< Esdræ 1 >

1 In anno primo Cyri regis Persarum ut compleretur verbum Domini ex ore Ieremiæ, suscitavit Dominus spiritum Cyri regis Persarum: et traduxit vocem in omni regno suo, etiam per scripturam, dicens:
I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
2 Hæc dicit Cyrus rex Persarum: Omnia regna terræ dedit mihi Dominus Deus cæli, et ipse præcepit mihi ut ædificarem ei domum in Ierusalem, quæ est in Iudæa.
«So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda.
3 Quis est in vobis de universo populo eius? Sit Deus illius cum ipso. Ascendat in Ierusalem, quæ est in Iudæa, et ædificet domum Domini Dei Israel, ipse est Deus qui est in Ierusalem.
Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere hans Gud, med honom, og han drage upp til Jerusalem i Juda og byggje hus åt Herren, Israels Gud! Det er den Gud som bur i Jerusalem.
4 Et omnes reliqui in cunctis locis ubicumque habitant, adiuvent eum viri de loco suo argento et auro, et substantia, et pecoribus, excepto quod voluntarie offerunt templo Dei, quod est in Ierusalem.
Og kvar helst nokon endå er att og bur framand på ein stad, skal folket der hjelpa honom til med sylv og gull, lausøyre og bufe, umfram det som dei godviljugt gjev til gudshuset i Jerusalem.»»
5 Et surrexerunt principes patrum de Iuda, et Beniamin, et Sacerdotes, et Levitæ, et omnis, cuius Deus suscitavit spiritum, ut ascenderent ad ædificandum templum Domini, quod erat in Ierusalem.
Då gjorde ættarhovdingarne i Juda og Benjamin seg reiduge til å fara, og det same gjorde prestarne og levitarne, alle dei som Gud vekte hugen i, dei vilde fara upp og byggja Herrens hus i Jerusalem.
6 Universique qui erant in circuitu, adiuverunt manus eorum in vasis argenteis et aureis, in substantia et iumentis, in supellectili, exceptis his, quæ sponte obtulerant.
Og alle grannarne deira hjelpte deim til med gåvor: sylv og gull, lausøyre og bufe og dyrverdige gåvor, umfram alt det som dei sjølve gav godviljugt.
7 Rex quoque Cyrus protulit vasa templi Domini, quæ tulerat Nabuchodonosor de Ierusalem, et posuerat ea in templo Dei sui.
Kyrus sjølv, kongen, gav frå seg alle dei kjerald som Nebukadnessar hadde teke burt frå Jerusalem og sett inn i huset åt sin gud.
8 Protulit autem ea Cyrus rex Persarum per manum Mithridatis filii Gazabar, et annumeravit ea Sassabasar principi Iuda.
Desse gav no Kyrus, persarkongen, frå seg til Mitredat, som var skattmeister, og han talde deim for Sesbassar, som var hovding yver Juda.
9 Et hic est numerus eorum: Phialæ aureæ triginta, phialæ argenteæ mille, cultri vigintinovem, scyphi aurei triginta,
Talet på desse kjerald var: Tretti gullfat, tusund sylvfat og ni og tjuge andre offerkjerald,
10 scyphi argentei secundi quadringenti decem: vasa alia mille.
tretti gullskålar og fire hundrad og ti sylvskålar av ringare slag og tusund andre kjerald.
11 Omnia vasa aurea et argentea quinque millia quadringenta: universa tulit Sassabasar cum his, qui ascendebant de transmigratione Babylonis in Ierusalem.
Kjeraldi av gull og sylv var i alt fem tusund og fire hundrad. Alt dette førde Sesbassar med seg då dei burtførde for upp frå Babel til Jerusalem.

< Esdræ 1 >