< Exodus 5 >

1 Post hæc ingressi sunt Moyses et Aaron, et dixerunt Pharaoni: Hæc dicit Dominus Deus Israel: Dimitte populum meum ut sacrificet mihi in deserto.
Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!»»
2 At ille respondit: Quis est Dominus, ut audiam vocem eius, et dimittam Israel? nescio Dominum, et Israel non dimittam.
Då sagde Farao: «Kva er det for ein «Herre» som eg skal lyda, og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje den «Herren», og eg vil ikkje lata Israel fara heller.»
3 Dixeruntque: Deus Hebræorum vocavit nos, ut eamus viam trium dierum in solitudinem, et sacrificemus Domino Deo nostro: ne forte accidat nobis pestis aut gladius.
«Hebræarguden hev møtt oss!» svara dei. «Gode, gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!»
4 Ait ad eos rex Ægypti: Quare Moyses et Aaron solicitatis populum ab operibus suis? ite ad onera vestra.
Då sagde egyptarkongen til deim: «Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar!
5 Dixitque Pharao: Multus est populus terræ: videtis quod turba succreverit: quanto magis si dederitis eis requiem ab operibus?
De ser kor mykje folk her er i landet no, » sagde Farao, «og so vil de lokka deim til å leggja ned arbeidet sitt!»
6 Præcepit ergo in die illo præfectis operum et exactoribus populi, dicens:
Og same dagen sagde Farao det til futarne og formennerne for arbeidsfolket:
7 Nequaquam ultra dabitis paleas populo ad conficiendos lateres, sicut prius: sed ipsi vadant, et colligant stipulas.
«Heretter skal de ikkje gjeva folket halm til mursteinen, som de fyrr hev gjort. Dei skal sjølve ganga og sanka seg halm.
8 Et mensuram laterum, quam prius faciebant, imponetis super eos, nec minuetis quidquam: vacant enim, et idcirco vociferantur, dicentes: Eamus, et sacrificemus Deo nostro.
Men like mykje murstein skal de krevja av deim no som fyrr; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei og segjer: «Me vil av og ofra til Guden vår.»
9 Opprimantur operibus, et expleant ea: ut non acquiescant verbis mendacibus.
Legg tyngre arbeid på kararne, so dei hev nok å gjera, og ikkje fer etter lygjerødor!»
10 Igitur egressi præfecti operum et exactores, ad populum dixerunt: Sic dicit Pharao: Non do vobis paleas:
So gjekk futarne og arbeidsformennerne ut, og sagde til folket: «So segjer Farao: «Eg gjev dykk ikkje halm lenger.
11 ite, et colligite sicubi invenire poteritis, nec minuetur quidquam de opere vestro.
Gakk sjølve og finn dykk halm kvar de kann! Men i arbeidet dykkar fær de ikkje noko avslag.»»
12 Dispersusque est populus per omnem Terram Ægypti ad colligendas paleas.
Då spreidde folket seg utyver heile Egyptarland, og sanka helma til å bruka i staden for halmen.
13 Præfecti quoque operum instabant, dicentes: Complete opus vestrum quotidie, ut prius facere solebatis quando dabantur vobis paleæ.
Men futarne dreiv på og sagde: «Gjer arbeidet dykkar ferdigt, fullt dagsverk til kvar dag, som då de hadde halm for hand!»
14 Flagellatique sunt qui præerant operibus filiorum Israel, ab exactoribus Pharaonis, dicentibus: Quare non impletis mensuram laterum sicut prius, nec heri, nec hodie?
Og arbeidsformennerne som futarne åt Farao hadde sett yver Israels-folket, fekk hogg, og futarne sagde: «Kvi hev de ikkje gjort ifrå dykk ålaget dykkar anten i går eller i dag, som de fyrr gjorde?»
15 Veneruntque præpositi filiorum Israel, et vociferati sunt ad Pharaonem dicentes: Cur ita agis contra servos tuos?
Då gjekk arbeidsformennerne til Farao, og kjærde seg for honom og sagde: «Kvi fer du soleis med tenarane dine?
16 Paleæ non dantur nobis, et lateres similiter imperantur: en famuli tui flagellis cædimur, et iniuste agitur contra populum tuum.
Halm fær me ikkje, og like vel segjer dei til oss: «Gjer murstein!» Og so fær me hogg, endå det er dine folk som hev skuldi.»
17 Qui ait: Vacatis otio, et idcirco dicitis: Eamus, et sacrificemus Domino.
Men han sagde: «Late er de, late! Difor segjer de: «Me vil av og ofra til Herren!»
18 Ite ergo, et operamini: paleæ non dabuntur vobis, et reddetis consuetum numerum laterum.
Gakk no av og arbeid! Og halm fær de ikkje, men mursteinen skal de greida, talet fullt!»
19 Videbantque se præpositi filiorum Israel in malo, eo quod diceretur eis: Non minuetur quidquam de lateribus per singulos dies.
Arbeidsformennerne vart ille ved, då dei fekk høyra dei ordi: «De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar, fullt dagsverk til kvar dag!»
20 Occurreruntque Moysi et Aaron, qui stabant ex adverso, egredientibus a Pharaone:
Då dei kom ut att frå Farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på deim.
21 et dixerunt ad eos: Videat Dominus et iudicet, quoniam fœtere fecistis odorem nostrum coram Pharaone et servis eius, et præbuistis ei gladium, ut occideret nos.
Då sagde dei med deim: «Herren setje augo på dykk, og late dykk få like for di de hev gjort Farao og mennerne hans hatige på oss, og gjeve deim sverdet i handi til å drepa oss med!»
22 Reversusque est Moyses ad Dominum, et ait: Domine, cur afflixisti populum istum? quare misisti me?
Og Moses vende seg atter til Herren og sagde: «Herre, kvi fer du so ille med dette folket? Kvi hev du då sendt meg?
23 Ex eo enim quo ingressus sum ad Pharaonem ut loquerer in nomine tuo, afflixit populum tuum: et non liberasti eos.
For alt ifrå den stund eg gjekk fram for Farao og tala i ditt namn, hev han ikkje gjort anna enn vondt mot dette folket, og du hev ikkje hjelpt folket ditt ein grand.»

< Exodus 5 >