< Danihelis Prophetæ 10 >

1 Anno tertio Cyri regis Persarum, verbum revelatum est Danieli cognomento Baltassar, et verbum verum, et fortitudo magna: intellexitque sermonem: intelligentia enim est opus in visione.
I det tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus fekk Daniel, som dei og kalla Beltsassar, ei openberring; den openberringi er sanning og spår mykje trengsla. Og han merkte openberringi og gav agt på syni.
2 In diebus illis ego Daniel lugebam trium hebdomadarum diebus,
Eg, Daniel, hadde då gjenge og syrgt ei tri vikor.
3 panem desiderabilem non comedi, et caro et vinum non introierunt in os meum, sed neque unguento unctus sum: donec complerentur trium hebdomadarum dies.
Eg åt ikkje noko slag forkunnmat, kjøt og vin kom ikkje i min munn, ikkje heller salva eg meg med olje, fyrr dei tri vikorne var avlidne.
4 Die autem vigesima et quarta mensis primi eram iuxta fluvium magnum, qui est Tigris.
Den fire og tjugande dagen i fyrste månaden, då eg var ved strandi åt den store elvi Hiddekel,
5 Et levavi oculos meos, et vidi: et ecce vir unus vestitus lineis, et renes eius accincti auro obrizo:
såg eg upp, og då fekk eg sjå ein mann som stod der klædd i linklæde og gyrd kring lenderne med eit belte av Ufaz-gull.
6 et corpus eius quasi chrysolithus, et facies eius velut species fulguris, et oculi eius ut lampas ardens: et brachia eius, et quæ deorsum sunt usque ad pedes, quasi species æris candentis: et vox sermonum eius ut vox multitudinis.
Likamen hans var som krysolit, andlitet hans liktest ljoneld, augo hans var som eldslogar, armarne og føterne hans som skinande kopar; og ljomen av talen hans var som ein veldug dun.
7 Vidi autem ego Daniel solus visionem: porro viri, qui erant mecum, non viderunt: sed terror nimius irruit super eos, et fugerunt in absconditum.
Og eg, Daniel, var den einaste som såg syni; dei mennerne som var med meg, dei såg ikkje syni; men ei stor rædsla kom yver deim, so dei flaug av og gøymde seg.
8 Ego autem relictus solus vidi visionem grandem hanc: et non remansit in me fortitudo, sed et species mea immutata est in me, et emarcui, nec habui quidquam virium.
So vart eg åleine etter, og då eg såg denne store syni, vart eg reint magtstolen; skifte liter i andlitet so eg vart nåbleik, og eg åtte ingi magt meir.
9 Et audivi vocem sermonum eius: et audiens iacebam consternatus super faciem meam, et vultus meus hærebat terræ.
Då høyrde eg ljomen av talen hans; og då eg høyrde ljomen av talen hans, seig eg i uvit å gruve med andlitet mot jordi.
10 Et ecce manus tetigit me, et erexit me super genua mea, et super articulos manuum mearum.
Sjå, då var det ei hand som tok i meg, so mykje eg skjelvande vann meg uppå kne og hender.
11 Et dixit ad me: Daniel vir desideriorum, intellige verba, quæ ego loquor ad te, et sta in gradu tuo: nunc enim sum missus ad te. Cumque dixisset mihi sermonem istum, steti tremens.
Sidan sagde han til meg: «Daniel, du gjæve mann, gjev agt på dei ordi som eg vil tala til deg, og ris upp og statt; for no er eg send til deg.» Då han sagde dette til meg, reis eg skjelvande upp.
12 Et ait ad me: Noli metuere Daniel: quia ex die primo, quo posuisti cor tuum ad intelligendum ut te affligeres in conspectu Dei tui, exaudita sunt verba tua: et ego veni propter sermones tuos.
Og han sagde til meg: «Ottast ikkje, Daniel, for alt frå den fyrste dagen då vende hjarta ditt til å vinna skyn og å audmykja deg for Gud, hev ordi dine vore høyrde; og for ordi dine skuld er eg komen no.
13 Princeps autem regni Persarum restitit mihi viginti et uno diebus: et ecce Michael unus de principibus primis venit in adiutorium meum, et ego remansi ibi iuxta regem Persarum.
Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingarne, og hjelpte meg, medan eg fyrr hadde stade der åleine mot persarkongarne.
14 Veni autem ut docerem te quæ ventura sunt populo tuo in novissimis diebus, quoniam adhuc visio in dies.
Og no er eg komen og vil segja deg kva som skal hendast folket ditt i endetidi; for dette er og ei syn som sigtar på framtidi.»
15 Cumque loqueretur mihi huiuscemodi verbis, deieci vultum meum ad terram, et tacui.
Medan han soleis tala til meg, vende eg andlitet mitt mot jordi og tagde.
16 Et ecce quasi similitudo filii hominis tetigit labia mea: et aperiens os meum locutus sum, et dixi ad eum, qui stabat contra me: Domine mi, in visione tua dissolutæ sunt compages meæ, et nihil in me remansit virium.
Men sjå, ein som var lik eit menneskje, tok på lipporne mine. Då let eg upp munnen min og tala og sagde til honom som stod framfyre meg: «Herre min, ved den syni eg hev set, hev det kome slik verk yver meg, at eg eig ingi magt meir.
17 Et quomodo poterit servus Domini mei loqui cum Domino meo? nihil enim in me remansit virium, sed et halitus meus intercluditur.
Kor skulde og tenaren til herren min, ein sovoren som eg, kunna tala med ein slik ein som herren min er? Og ingi magt er det i meg meir, eg evlar no ikkje å anda.»
18 Rursum ergo tetigit me quasi visio hominis, et confortavit me,
Han som såg ut som eit menneskje, tok då atter i meg og styrkte meg.
19 et dixit: Noli timere vir desideriorum: pax tibi: confortare, et esto robustus. Cumque loqueretur mecum, convalui, et dixi: Loquere Domine mi, quia confortasti me.
Han sagde: «Ottast ikkje, du gjæve mann! Fred vere med deg! Ver sterk, ja, ver sterk!» Då han tala med meg soleis, kjende eg kor eg styrktest, og eg sagde: «Tala, herre min, for no hev du styrkt meg.»
20 Et ait: Numquid scis quare venerim ad te? et nunc revertar ut prælier adversum principem Persarum. cum ego egrederer, apparuit princeps Græcorum veniens.
Då sagde han: «Kann du skyna kvifor eg er komen til deg? Men eg lyt straks venda attende og strida mot hovdingen yver Persia, og når eg dreg ut, kjem Javan-hovdingen.
21 Verumtamen annuntiabo tibi quod expressum est in scriptura veritatis: et nemo est adiutor meus in omnibus his, nisi Michael princeps vester.
Like vel vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det er ikkje ein som hjelper meg mot desse utan Mikael, hovdingen dykkar.

< Danihelis Prophetæ 10 >