< Jeremiæ 6 >

1 Confortamini filii Beniamin in medio Ierusalem, et in Thecua clangite buccina, et super Bethacarem levate vexillum: quia malum visum est ab Aquilone, et contritio magna.
Fly, de Benjamins-søner, ut or Jerusalem, og blås i herlur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! for ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.
2 Speciosæ et delicatæ assimilavi filiam Sion.
Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg.
3 Ad eam venient pastores, et greges eorum: fixerunt in ea tentoria in circuitu: pascet unusquisque eos, qui sub manu sua sunt.
Til henne skal hyrdingar koma med hjorderne sine; dei slær upp tjeld rundt kringum henne, dei beiter av kvar sitt stykke.
4 Sanctificate super eam bellum: consurgite, et ascendamus in meridie: væ nobis, quia declinavit dies, quia longiores factæ sunt umbræ vesperi.
Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggarne lengjest.
5 Surgite, et ascendamus in nocte, et dissipemus domus eius.
Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar borghaller øyde!
6 Quia hæc dicit Dominus exercituum: Cædite lignum eius, et fundite circa Ierusalem aggerem: hæc est civitas visitationis, omnis calumnia in medio eius.
For so segjer Herren, allhers drott: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med vondskap all igjenom.
7 Sicut frigidam fecit cisterna aquam suam, sic frigidum fecit malitiam suam: iniquitas et vastitas audietur in ea, coram me semper infirmitas et plaga.
Likeins som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram. Valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.
8 Erudire Ierusalem, ne forte recedat anima mea a te, ne forte ponam te desertam terram inhabitabilem.
Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjæl ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land.
9 Hæc dicit Dominus exercituum: Usque ad racemum colligent quasi in vinea reliquias Israel: converte manum tuam quasi vindemiator ad cartallum.
So segjer Herren, allhers drott: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei gjera på leivningen av Israel.
10 Cui loquar? et quem contestabor ut audiat? ecce incircumcisæ aures eorum, et audire non possunt: ecce verbum Domini factum est eis in opprobrium: et non suscipient illud.
Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord er vorte til spott bland deim, dei likar det ikkje,
11 Idcirco furore Domini plenus sum, laboravi sustinens: effunde super parvulum foris, et super consilium iuvenum simul: vir enim cum muliere capietur, senex cum pleno dierum.
Men eg er full av Herrens harm, eg er utmødd av å halda honom inne.
12 Et transibunt domus eorum ad alteros, agri et uxores pariter: quia extendam manum meam super habitantes terram, dicit Dominus.
Og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins. For eg vil retta ut mi hand mot deim som bur i landet, segjer Herren.
13 A minore quippe usque ad maiorem omnes avaritiæ student: et a propheta usque ad sacerdotem cuncti faciunt dolum.
For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik.
14 Et curabant contritionem filiæ populi mei cum ignominia, dicentes: Pax, pax: et non erat pax.
Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.
15 Confusi sunt, quia abominationem fecerunt: quin potius confusione non sunt confusi, et erubescere nescierunt. quam ob rem cadent inter ruentes: in tempore visitationis suæ corruent, dicit Dominus.
Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren.
16 Hæc dicit Dominus: State super vias, et videte, et interrogate de semitis antiquis, quæ sit via bona, et ambulate in ea: et invenietis refrigerium animabus vestris. Et dixerunt: Non ambulabimus.
So sagde Herren: Statt på vegarne og sjå etter og spør etter dei gamle stigarne, kvar vegen til det gode er, og ferdast so på den, so skal de finna kvild for sjælerne dykkar. Men dei sagde: «Me vil ikkje ferdast på honom.»
17 Et constitui super vos speculatores. Audite vocem tubæ. Et dixerunt: Non audiemus.
Og eg sette vaktmenner yver dykk og sagde: «Lyd vel etter lurljomen!» Men dei sagde: «Me vil ikkje lyda etter.»
18 Ideo audite Gentes, et cognosce congregatio, quanta ego faciam eis.
Difor høyr, de folk, og få vit på, du lyd, kva som i deim bur.
19 Audi terra: Ecce ego adducam mala super populum istum, fructum cogitationum eius: quia verba mea non audierunt, et legem meam proiecerunt.
Høyr det, du jord: sjå, eg fører ulukka yver dette folk - den grøda deira løynderåder hev bore - for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og loverne mine mismætte dei.
20 Ut quid mihi thus de Saba affertis, et calamum suave olentem de terra longinqua? holocautomata vestra non sunt accepta, et victimæ vestræ non placuerunt mihi.
Kva skal eg med røykjelse som kjem frå Sjeba, og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad, og slagtofferi hev eg ikkje hug på.
21 Propterea hæc dicit Dominus: Ecce ego dabo in populum istum ruinas, et ruent in eis patres et filii simul, vicinus, et proximus peribunt.
Difor, so segjer Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og feder og søner saman skal snåva på deim, granne med granne skal verta tynt.
22 Hæc dicit Dominus: Ecce populus venit de terra Aquilonis, et gens magna consurget a finibus terræ.
So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi.
23 Sagittam et scutum arripiet: crudelis est, et non miserebitur. vox eius quasi mare sonabit: et super equos ascendent, præparati quasi vir ad prælium, adversum te filia Sion.
Um boge og spjot held dei traust, illharde er dei og syner ikkje miskunn. Røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som menner til strid mot deg, du dotter Sion.
24 Audivimus famam eius, dissolutæ sunt manus nostræ: tribulatio apprehendit nos, dolores ut parturientem.
Me hev fenge fretnader um deim, magtstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.
25 Nolite exire ad agros, et in via ne ambuletis: quoniam gladius inimici pavor in circuitu.
Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd; rædsla rundt ikring.
26 Filia populi mei accingere cilicio, et conspergere cinere: luctum unigeniti fac tibi, planctum amarum, quia repente veniet vastator super nos.
Du dotter, mitt folk, gyrd deg med sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver ein einberning, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss.
27 Probatorem dedi te in populo meo robustum: et scies, et probabis viam eorum.
Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk - til ei borg - so du skal kjenna og ransaka deira veg.
28 Omnes isti principes declinantes, ambulantes fraudulenter, æs et ferrum: universi corrupta sunt.
Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon.
29 Defecit sufflatorium, in igne consumptum est plumbum, frustra conflavit conflator: malitiæ enim eorum non sunt consumptæ.
Smidjebelgen hev blåse, men av elden kjem berre bly; til fåfengs var den reinsande smelting, og dei vonde vart ikkje utskilde.
30 Argentum reprobum vocate eos, quia Dominus proiecit illos.
«Sylv som er vanda» kallar dei deim, for Herren hev vanda deim.

< Jeremiæ 6 >