< Esdræ 6 >

1 Tunc Darius rex præcepit: et recensuerunt in bibliotheca librorum, qui erant repositi in Babylone,
Etter dette let kong Darius folk leita etter i arkivet der skattarne vart gløymde i Babel.
2 et inventum est in Ecbatanis, quod est castrum in Medena provincia volumen unum, talisque scriptus erat in eo commentarius:
Då fann dei i borgi Ahmeta i jarleriket Media ei bokrulla, og i den stod det skrive: «Til minne:
3 Anno primo Cyri regis: Cyrus rex decrevit ut domus Dei ædificaretur, quæ est in Ierusalem, in loco ubi immolent hostias, et ut ponant fundamenta supportantia altitudinem cubitorum sexaginta, et latitudinem cubitorum sexaginta,
I det fyrste året kong Kyrus styrde, gav kong Kyrus denne fyresegni: «Guds hus i Jerusalem, det huset skal no verta uppbygt upp att, so det vert ein stad som folk kann bera fram offer. Det skal setjast på fast grunn, og skal vera seksti alner høgt og seksti alner breidt,
4 ordines de lapidibus impolitis tres, et sic ordines de lignis novis: sumptus autem de domo regis dabuntur.
med tri umkverv store steinar og eitt umkverv av nytt timber. Kostnaden skal greidast ut frå kongsgarden.
5 Sed et vasa templi Dei aurea et argentea, quæ Nabuchodonosor tulerat de templo Ierusalem, et attulerat ea in Babylonem, reddantur, et referantur in templum in Ierusalem in locum suum, quæ et posita sunt in templo Dei.
So skal og alle kjerald av gull og sylv gjevast attende, dei som Nebukadnessar tok ut or templet i Jerusalem og førde med seg til Babel; dei skal koma til templet i Jerusalem, til sin rette stad, dei skal setjast inn i Guds hus.» -
6 Nunc ergo Thathanai dux regionis, quæ est trans Flumen, Stharbuzanai, et consiliarii vestri Apharsachæi, qui estis trans Flumen, procul recedite ab illis,
«Og no, du Tatnai, jarl i landi på hi sida elvi, og du Setar-Boznai, og embætsbrørne dykkar, mennerne frå Afarsak på hi sida elvi, haldt dykk burte derifrå!
7 et dimittite fieri templum Dei illud a duce Iudæorum, et a senioribus eorum, ut domum Dei illam ædificent in loco suo.
De skal alle lata arbeidet på dette gudshuset i fred. Jarlen og styresmennerne hjå jødarne må byggja dette gudshuset den staden det skal vera.
8 Sed et a me præceptum est quid oporteat fieri a presbyteris Iudæorum illis ut ædificetur domus Dei, scilicet ut de arca regis, id est, de tributis, quæ dantur de regione trans Flumen, studiose sumptus dentur viris illis ne impediatur opus.
Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.
9 Quod si necesse fuerit, et vitulos, et agnos, et hœdos in holocaustum Deo cæli, frumentum, sal, vinum, et oleum, secundum ritum Sacerdotum, qui sunt in Ierusalem, detur eis per singulos dies, ne sit in aliquo querimonia.
Og det som dei treng av ungnaut og verar og lamb til brennoffer åt Gud i himmelen, kveite og salt, vin og olje, det skal dei få utan skort til kvar dag, etter uppgåva frå prestarne i Jerusalem,
10 Et offerant oblationes Deo cæli, orentque pro vita regis, et filiorum eius.
so dei kann bera fram offer til ein god ange for Gud i himmelen, og beda for kongen og kongssønerne sitt liv.
11 A me ergo positum est decretum: Ut omnis homo, qui hanc mutaverit iussionem, tollatur lignum de domum ipsius, et erigatur, et configatur in eo, domus autem eius publicetur.
Og no skal det høyra kva eg meir segjer fyre, at um nokon gjer imot dette bodet, då skal det brjotast ut ein bjelke or huset hans, og på den bjelken skal dei hengja mannen upp og negla honom fast, og huset hans skal verta gjort til ein møkdunge, av di han hev bore seg soleis.
12 Deus autem, qui habitare fecit nomen suum ibi, dissipet omnia regna, et populum qui extenderit manum suam ut repugnet, et dissipet domum Dei illam, quæ est in Ierusalem. Ego Darius statui decretum, quod studiose impleri volo.
Måtte so den Gud som hev late namnet sitt bu der, slå ned alle dei kongar og folk som retter handi si ut til å gjera imot dette bodet og vil gjera noko til meins for dette gudshuset i Jerusalem. Eg, Darius, hev sagt fyre alt dette. Lat det so ganga fullt etter fyresegni!»»
13 Igitur Thathanai dux regionis trans Flumen, et Stharbuzanai, et consiliarii eius, secundum quod præceperat Darius rex, sic diligenter executi sunt.
Tatnai, jarl yver landi på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira gjorde fullt og heilt etter som det stod i fyreskrifterne frå kong Dairus.
14 Seniores autem Iudæorum ædificabant, et prosperabantur iuxta prophetiam Aggæi prophetæ, et Zachariæ filii Addo: et ædificaverunt et construxerunt iubente Deo Israel, et iubente Cyro, et Dario, et Artaxerxe regibus Persarum:
Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.
15 et compleverunt domum Dei istam, usque ad diem tertium mensis Adar, qui est annus sextus regni Darii regis.
So vart då huset fullt ferdigt til tridje dagen i månaden adar i det sette styringsåret åt kong Dairus.
16 Fecerunt autem filii Israel Sacerdotes et Levitæ, et reliqui filiorum transmigrationis, dedicationem Domus Dei in gaudio.
Og Israels-sønerne, prestarne og levitarne og alle dei andre som var komne heim att or utlægdi, heldt då høgtid og vigde dette gudshuset med fagnad.
17 Et obtulerunt in dedicationem domus Dei, vitulos centum, arietes ducentos, agnos quadringentos, hircos caprarum pro peccato totius Israel duodecim, iuxta numerum tribuum Israel.
Ved denne vigslingi ofra dei hundrad uksar og tvo hundrad verar og fire hundrad lamb, og til syndoffer for heile Israel tolv bukkar etter talet på ætterne i Israel.
18 Et statuerunt Sacerdotes in ordinibus suis, et Levitas in vicibus suis super opera Dei in Ierusalem, sicut scriptum est in libro Moysi.
Dei tilsette prestarne etter skifti deira, og levitarne etter deira avdeilder til gudstenesta i Jerusalem, soleis som det var fyreskrive i Moseboki.
19 Fecerunt autem filii Israel transmigrationis, Pascha, quartadecima die mensis primi.
Dei som var komne heim att or utlægdi, heldt påskehelg på fjortande dagen i den fyrste månaden.
20 Purificati enim fuerant Sacerdotes et Levitæ quasi unus: omnes mundi ad immolandum pascha universis filiis transmigrationis, et fratribus suis Sacerdotibus, et sibi.
Prestarne og levitarne hadde då reinsa seg, kvar ein, so dei alle var reine. Dei slagta påskelamb for alle som var komne heim att or utlægdi, for brørne sine, prestarne, og for seg sjølve.
21 Et comederunt filii Israel, qui reversi fuerant de transmigratione, et omnes qui se separaverant a coinquinatione Gentium terræ ad eos, ut quærerent Dominum Deum Israel.
Israels-sønerne som var komne heim att or utlægdi, åt då saman med alle som hadde skilt seg frå ureinskapen åt heidningarne i landet og slege lag med deim, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.
22 Et fecerunt sollemnitatem azymorum septem diebus in lætitia, quoniam lætificaverat eos Dominus, et converterat cor regis Assur ad eos, ut adiuvaret manus eorum in opere domus Domini Dei Israel.
Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.

< Esdræ 6 >