< Isaiæ 46 >

1 Confractus est Bel, contritus est Nabo: facta sunt simulachra eorum bestiis et iumentis, onera vestra gravi pondere usque ad lassitudinem.
Bel stuper, Nebo sig. Deira bilæte kjem til dyr og fe. De bar deim i høgtid, no legg de deim på dyr som ber seg trøytte av byrdi.
2 Contabuerunt, et contrita sunt simul: non potuerunt salvare portantem, et anima eorum in captivitatem ibit.
Dei sig og stupar alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølv lyt dei fara or landet.
3 Audite me domus Iacob, et omne residuum domus Israel, qui portamini a meo utero, qui gestamini a mea vulva.
Høyr på meg, du Jakobs hus, og heile du leivning av Israels hus! De som er borne frå moderliv og lyfte på hender frå moderfang.
4 Usque ad senectam ego ipse, et usque ad canos ego portabo: ego feci, et ego feram: ego portabo, et salvabo.
Til dykkar alderdom er eg den same, og til dei gråe hår skal eg bera dykk. Eg hev gjort det, og eg skal lyfta, eg skal bera og berga.
5 Cui assimilastis me, et adæquastis, et comparastis me, et fecistis similem?
Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven set de upp til jamliken min?
6 Qui confertis aurum de sacculo, et argentum statera ponderatis: conducentes aurificem, ut faciat deum: et procidunt, et adorant.
Dei rister gull utor pungen, veg upp sylv på vegti, leiger ein gullsmed til å laga ein gud, som dei bøygjer seg for og bed til.
7 Portant illum in humeris gestantes, et ponentes in loco suo: et stabit, ac de loco suo non movebitur. sed et cum clamaverint ad eum, non audiet: de tribulatione non salvabit eos.
Dei tek han på nakken og ber honom burt og set honom på sin plass, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken. Ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.
8 Mementote istud, et confundamini: redite prævaricatores ad cor.
Tenk på det, og vert støde, de fråfalne, tak det til hjarta!
9 Recordamini prioris sæculi, quoniam ego sum Deus, et non est ultra Deus, nec est similis mei:
Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud og ingen annan, ein Gud som ei hev sin like,
10 Annuncians ab exordio novissimum, et ab initio quæ necdum facta sunt, dicens: Consilium meum stabit, et omnis voluntas mea fiet:
eg som frå upphavet enden varslar, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: «Mi rådgjerd skal standa, og alt det eg vil, det gjer eg!»
11 Vocans ab Oriente avem, et de terra longinqua virum voluntatis meæ. et locutus sum, et adducam illud: creavi, et faciam illud.
Eg som kallar ørnen frå aust, langt burtanfrå mannen som fullfører mi råd. Som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, eg set det i verk.
12 Audite me duro corde, qui longe estis a iustitia.
Høyr på meg, de stridlyndte, som er langt burte frå rettferd!
13 Prope feci iustitiam meam, non elongabitur, et salus mea non morabitur. Dabo in Sion salutem, et in Israel gloriam meam.
Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa skal ikkje drygja. Eg gjev frelsa i Sion og til Israel min herlegdom.

< Isaiæ 46 >