< Iudicum 21 >

1 Iuraverunt quoque filii Israel in Maspha et dixerunt: Nullus nostrum dabit filiis Beniamin de filiabus suis uxorem.
I Mispa hadde Israels-mennerne svore: «Ingen av oss skal gjeva dotter si til nokon benjaminit!»
2 Veneruntque omnes ad domum Dei in Silo, et in conspectu eius sedentes usque ad vesperam, levaverunt vocem, et magno ululatu cœperunt flere, dicentes:
Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn alt til det vart kveld, og dei storgret,
3 Quare Domine Deus Israel factum est hoc malum in populo tuo, ut hodie una tribus auferretur ex nobis?
og sagde: «Herre, Israels Gud, kvi skulde dette henda i Israel at me i dag lyt sakna ei heil ætt av Israel?»
4 Altera autem die diluculo consurgentes, extruxerunt altare: obtuleruntque ibi holocausta, et pacificas victimas, et dixerunt:
Tidleg den andre morgonen bygde folket eit altar der, og bar fram brennoffer og takkoffer.
5 Quis non ascendit in exercitu Domini de universis tribubus Israel? Grandi enim iuramento se constrinxerant, cum essent in Maspha, interfici eos qui defuissent.
Då sagde Israels-sønerne: «Var det millom heile Israels-folket nokon mann som ikkje kom upp til møtet hjå Herren?» For dei hadde svore sin dyraste eid at den som ikkje kom upp til Herren, til Mispa, han skulde lata livet.
6 Ductique pœnitentia filii Israel super fratre suo Beniamin, cœperunt dicere: Ablata est tribus una de Israel,
Israels-sønerne syrgde yver Benjamin, bror sin, og sagde: «I dag er det hoggi burt ei heil grein av Israel!
7 unde uxores accipient? omnes enim in commune iuravimus, non daturos nos his filias nostras.
Kva skal me gjera for dei som att er, so dei kann få seg konor, når me hev svore ved Herren at me ikkje vil gjeva dei nokor av døtterne våre?»
8 Idcirco dixerunt: Quis est de universis tribubus Israel, qui non ascendit ad Dominum in Maspha? Et ecce inventi sunt habitatores Iabes Galaad in illo exercitu non fuisse.
So spurde dei att: «Var det nokon mann av Israels-folket som ikkje kom upp til Herren i Mispa?» Då fekk dei vita at frå Jabes i Gilead var ingen komen til lægret eller til møtet;
9 (Eo quoque tempore cum essent in Silo, nullus ex eis ibi repertus est.)
folket vart mynstra, og då synte det seg at ingen av Jabes-buarne frå Gilead var der.
10 Miserunt itaque decem millia viros robustissimos, et præceperunt eis: Ite, et percutite habitatores Iabes Galaad in ore gladii, tam uxores quam parvulos eorum.
So sende lyden tolv tusund stridsmenner dit, og sagde til deim: «Far av stad og hogg ned Jabes-buarne i Gilead med konor og born!
11 Et hoc erit quod observare debebitis: Omne generis masculini, et mulieres, quæ cognoverunt viros, interficite, virgines autem reservate.
Høyr no kva de skal gjera: Kvar karmann, og kvar kvinna som hev vore nær nokon karmann og havt samlega med honom, skal de bannstøyta og rydja ut!»
12 Inventæque sunt de Iabes Galaad quadringentæ virgines, quæ nescierunt viri thorum, et adduxerunt eas ad castra in Silo, in Terram Chanaan.
Då fann dei millom Jabes-buarne i Gilead fire hundrad ungmøyar som aldri hadde vore nær nokon mann og havt samlega med honom, og deim tok dei med seg til lægret i Silo i Kana’ans-land.
13 Miseruntque nuncios ad filios Beniamin, qui erant in Petra Remmon, et præceperunt eis, ut eos susciperent in pace.
Og heile lyden sende bod til Benjamins-sønerne som var på Rimmonshøgdi, og lova deim fred.
14 Veneruntque filii Beniamin in illo tempore, et datæ sunt eis uxores de filiabus Iabes Galaad: alias autem non repererunt, quas simili modo traderent.
Då kom benjaminitarne att med ein gong, og Israels-mennerne let deim få dei kvinnorne som dei hadde spart etter av Jabes-folket i Gilead; men det rakk ikkje til for deim.
15 Universusque Israel valde doluit, et egit pœnitentiam super interfectione unius tribus ex Israel.
Og folket syrgde endå yver Benjamin; for Herren hadde hogge eit skard i Israels-folket.
16 Dixeruntque maiores natu: Quid faciemus reliquis, qui non acceperunt uxores? omnes in Beniamin feminæ conciderunt,
Og styresmennerne for lyden sagde: «Kva skal me gjera for deim som att er, so dei kann få seg konor, sidan alle kvinnor i Benjamins-ætti er utrudde?
17 et magna nobis cura, ingentique studio providendum est, ne una tribus deleatur ex Israel.
Dei som liver etter av Benjamin, skal få det som ætti hev ått, » sagde dei; «for ei ætt av Israel må ikkje ganga til grunnar.
18 Filias enim nostras eis dare non possumus, constricti iuramento et maledictione, qua diximus: Maledictus qui dederit de filiabus suis uxorem Beniamin.
Men me kann ikkje gjeva deim nokor av døtterne våre.» For Israels-sønerne hadde lyst ei våbøn, og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein benjaminit!»
19 Ceperuntque consilium, atque dixerunt: Ecce sollemnitas Domini est in Silo anniversaria, quæ sita est ad Septentrionem urbis Bethel, et ad Orientalem plagam viæ, quæ de Bethel tendit ad Sichimam, et ad Meridiem oppidi Lebona.
«Men høyr no!» sagde dei: «År um anna held dei ei høgtid for Herren i Silo, som ligg nordanfor Betel, austanfor storvegen som ber frå Betel upp til Sikem, og sunnanfor Lebona.
20 Præceperuntque filiis Beniamin, atque dixerunt: Ite, ad latitate in vineis.
Far dit», sagde dei til Benjamins-sønerne, «og legg dykk på lur i vinhagarne!
21 Cumque videritis filias Silo ad ducendos choros ex more procedere, exite repente de vineis, et rapite ex eis singuli uxores singulas, et pergite in Terram Beniamin.
Når de då ser at Silo-møyarne kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vinhagarne og rana dykk kvar si kona millom Silo-møyarne, og so fara heim til Benjaminslandet!
22 Cumque venerint patres earum, ac fratres, et adversum vos queri cœperint, atque iurgari, dicemus eis: Miseremini eorum: non enim rapuerunt eas iure bellantium atque victorum, sed rogantibus ut acciperent, non dedistis, et a vestra parte peccatum est.
Og når federne eller brørne deira kjem og kjærer seg for oss, so skal me segja til deim: «Unn oss desse møyarne! For me vann ikkje konor åt deim alle i striden. Og det er ikkje de som hev gjeve deim møyarne; elles hadde de no havt skuld på dykk.»»
23 Feceruntque filii Beniamin, ut sibi fuerat imperatum: et iuxta numerum suum rapuerunt sibi de his, quæ ducebant choros, uxores singulas: abieruntque in possessionem suam ædificantes urbes, et habitantes in eis.
Og Benjamins-sønerne gjorde so, og henta seg kvar si kona millom møyarne som dei rana på dansarvollen. So for dei heim att til odelslandet sitt, og bygde upp att byarne og vart buande der.
24 Filii quoque Israel reversi sunt per tribus, et familias in tabernacula sua.
På same tid drog Israels-sønerne og burt derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar for heim til sin odelsgard.
25 In diebus illis non erat rex in Israel: sed unusquisque quod sibi rectum videbatur, hoc faciebat.
I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar gjorde som han hadde hug til.

< Iudicum 21 >