< Exodus 37 >

1 Fecit autem Beseleel et arcam de lignis setim, habentem duos semis cubitos in longitudine, et cubitum ac semissem in latitudine, altitudo quoque unius cubiti fuit et dimidii: vestivitque eam auro purissimo intus ac foris.
So gjorde Besalel kista; ho var av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.
2 Et fecit illi coronam auream per gyrum,
Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans på henne rundt ikring.
3 conflans quattuor annulos aureos per quattuor angulos eius: duos annulos in latere uno, et duos in altero.
Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.
4 Vectes quoque fecit de lignis setim, quos vestivit auro,
So gjorde han stenger av akazietre, og klædde deim med gull,
5 et quos misit in annulos, qui erant in lateribus arcæ ad portandum eam.
og smøygde deim inn i ringarne på sidorne av kista, til å bera henne etter.
6 Fecit et propitiatorium, idest, oraculum, de auro mundissimo, duorum cubitorum et dimidii in longitudine, et cubiti ac semis in latitudine.
So gjorde han eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.
7 Duos etiam Cherubim ex auro ductili, quos posuit ex utraque parte propitiatorii:
På endarne av det gjorde han tvo kerubar; av drive gull gjorde han deim,
8 Cherub unum in summitate unius partis, et Cherub alterum in summitate partis alterius: duos Cherubim in singulis summitatibus propitiatorii,
den eine keruben ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket gjorde han kerubarne, ein på kvar ende.
9 extendentes alas, et tegentes propitiatorium, seque mutuo et illud respicientes.
Kerubarne heldt vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver loket med vengjerne sine, og andliti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot loket.
10 Fecit et mensam de lignis setim in longitudine duorum cubitorum, et in latitudine unius cubiti, quæ habebat in altitudine cubitum ac semissem.
So gjorde han bordet; det var av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.
11 circumdeditque eam auro mundissimo, et fecit illi labium aureum per gyrum,
Han klædde det med skirt gull, og gjorde ein gullkrans på det, rundt ikring.
12 ipsique labio coronam auream interrasilem quattuor digitorum, et super eamdem, alteram coronam auream.
Ei løvdebreid list gjorde han rundt um det, og på listi sette han og ein gullkrans, som gjekk heilt ikring.
13 Fudit et quattuor circulos aureos, quos posuit in quattuor angulis per singulos pedes mensæ
So støypte han fire gullringar og sette i hyrno på dei fire bordføterne.
14 contra coronam: misitque in eos vectes, ut possit mensa portari.
Ringarne sat tett uppmed listi; dei var til å smøygja berestenger inn i.
15 Ipsos quoque vectes fecit de lignis setim, et circumdedit eos auro.
Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull; deim var det bordet skulde berast etter.
16 Et vasa ad diversos usus mensæ, acetabula, phialas, et cyathos, et thuribula, ex auro puro, in quibus offerenda sunt libamina.
So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast på bordet, fati og skålerne som høyrde til, og bollarne og kannorne som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull.
17 Fecit et candelabrum ductile de auro mundissimo. De cuius vecte calami, scyphi, sphærulæque ac lilia procedebant:
So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar, med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med honom.
18 sex in utroque latere, tres calami ex parte una, et tres ex altera:
Seks armar greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.
19 tres scyphi in nucis modum per calamos singulos, sphærulæque simul et lilia: et tres scyphi instar nucis in calamo altero, sphærulæque simul et lilia. Æquum erat opus sex calamorum, qui procedebant de stipite candelabri.
På den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.
20 In ipso autem vecte erant quattuor scyphi in nucis modum, sphærulæque per singulos simul et lilia:
På sjølve staken var det fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad,
21 et sphærulæ sub duobus calamis per loca tria, qui simul sex fiunt calami procedentes de vecte uno.
ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.
22 et sphærulæ igitur, et calami ex ipso erant, universa ductilia ex auro purissimo.
Både blomsterknupparne og armarne var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull.
23 Fecit et lucernas septem cum emunctoriis suis, et vasa ubi ea quæ emuncta sunt, extinguantur, de auro mundissimo.
Sidan gjorde han lamporne til ljosestaken, sju i talet, og sakserne og saksplatorne som høyrde til, alt av skirt gull.
24 Talentum auri appendebat candelabrum cum omnibus vasis suis.
Tri vågar skirt gull bruka han til ljosestaken og alle desse gognerne.
25 Fecit et altare thymiamatis de lignis setim, per quadrum singulos habens cubitos, et in altitudine duos: e cuius angulis procedebant cornua.
So gjorde han røykjelsealtaret av akazietre, ei aln langt og ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni på det var i eitt med sjølve altaret.
26 Vestivitque illud auro purissimo cum craticula ac parietibus et cornibus.
Han klædde det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjorde ein gullkrans på det, heilt ikring.
27 Fecitque ei coronam aureolam per gyrum, et duos annulos aureos sub corona per singula latera, ut mittantur in eos vectes, et possit altare portari.
Nedanfor kransen på dei tvo sidorne sette han tvo gullringar, tvo på kvar sida, til å smøygja stenger inn i som altaret skulde berast etter.
28 Ipsos autem vectes fecit de lignis setim, et operuit laminis aureis.
Stengerne og gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull.
29 Composuit et oleum ad sanctificationis unguentum, et thymiama de aromatibus mundissimis opere pigmentarii.
So laga han den heilage salvingsoljen og den reine, angande røykjelsen på same måten som apotekarane gjer det.

< Exodus 37 >