< Jeremiæ 3 >

1 Vulgo dicitur: Si dimiserit vir uxorem suam, et recedens ab eo, duxerit virum alterum: numquid revertetur ad eam ultra? numquid non polluta, et contaminata erit mulier illa? tu autem fornicata es cum amatoribus multis: tamen revertere ad me, dicit Dominus, et ego suscipiam te.
Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
2 Leva oculos tuos in directum, et vide ubi non prostrata sis: in viis sedebas, expectans eos quasi latro in solitudine: et polluisti terram in fornicationibus tuis, et in malitiis tuis.
Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.
3 Quam ob rem prohibitæ sunt stillæ pluviarum, et serotinus imber non fuit: frons mulieris meretricis facta est tibi, noluisti erubescere.
So vart då regnskurerne haldne att; og vårregn kom det ikkje. Men di panna var som på ei horkona: det beid ikkje skam i deg.
4 Ergo saltem amodo voca me: Pater meus, dux virginitatis meæ tu es:
Hev du ikkje nett no kalla på meg og sagt: «Min fader!» «Min ungdomsven er du?»
5 Numquid irasceris in perpetuum, aut perseverabis in finem? Ecce locuta es, et fecisti mala, et potuisti.
«Kann han vilja gøyma på vreide æveleg og harmast for ævelengdi?» Sjå, det tala du, men gjorde det vonde og kunde det med.
6 Et dixit Dominus ad me in diebus Iosiæ regis: Numquid vidisti quæ fecerit aversatrix Israel? abiit sibimet super omnem montem excelsum, et sub omni ligno frondoso, et fornicata est ibi.
Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.
7 Et dixi, cum fecisset hæc omnia: Ad me revertere: et non est reversa. Et vidit prævaricatrix soror eius Iuda,
Og eg sagde: Etter ho hev gjort alt dette, vil ho snu attende til meg, men ho snudde ikkje. Og det såg den utrue kvinna, hennar syster Juda.
8 quia pro eo, quod mœchata esset aversatrix Israel, dimisissem eam, et dedissem ei libellum repudii: et non timuit prævaricatrix Iuda soror eius, sed abiit, et fornicata est etiam ipsa.
Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje hennar utrue syster Juda like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med.
9 Et facilitate fornicationis suæ contaminavit terram, et mœchata est cum lapide et ligno.
Og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.
10 Et in omnibus his non est reversa ad me prævaricatrix soror eius Iuda in toto corde suo, sed in mendacio, ait Dominus.
Og med alt dette hev hennar utrue syster Juda ikkje snutt um til meg av alt sitt hjarta, men berre læst gjera det, segjer Herren.
11 Et dixit Dominus ad me: Iustificavit animam suam aversatrix Israel, comparatione prævaricatricis Iudæ.
Og Herren sagde med meg: Den fråfalne, Israel, tedde seg rettferdigare enn den utrue, Juda.
12 Vade, et clama sermones istos contra Aquilonem, et dices: Revertere aversatrix Israel, ait Dominus, et non avertam faciem meam a vobis: quia sanctus ego sum, dicit Dominus, et non irascar in perpetuum.
Gakk av stad og ropa ut desse ordi mot nord og seg: Snu då um, du frå falne, Israel, segjer Herren. Eg vil ikkje møta deg med harmfullt andlit, for eg er miskunnsam, segjer Herren, og gøymer ikkje æveleg på vreide.
13 Verumtamen scito iniquitatem tuam, quia in Dominum Deum tuum prævaricata es: et dispersisti vias tuas alienis sub omni ligno frondoso, et vocem meam non audisti, ait Dominus.
Berre kannast ved di misgjerning, at du fall ifrå Herren, din Gud, og på ymse leider for etter framande gudar inn under kvart eit grønt tre, men på mi røyst hev de ikkje lydt, segjer Herren.
14 Convertimini filii revertentes, dicit Dominus: quia ego vir vester: et assumam vos unum de civitate, et duos de cognatione, et introducam vos in Sion.
Snu um, de fråfalne born, segjer Herren, for eg er herren dykkar. Og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og lata dykk koma til Sion.
15 Et dabo vobis pastores iuxta cor meum, et pascent vos scientia et doctrina.
Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.
16 Cumque multiplicati fueritis, et creveritis in terra in diebus illis, ait Dominus: non dicent ultra: Arca testamenti Domini: neque ascendet super cor, neque recordabuntur illius: nec visitabitur, nec fiet ultra.
Og når de aukar og veks i landet i dei dagarne, segjer Herren, då skal dei aldri meir tala um Herrens sambandskista, ja, ikkje koma henne i hug di heller og ikkje minnast henne og ikkje sakna henne, og dei skal ikkje heller meir gjera seg ei slik.
17 In tempore illo vocabunt Ierusalem Solium Domini: et congregabuntur ad eam omnes Gentes in nomine Domini in Ierusalem, et non ambulabunt post pravitatem cordis sui pessimi.
I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folk skal samlast dit til Herrens namn, til Jerusalem. Og aldri meir skal dei ferdast etter sitt vonde, harde hjarta.
18 In diebus illis ibit domus Iuda ad domum Israel, et venient simul de terra Aquilonis ad terram, quam dedi patribus vestris.
I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.
19 Ego autem dixi: Quomodo ponam te in filios, et tribuam tibi terram desiderabilem, hereditatem præclaram exercituum Gentium? Et dixi: Patrem vocabis me, et post me ingredi non cessabis.
Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»
20 Sed quomodo si contemnat mulier amatorem suum, sic contempsit me domus Israel, dicit Dominus.
Men liksom ei kvinna er utru mot venen sin, soleis hev de vore utrue mot meg, du Israels hus, segjer Herren.
21 Vox in viis audita est, ploratus et ululatus filiorum Israel: quoniam iniquam fecerunt viam suam, obliti sunt Domini Dei sui.
Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.
22 Convertimini filii revertentes, et sanabo aversiones vestras. Ecce nos venimus ad te: tu enim es Dominus Deus noster.
Snu um, de fråfalne born, so skal eg lækja dykk etter dykkar fråfall. Sjå her, me kjem til deg, for du er Herren, vår Gud.
23 Vere mendaces erant colles, et multitudo montium: vere in Domino Deo nostro salus Israel.
Sanneleg, til fåfengs var voni til haugarne, ståket på heidarne. Sanneleg, i Herren, vår Gud, er Israels frelsa.
24 Confusio comedit laborem patrum nostrorum ab adolescentia nostra, greges eorum, et armenta eorum, filios eorum, et filias eorum.
Og skjemdar-tinget hev ete upp det federne våre stræva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.
25 Dormiemus in confusione nostra, et operiet nos ignominia nostra: quoniam Domino Deo nostro peccavimus nos, et patres nostri ab adolescentia nostra usque ad diem hanc: et non audivimus vocem Domini Dei nostri.
Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren, vår Gud, hev me synda, me og federne våre, alt frå ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt Herren, vår Guds, røyst.

< Jeremiæ 3 >