< Job 34 >

1 Pronuntians itaque Eliu, etiam hæc locutus est:
Og Elihu tok til ords og sagde:
2 Audite sapientes verba mea, et eruditi auscultate me:
«Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg!
3 Auris enim verba probat, et guttur escas gustu diiudicat.
For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar.
4 Iudicium eligamus nobis, et inter nos videamus quid sit melius.
So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode!
5 Quia dixit Iob: Iustus sum, et Deus subvertit iudicium meum.
For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke;
6 In iudicando enim me, mendacium est: violenta sagitta mea absque ullo peccato.
tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.»
7 Quis est vir ut est Iob, qui bibit subsannationem quasi aquam:
Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn,
8 Qui graditur cum operantibus iniquitatem, et ambulat cum viris impiis?
som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk?
9 Dixit enim: Non placebit vir Deo, etiam si cucurrerit cum eo.
For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?»
10 Ideo viri cordati audite me, absit a Deo impietas, et ab Omnipotente iniquitas.
Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett.
11 Opus enim hominis reddet ei, et iuxta vias singulorum restituet eis.
Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd.
12 Vere enim Deus non condemnabit frustra, nec Omnipotens subvertet iudicium.
Nei, urettferdig er’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten.
13 Quem constituit alium super terram? aut quem posuit super orbem, quem fabricatus est?
Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen?
14 Si direxerit ad eum cor suum, spiritum illius et flatum ad se trahet.
Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att,
15 Deficiet omnis caro simul, et homo in cinerem revertetur.
då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold.
16 Si habes ergo intellectum, audi quod dicitur, et ausculta vocem eloquii mei.
Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord!
17 Numquid qui non amat iudicium, sanari potest? et quomodo tu eum, qui iustus est, in tantum condemnas?
Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise?
18 Qui dicit regi, apostata: qui vocat duces impios:
Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?»
19 Qui non accipit personas principum: nec cognovit tyrannum, cum disceptaret contra pauperum: opus enim manuum eius sunt universi.
Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle?
20 Subito morientur, et in media nocte turbabuntur populi, et pertransibunt, et auferent violentum absque manu.
Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa.
21 Oculi enim eius super vias hominum, et omnes gressus eorum considerat.
Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek;
22 Non sunt tenebræ, et non est umbra mortis, ut abscondantur ibi qui operantur iniquitatem.
det finst’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg.
23 Neque enim ultra in hominis potestate est, ut veniat ad Deum in iudicium.
Han tarv’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms.
24 Conteret multos, et innumerabiles, et stare faciet alios pro eis.
Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad.
25 Novit enim opera eorum: et idcirco inducet noctem, et conterentur.
Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning.
26 Quasi impios percussit eos in loco videntium.
Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå,
27 Qui quasi de industria recesserunt ab eo, et omnes vias eius intelligere noluerunt:
dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt -
28 Ut pervenire facerent ad eum clamorem egeni, et audiret vocem pauperum.
so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte.
29 Ipso enim concedente pacem, quis est qui condemnet? ex quo absconderit vultum, quis est qui contempletur eum et super gentes et super omnes homines?
Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen,
30 Qui regnare facit hominem hypocritam propter peccata populi.
so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket.
31 Quia ergo ego locutus sum ad Deum, te quoque non prohibebo.
For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond.
32 Si erravi, tu doce me: si iniquitatem locutus sum, ultra non addam.
Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?»
33 Numquid a te Deus expetit eam, quia displicuit tibi? tu enim cœpisti loqui, et non ego: quod si quid nosti melius, loquere.
Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit.
34 Viri intelligentes loquantur mihi, et vir sapiens audiat me.
Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer:
35 Iob autem stulte locutus est, et verba illius non sonant disciplinam.
«Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.»
36 Pater mi, probetur Iob usque ad finem: ne desinas ab homine iniquitatis.
Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis!
37 Quia addit super peccata sua blasphemiam, inter nos interim constringatur: et tunc ad iudicium provocet sermonibus suis Deum.
For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»

< Job 34 >