< Iudicum 14 >

1 Descendit ergo Samson in Thamnatha. vidensque ibi mulierem de filiabus Philisthiim,
Ein gong bar det so til at Samson gjekk ned til Timna; der fekk han sjå ei filistargjenta.
2 ascendit, et nunciavit patri suo, et matri suæ, dicens: Vidi mulierem in Thamnatha de filiabus Philisthinorum: quam quæso ut mihi accipiatis uxorem.
Då han kom heim att, sagde han det med far sin og mor si: «Eg såg ei filistargjenta i Timna; henne lyt de festa til kona åt meg!»
3 Cui dixerunt pater et mater sua: Numquid non est mulier in filiabus fratrum tuorum, et in omni populo meo, quia vis accipere uxorem de Philisthiim, qui incircumcisi sunt? Dixitque Samson ad patrem suum: Hanc mihi accipe: quia placuit oculis meis.
Då sagde foreldri hans til honom: «Finst det då ingi gjenta hjå frendarne dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane?» Men Samson svara far sin: «Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.»
4 Parentes autem eius nesciebant quod res a Domino fieret, et quæreret occasionem contra Philisthiim. eo enim tempore Philisthiim dominabantur Israeli.
Foreldri hans skyna ikkje at dette kom frå Herren; for han søkte eit høve til å koma innpå filistarane - den gongen rådde filistarane i Israel.
5 Descendit itaque Samson cum patre suo et matre in Thamnatha. Cumque venissent ad vineas oppidi, apparuit catulus leonis sævus, et rugiens, et occurrit ei.
So gjekk Samson og foreldri hans ned til Timna. Då dei kom til vinhagarne utanfor byen, for ei ung løva burande imot honom;
6 Irruit autem Spiritus Domini in Samson, et dilaceravit leonem, quasi hœdum in frustra discerpens, nihil omnino habens in manu: et hoc patri et matri noluit indicare.
då kom Herrens ande yver honom, og han tok løva, og sleit henne sund med berre nevarne, som det skulde vore eit kid; men han sagde’kje med foreldri sine kva han hadde gjort.
7 Descenditque et locutus est mulieri, quæ placuerat oculis eius.
So gjekk han ned og tala med gjenta; og han lika henne framifrå godt.
8 Et post aliquot dies revertens ut acciperet eam, declinavit ut videret cadaver leonis, et ecce examen apum in ore leonis erat ac favus mellis.
Um ei tid for han ned att og vilde gifta seg med henne. So tok han av vegen, vilde sjå løva som han hadde drepe; då fann han eit biebol med honning i skrovet hennar.
9 Quem cum sumpsisset in manibus, comedebat in via: veniensque ad patrem suum et matrem, dedit eis partem, qui et ipsi comederunt: nec tamen eis voluit indicare quod mel de corpore leonis assumpserat.
Han tok honningen ut, og heldt honom i henderne og åt, med han gjekk frametter, og då han kom til foreldri sine, gav han dei og, og dei åt; men han sagde det ikkje med deim at han hadde funne honningen i løveskrovet.
10 Descendit itaque pater eius ad mulierem, et fecit filio suo Samson convivium. sic enim iuvenes facere consueverant.
Då far hans kom ned til bruri, gjorde Samson eit gjestebod der, som dei unge mennerne hadde for vis.
11 Cum ergo cives loci illius vidissent eum, dederunt ei sodales triginta ut essent cum eo.
Og so snart dei fekk sjå honom, fann dei honom tretti fylgjesmenner; dei var stødt med honom,
12 Quibus locutus est Samson: Proponam vobis problema: quod si solveritis mihi intra septem dies convivii, dabo vobis triginta sindones, et totidem tunicas:
og ein dag sagde Samson til deim: «No vil eg bjoda dykk ei gåta! Løyser de henne åt meg innan dei sju gjestebodsdagarne er ute, og løyser de henne rett, so skal eg gjeva dykk tretti fine skjortor og tretti festklædningar;
13 sin autem non potueritis solvere, vos dabitis mihi triginta sindones, et eiusdem numeri tunicas. Qui responderunt ei: Propone problema, ut audiamus.
men kann de ikkje løysa henne, skal de gjeva meg tretti fine skjortor og tretti festklædningar.» «Seg fram gåta di, so me fær høyra henne!» svara dei.
14 Dixitque eis: De comedente exivit cibus, et de forti egressa est dulcedo. nec potuerunt per tres dies propositionem solvere.
Då sagde han: «Av ein etar kom etand’, av den sterke kom søtt.» So leid det tri dagar, og dei var ikkje god til å løysa gåta.
15 Cumque adesset dies septimus, dixerunt ad uxorem Samson: Blandire viro tuo, et suade ei ut indicet tibi quid significet problema. quod si facere nolueris, incendemus te, et domum patris tui. an idcirco vocastis nos ad nuptias ut spoliaretis?
Den sjuande dagen sagde dei til bruri: «Få mannen din til å segja oss løysningi på gåta, elles brenner me upp både deg og folket ditt! Er det for å arma oss ut at de hev bede oss hit?»
16 Quæ fundebat apud Samson lacrymas, et quærebatur dicens: Odisti me, et non diligis: idcirco problema, quod proposuisti filiis populi mei, non vis mihi exponere. At ille respondit: Patri meo et matri nolui dicere: et tibi indicare potero?
Då gret bruri framfyre honom, og sagde: «Du held ikkje av meg! Du berre hatar meg! Du hev bode landsmennerne mine ei gåta, men meg hev du ikkje sagt korleis ho skal løysast!» «Eg hev’kje sagt det med far min og mor mi; skulde eg so segja det med deg?» svara Samson.
17 Septem igitur diebus convivii flebat ante eum: tandemque die septimo cum ei esset molesta, exposuit. Quæ statim indicavit civibus suis.
Men ho hekk yver honom og gret alle dei sju dagarne som gjestebodet varde, og den sjuande dagen sagde han det med henne, av di ho plåga honom so. So løyste ho gåta for landsmennerne sine,
18 Et illi dixerunt ei die septimo ante solis occubitum: Quid dulcius melle, et quid fortius leone? Qui ait ad eos: Si non arassetis in vitula mea, non invenissetis propositionem meam.
og fyrr soli gladde den sjuande dagen, kom mennerne i byen og sagde til honom: «Kva er søtar’ enn honning? Kva er sterkar’ enn løva?» Då svara Samson: «Hadde de’kje pløgt med mi kviga, so hadde de’kje løyst mi gåta.»
19 Irruit itaque in eum Spiritus Domini, descenditque Ascalonem, et percussit ibi triginta viros. quorum ablatas vestes dedit iis, qui problema solverant. Iratusque nimis ascendit in domum patris sui:
Og Herrens ande kom yver honom; han gjekk ned til Askalon, og slo i hel tretti filistarar, tok klædi deira, og let deim som hadde løyst gåta få deim til høgtidsklede; og harm som han var, for han heim att til garden åt far sin.
20 uxor autem eius accepit maritum unum de amicis eius et pronubis.
Men kona hans vart gjevi til den fylgjesmannen, som han hadde valt seg til brursvein.

< Iudicum 14 >