< Isaiæ 7 >

1 Et factum est in diebus Achaz filii Ioathan, filii Oziæ regis Iuda, ascendit Rasin rex Syriæ, et Phacee filius Romeliæ rex Israel, in Ierusalem, ad præliandum contra eam: et non potuerunt debellare eam.
Og det bar til i dei dagarne då Ahaz, son åt Jotam, soneson åt Uzzia, var konge i Juda, at den syriske kongen, Resin, og Israels-kongen Pekah, son åt Remalja, drog upp mot Jerusalem og vilde hertaka byen, men dei greide det ikkje.
2 Et nunciaverunt domui David, dicentes: Requievit Syria super Ephraim, et commotum est cor eius, et cor populi eius, sicut moventur ligna silvarum a facie venti.
Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efraim, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden.
3 Et dixit Dominus ad Isaiam: Egredere in occursum Achaz tu, et qui derelictus est Iasub filius tuus, ad extremum aquæductus piscinæ superioris in via Agri fullonis.
Men Herren sagde til Jesaja: «Gakk ut med son din Sjear-Jasjub og møt Ahaz ved enden av vatsleidingi i den øvre dammen, på vegen til Bleikjevollen,
4 Et dices ad eum: Vide ut sileas: noli timere, et cor tuum ne formidet a duabus caudis titionum fumigantium istorum in ira furoris Rasin regis Syriæ, et filii Romeliæ:
og seg til honom: Tak deg vel i vare og haldt deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brandarne, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen!
5 eo quod consilium inierit contra te Syria in malum Ephraim, et filius Romeliæ, dicentes:
Etter di Syria med Efraim og Remaljasonen hev lagt upp vonde råder mot deg og sagt:
6 Ascendamus ad Iudam, et suscitemus eum, et avellamus eum ad nos, et ponamus regem in medio eius filium Tabeel.
«Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja inn ein konge der, Tab’al-sonen, »
7 Hæc dicit Dominus Deus: Non stabit, et non erit istud:
difor segjer Herren, Herren: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda.
8 sed caput Syriæ Damascus, et caput Damasci Rasin: et adhuc sexaginta et quinque anni, et desinet Ephraim esse populus:
For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal Efraim vera lagt i øyde, so det ikkje meir er eit folk.
9 et caput Ephraim Samaria, et caput Samariæ filius Romeliæ. Si non credideritis, non permanebitis.
Og Efraims hovud er Samaria, og hovudet åt Samaria er Remaljasonen. Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.»
10 Et adiecit Dominus loqui ad Achaz, dicens:
Og Herren heldt ved og tala til Ahaz og sagde:
11 Pete tibi signum a Domino Deo tuo in profundum inferni, sive in excelsum supra. (Sheol h7585)
«Krev deg eit teikn av Herren, din Gud, anten nedan or helheimsdjupet, eller ovan ifrå høgdi!» (Sheol h7585)
12 Et dixit Achaz: Non petam, et non tentabo Dominum.
Men Ahaz svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje freista Herren.»
13 Et dixit: Audite ergo domus David: Numquid parum vobis est, molestos esse hominibus, quia molesti estis et Deo meo?
Då sagde han: «So høyr då, du Davids hus: Er det dykk ikkje nok, at de set tolmodet åt menneskje på prøva? Vil de og prøva Guds tolmod?
14 Propter hoc dabit Dominus ipse vobis signum. Ecce virgo concipiet, et pariet filium, et vocabitur nomen eius Emmanuel.
So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho gjev honom namnet Immanuel.
15 Butyrum et mel comedet, ut sciat reprobare malum, et eligere bonum.
Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode.
16 Quia antequam sciat puer reprobare malum, et eligere bonum, derelinquetur terra, quam tu detestaris a facie duorum regum suorum.
For innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongarne som no fær deg til å fæla.
17 Adducet Dominus super te, et super populum tuum, et super domum patris tui dies, qui non venerunt a diebus separationis Ephraim a Iuda cum rege Assyriorum.
Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efraim skilde seg frå Juda: assyrarkongen.
18 Et erit in die illa: Sibilabit Dominus muscæ, quæ est in extremo fluminum Ægypti, et api, quæ est in terra Assur,
For på den tidi skal Herren blistra på fluga langt burte ved elvarne i Egyptarland og på bia i Assyrialandet;
19 et venient, et requiescent omnes in torrentibus vallium, et in cavernis petrarum, et in omnibus frutetis, et in universis foraminibus.
og dei skal koma og slå seg ned alle saman i dei aude dalarne og bergklufterne, i alle klungerrunnar og ved alle brynne-stader.
20 In die illa radet Dominus in novacula conducta in his, qui trans flumen sunt, in rege Assyriorum, caput et pilos pedum, et barbam universam.
På den dagen skal Herren med ein rakekniv, som er tinga på hi sida av elvi, med assyrarkongen, raka av alt hår både ovantil og nedantil, jamvel skjegget vert avskrapa.
21 Et erit in die illa: Nutriet homo vaccam boum, et duas oves,
På den tidi skal ein mann føda ei kviga og tvo sauer.
22 et præ ubertate lactis comedet butyrum: butyrum enim et mel manducabit omnis qui relictus fuerit in medio terræ.
Men han skal få so mykje mjølk, at han kann leva av surmjølk; ja, alle som finst att i landet, skal liva av sur mjølk og honning.
23 Et erit in die illa: Omnis locus ubi fuerint mille vites, mille argenteis, in spinas et in vepres erunt.
Og det skal verta soleis på den tidi, at der det no stend tusund vintre som er tusund sylvdalar verde, der skal det berre veksa torn og tistel.
24 Cum sagittis et arcu ingredientur illuc: vepres enim et spinæ erunt in universa terra.
Med piler og bogar skal ein ganga dit; for alt landet ber torn og tistel.
25 Et omnes montes, qui in sarculo sarrientur, non veniet illuc terror spinarum et veprium. et erit in pascua bovis, et in conculcationem pecoris.
Og alle dei berg der dei no onnar med hakka, skal ingen meir setja sin fot på av otte for torn og tistel; dei skal verta hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.»

< Isaiæ 7 >