< Deuteronomii 2 >

1 Profectique inde venimus in solitudinem, quæ ducit ad Mare rubrum, sicut mihi dixerat Dominus: et circuivimus montem Seir longo tempore.
So vende me oss åt øydemarki, og tok vegen til Raudehavet, som Herren hadde sagt med meg, og me for lenge og sveiv kringum Se’irfjelli.
2 Dixitque Dominus ad me:
Då sagde Herren til meg:
3 Sufficit vobis circuire montem istum: ite contra Aquilonem:
«Lenge nok hev de reika ikring desse fjelli; tak no leidi mot nord!
4 et populo præcipe, dicens: Transibitis per terminos fratrum vestrorum filiorum Esau, qui habitant in Seir, et timebunt vos.
Og til folket skal du segja so: «No kjem de til å fara gjenom riket åt brørne dykkar, Esaus-sønerne, dom bur i Se’ir, og dei vert rædde dykk; men agta dykk vel
5 Videte ergo diligenter ne moveamini contra eos. neque enim dabo vobis de terra eorum quantum potest unius pedis calcare vestigium, quia in possessionem Esau dedi montem Seir.
at de ikkje yppar ufred med deim; eg kann’kje lata dykk få so mykje som ei fotbreidd av landet deira; for Se’irfjelli hev eg gjeve Esau til eigedom.
6 Cibos emetis ab eis pecunia, et comedetis: aquam emptam haurietis, et bibetis.
Den maten de treng, lyt de kjøpa av deim, og vatnet de drikk, lyt de og gjeva pengar for.
7 Dominus Deus tuus benedixit tibi in omni opere manuum tuarum: novit iter tuum, quomodo transieris solitudinem hanc magnam, per quadraginta annos habitans tecum Dominus Deus tuus, et nihil tibi defuit.
For Herren, din Gud, hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom denne store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren, din Gud, vore med deg, og du hev ingen ting vanta.»»
8 Cumque transissemus fratres nostros filios Esau, qui habitabant in Seir, per viam campestrem de Elath, et de Asiongaber, venimus ad iter, quod ducit in desertum Moab.
So for me lenger frametter, burt ifrå brorfolket vårt, Esaus-sønerne, som bur i Se’ir; me tok utav den vegen som gjeng frå Eilat og Esjon-Geber gjenom Moarne, og heldt fram etter ein annan veg, som bar til Moabheidi.
9 Dixitque Dominus ad me: Non pugnes contra Moabitas, nec ineas adversus eos prælium: non enim dabo tibi quidquam de terra eorum, quia filiis Loth tradidi Ar in possessionem.
Og Herren sagde til meg: «Du skal ikkje trengja deg inn på moabitarne, og ikkje yppa ufred med deim; eg kann ikkje lata deg få noko av landet deira; for Ar hev eg gjeve Lots-sønerne til eigedom.»
10 Emim primi fuerunt habitatores eius, populus magnus, et validus, et tam excelsus ut de Enacim stirpe,
Der budde i gamle dagar emitarne, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitarne,
11 quasi gigantes crederentur, et essent similes filiorum Enacim. Denique Moabitæ appellant eos Emim.
og vart, liksom dei, rekna til kjempefolki, men moabitarne kallar deim emitar.
12 In Seir autem prius habitaverunt Horrhæi: quibus expulsis atque deletis, habitaverunt filii Esau, sicut fecit Israel in terra possessionis suæ, quam dedit illi Dominus.
På Se’ir budde fyrr i tidi horitarne; men Esaus-sønerne dreiv deim burt, og øydde deim ut, og sette seg ned i staden deira, liksom Israels-folket gjorde i sitt land, det som Herren gav deim til eigedom.
13 Surgentes ergo ut transiremus Torrentem Zared, venimus ad eum.
«Gjer dykk no reiduge, » sagde Herren, «og gakk yver Zeredåi!» So gjekk me yver Zeredåi.
14 Tempus autem, quo ambulavimus de Cadesbarne usque ad transitum torrentis Zared, triginta et octo annorum fuit: donec consumeretur omnis generatio hominum bellatorum de castris, sicut iuraverat Dominus:
Då var det åtte og tretti år sidan me tok ut frå Kades-Barnea, og heile den ætti, alle våpnføre menner i lægret, var burtdøydde, som Herren hadde sagt med deim.
15 cuius manus fuit adversum eos, ut interirent de castrorum medio.
Herrens hand hadde råma deim, og rive deim burt or lægret, so dei alle var farne.
16 Postquam autem universi ceciderunt pugnatores,
Då alle desse stridsmennerne i folket var daude og burte,
17 locutus est Dominus ad me, dicens:
då tala Herren til meg og sagde:
18 Tu transibis hodie terminos Moab, urbem nomine Ar:
«No kjem du til å fara gjenom Moabriket, gjenom Ar,
19 et accedens in vicina filiorum Ammon, cave ne pugnes contra eos, nec movearis ad prælium: non enim dabo tibi de terra filiorum Ammon, quia filiis Loth dedi eam in possessionem.
og so ligg vegen din frammed Ammons-sønerne; men du skal ikkje trengja deg inn på deim, og ikkje yppa ufred med dei; eg kann ikkje lata deg få noko av Ammonitarlandet; for det hev eg gjeve burt til Lots-sønerne.»
20 Terra gigantum reputata est: et in ipsa olim habitaverunt gigantes, quos Ammonitæ vocant Zomzommim,
Det landet vert og rekna til kjempelandi; fyrr i verdi budde det kjempor der, og ammonitarne kalla deim zamzummitar.
21 populus magnus, et multus, et proceræ longitudinis, sicut Enacim, quos delevit Dominus a facie eorum: et fecit illos habitare pro eis,
Dei var eit stort og mannsterkt folk, og høgvaksne som anakitarne; men Herren rudde deim ut for Ammons-sønerne, so dei fekk landet og busette seg der.
22 sicut fecerat filiis Esau, qui habitant in Seir, delens Horrhæos, et terram eorum illis tradens, quam possident usque in præsens.
Det same gjorde han for Esaus-sønerne, som bur på Se’ir; han rudde ut horitarne, so Esaus-sønerne fekk landet, og sidan hev dei butt der til denne dag.
23 Hevæos quoque, qui habitabant in Haserim usque Gazan, Cappadoces expulerunt: qui egressi de Cappadocia deleverunt eos, et habitaverunt pro illis.
Like eins gjekk det med avitarne, som sat på gardarne alt burt til Gaza; kaftorarane kom frå Kaftor, og øydde deim ut, og tok romet deira.
24 Surgite, et transite torrentem Arnon: ecce tradidi in manu tua Sehon regem Hesebon Amorrhæum, et terram eius incipe possidere, et committe adversus eum prælium.
«Gjer dykk reiduge, » sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!
25 Hodie incipiam mittere terrorem atque formidinem tuam in populos, qui habitant sub omni cælo: ut audito nomine tuo paveant, et in morem parturientium contremiscant, et dolore teneantur.
Etter denne dag skal det standa otte og rædsla av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjete deg, skal bivra og skjelva.»
26 Misi ergo nuncios de solitudine Cademoth ad Sehon regem Hesebon verbis pacificis, dicens:
Frå Kedemotheidi sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med fredleg helsing, og sagde:
27 Transibimus per terram tuam, publica gradiemur via: non declinabimus neque ad dexteram, neque ad sinistram.
«Lat meg få fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen, og ikkje taka utav honom, korkje til høgre eller vinstre.
28 Alimenta pretio vende nobis, ut vescamur: aquam pecunia tribue, et sic bibemus. Tantum est ut nobis concedas transitum,
Det eg lyt hava til mat, skal eg kjøpa av deg, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg og leggja pengar for. Eg vil berre få fara igjenom på min fot,
29 sicut fecerunt filii Esau, qui habitant in Seir, et Moabitæ, qui morantur in Ar: donec veniamus ad Iordanem, et transeamus ad Terram, quam Dominus Deus noster daturus est nobis.
liksom Esaus-sønerne på Se’ir og moabitarne i Ar gav meg lov til, so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren, vår Gud, vil gjeva oss.»
30 Noluitque Sehon rex Hesebon dare nobis transitum: quia induraverat Dominus Deus tuus spiritum eius, et obfirmaverat cor illius, ut traderetur in manus tuas, sicut nunc vides.
Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren, din Gud, hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva honom i dine hender, som han longe hev gjort.
31 Dixitque Dominus ad me: Ecce cœpi tibi tradere Sehon, et terram eius, incipe possidere eam.
Og Herren sagde til meg: «No gjev eg deg magt yver Sihon og landet hans; tak no du til med å slå det under deg, so det vert ditt!»
32 Egressusque est Sehon obviam nobis cum omni populo suo ad prælium in Iasa.
So for Sihon imot oss, til Jahas, med alt herfolket sitt, og tok på oss.
33 Et tradidit eum Dominus Deus noster nobis: percussimusque eum cum filiis suis et omni populo suo.
Men Herren, vår Gud, gav honom i vårt vald, og me hogg honom ned, både han og sønerne og alt stridsfolket hans.
34 Cunctasque urbes in tempore illo cepimus, interfectis habitatoribus earum, viris ac mulieribus et parvulis. non reliquimus in eis quidquam.
Den gongen tok me og alle byarne hans; me bannstøytte kvar byen, og drap både menner og kvinnor og born; me let ingen vera att eller sleppa undan.
35 Absque iumentis, quæ in partem venere prædantium: et spoliis urbium, quas cepimus
Men bufeet eigna me til oss, og herfanget i byarne som me tok.
36 ab Aroer, quæ est super ripam torrentis Arnon, oppido quod in valle situm est, usque Galaad. Non fuit vicus et civitas, quæ nostras effugeret manus: omnes tradidit Dominus Deus noster nobis.
Frå Aroer, som ligg inn med Arnon, og frå byen i dalen til Gilead fanst det ikkje ei borg som var oss for sterk; Herren lagde deim alle opne for oss.
37 Absque terra filiorum Ammon, ad quam non accessimus: et cunctis quæ adiacent torrenti Ieboc, et urbibus montanis, universisque locis, a quibus nos prohibuit Dominus Deus noster.
Men landet åt Ammons-sønerne let du vera i fred, både det som ligg frammed Jabbokåi og fjellbygderne, alt det som Herren, vår Gud, hadde meinka oss å koma inn i.

< Deuteronomii 2 >