti nos de Ægypto, ut moreremur in solitudine? Deest panis, non sunt aquæ: anima nostra iam nauseat super cibo isto levissimo.
dei lasta Gud og Moses, og sagde: «Kvi hadde de oss burt frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.»
6 Quamobrem misit Dominus in populum ignitos serpentes, ad quorum plagas et mortes plurimorum,
Då sende Herren eiterormar, som for inn imillom folket og hogg deim, so mange av deim døydde.
7 venerunt ad Moysen, atque dixerunt: Peccavimus, quia locuti sumus contra Dominum et te: ora ut tollat a nobis serpentes. Oravitque Moyses pro populo,
So kom dei til Moses, og sagde: «Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormarne!» Då bad Moses for folket.
8 et locutus est Dominus ad eum: Fac serpentem æneum, et pone eum pro signo: qui percussus aspexerit eum, vivet.
Og Herren sagde til Moses: «Gjer deg ein eitarorm, og set honom upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på honom få liva.»
9 Fecit ergo Moyses SERPENTEM ÆNEUM, et posuit eum pro signo: quem cum percussi aspicerent, sanabantur.
So gjorde Moses ein koparorm, og sette honom på ei stong, og kvar gong ormarne hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han liva.
10 Profectique filii Israel castrametati sunt in Oboth.
Sidan tok Israels-sønerne i vegen att, og lægra seg i Obot.
11 Unde egressi fixere tentoria in Ieabarim, in solitudine, quæ respicit Moab contra orientalem plagam.
So tok dei ut frå Obot, og lægra seg ved Ijje-ha-Abarim i øydemarki austanfor Moab.
12 Et inde moventes, venerunt ad Torrentem Zared.
So for dei derifrå, og slo læger i Zereddalen.
13 Quem relinquentes castrametati sunt contra Arnon, quæ est in deserto, et prominet in finibus Amorrhæi. siquidem Arnon terminus est Moab, dividens Moabitas et Amorrhæos.
So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne;
14 Unde dicitur in libro bellorum Domini: Sicut fecit in Mari rubro, sic faciet in torrentibus Arnon.
difor stend det i boki um Herrens herferder: «Vaheb vann me snøgge som vinden, åern’ alle, ja sjølve Arnon -
15 Scopuli torrentium inclinati sunt, ut requiescerent in Ar, et recumberent in finibus Moabitarum.
elvelidi som heldt til Arheim og hallar seg uppåt Moabs-eigni.»
16 Ex eo loco apparuit puteus, super quo locutus est Dominus ad Moysen: Congrega populum, et dabo ei aquam.
So for dei til Be’er. Der er den brunnen som Herren tala um då han sagde til Moses: «Kalla i hop folket, so skal eg gjeva deim vatn!»
17 Tunc cecinit Israel carmen istud: Ascendat puteus. Concinebant:
Då song Israel denne songen: «Vell upp, du klåre olla! Ein song me vil deg syngja!
18 Puteus, quem foderunt principes, et paraverunt duces multitudinis in datore legis, et in baculis suis. De solitudine, Matthana.
Du brunn som jarlar bora, og hovdingarne hola med styrarstavarn’ sine - frå aude grunn ei gåva.»
19 De Matthana in Nahaliel: de Nahaliel, in Bamoth.
Frå Mattana for dei so til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot,
20 De Bamoth, vallis est in regione Moab, in vertice Phasga, quod respicit contra desertum.
og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen av Pisgafjellet, og hallar ned imot Øydemoen.
21 Misit autem Israel nuncios ad Sehon regem Amorrhæorum, dicens:
Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritarne, og sagde:
22 Obsecro ut transire mihi liceat per terram tuam: non declinabimus in agros et vineas, non bibemus aquas ex puteis, via regia gradiemur, donec transeamus terminos tuos.
«Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrarne eller vingardarne, og ikkje drikka av brunnarne; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne gjenom landet ditt.»
23 Qui concedere noluit ut transiret Israel per fines suos: quin potius exercitu congregato, egressus est obviam in desertum, et venit in Iasa, pugnavitque contra eum.
Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim.
24 A quo percussus est in ore gladii, et possessa est terra eius ab Arnon usque Ieboc, et filios Ammon: quia forti præsidio tenebantur termini Ammonitarum.
Men Israel hogg honom ned med kvasse sverd, og tok landet hans, frå Arnon til Jabbok til Ammonriket; men landskilet åt Ammons-sønerne var tettsett med borger.
25 Tulit ergo Israel omnes civitates eius, et habitavit in urbibus Amorrhæi, in Hesebon scilicet, et viculis eius.
Og Israel lagde under seg alle byarne åt amoritarne, og vart buande der, i Hesbon og alle dei byarne som høyrde til.
26 Urbs Hesebon fuit Sehon regis Amorrhæi, qui pugnavit contra regem Moab: et tulit omnem terram, quæ ditionis illius fuerat, usque Arnon.
For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde slegest med den fyrre kongen i Moab, og teke frå honom alt landet heilt til Arnon.
27 Idcirco dicitur in Proverbio: Venite in Hesebon, ædificetur, et construatur civitas Sehon:
Difor segjer skalden: «Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg!
28 Ignis egressus est de Hesebon, flamma de oppido Sehon, et devoravit Ar Moabitarum, et habitatores excelsorum Arnon.
For eld for ut frå Hesbon, frå Sihons stad ein loge, som øydde Ar i Moab og herja deim som hyste på Arnonhøgdene.
29 Væ tibi Moab, peristi popule Chamos. Dedit filios eius in fugam, et filias in captivitatem regi Amorrhæorum Sehon.
Ai ei, no er det ute med ætti åt Kamos! Han sønern’ sine sender som rømingar or riket, og sine døtter driv han til amoritardrotten Sihon i fangeferd.
30 Iugum ipsorum disperiit ad Hesebon usque Dibon, lassi pervenerunt in Nophe, et usque Medaba.
Me skot på skot deim sende; Hesbon vart lagd i grus og heile landet herja med odd og egg, til Dibon. Me øydde alt ikring oss, og kveikte ufredselden alt burt åt Medeba.»
31 Habitavit itaque Israel in Terra Amorrhæi.
Israels-sønerne slo seg ned i Amoritarlandet,
32 Misitque Moyses qui explorarent Iazer: cuius ceperunt viculos, et possederunt habitatores.
og Moses sende njosnarar til Jazer; siden lagde dei under seg alle bygderne der ikring, og dreiv ut amoritarne som budde der.
33 Verteruntque se, et ascenderunt per viam Basan, et occurrit eis Og rex Basan cum omni populo suo, pugnaturus in Edrai.
So tok dei på ei onnor leid, og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan, for i mot deim til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.
34 Dixitque Dominus ad Moysen: Ne timeas eum, quia in manu tua tradidi illum, et omnem populum, ac terram eius: faciesque illi sicut fecisti Sehon regi Amorrhæorum habitatori Hesebon.
Men Herren sagde til Moses: «Du treng ikkje vera rædd honom! Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»
35 Percusserunt igitur et hunc cum filiis suis, universumque populum eius usque ad internecionem, et possederunt terram illius.
So hogg dei honom ned, både honom og sønerne og folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei åt seg landet.

< Liber Numeri 21 >