< Actuum Apostolorum 8 >

1 Saulus autem erat consentiens neci eius. Facta est autem in illa die persecutio magna in Ecclesia, quæ erat Ierosolymis, et omnes dispersi sunt per regiones Iudææ, et Samariæ præter Apostolos.
Og Saulus samtykte i at dei drap honom. Men den dagen tok det til ei stor forfylgjing mot kyrkjelyden i Jerusalem, og dei vart spreidde ut yver Judæalandet og Samarialandet, alle so nær som apostlarne.
2 Curaverunt autem Stephanum viri timorati, et fecerunt planctum magnum super eum.
Men nokre gudlege menner jorda Stefanus, og dei gret og jamra sårt etter honom.
3 Saulus autem devastabat Ecclesiam per domos intrans, et trahens viros, ac mulieres, tradebat in custodiam.
Men Saulus herja kyrkjelyden og gjekk inn i hus etter hus og drog fram menner og kvinnor og yvergav deim til fangehus.
4 Igitur qui dispersi erant pertransibant, evangelizantes verbum Dei.
Men dei som var spreidde utyver, gjekk ikring og bar ut evangelie-ordet.
5 Philippus autem descendens in civitatem Samariæ, prædicabant illis Christum.
Filip kom då ned til ein by i Samaria og forkynte Kristus for deim.
6 Intendebant autem turbæ his, quæ a Philippo dicebantur unanimiter audientes, et videntes signa quæ faciebat.
Og folket gav samlyndt gaum etter det som vart sagt av Filip, med di dei høyrde og såg dei teikni som han gjorde.
7 Multi enim eorum, qui habebant spiritus immundos, clamantes voce magna exibant.
For or mange som hadde ureine ånder, for dei ut ropande med høg røyst, og mange lame og vanføre vart lækte.
8 Multi autem paralytici, et claudi curati sunt.
Og det vart stor gleda i den byen.
9 Factum est ergo gaudium magnum in illa civitate. Vir autem quidam nomine Simon, qui ante fuerat in civitate magus, seducens gentem Samariæ, dicens se esse aliquem magnum:
Men det var ein mann med namnet Simon, som fyrr hadde fare med trolldom i byen og fjetra folket i Samaria, med di han sagde seg vera noko stort.
10 cui auscultabant omnes a minimo usque ad maximum, dicentes: Hic est virtus Dei, quæ vocatur magna.
Og alle heldt seg til honom, både små og store, og sagde: «Han er Guds kraft som heiter stor.»
11 Attendebant autem eum: propter quod multo tempore magiis suis dementasset eos.
Men dei heldt seg til honom, av di han i lang tid hadde fjetra deim med trollkunster.
12 Cum vero credidissent Philippo evangelizanti de regno Dei, in nomine Iesu Christi baptizabantur viri, ac mulieres.
Men då dei no trudde Filip, som forkynte evangeliet um Guds rike og Jesu Kristi namn, so let dei seg døypa både menner og kvinnor.
13 Tunc Simon et ipse credidit: et cum baptizatus esset, adhærebat Philippo. Videns etiam signa, et virtutes maximas fieri, stupens admirabatur.
Og Simon tok ved trui han og, og då han var døypt, heldt han seg til Filip, og då han såg dei teikn og store kraftige gjerningar som vart gjorde, vart han mest frå seg av undring.
14 Cum autem audissent Apostoli, qui erant Ierosolymis, quod recepisset Samaria verbum Dei, miserunt ad eos Petrum, et Ioannem:
Då apostlarne i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei til deim Peter og Johannes;
15 Qui cum venissent, oraverunt pro ipsis ut acciperent Spiritum Sanctum:
dei kom ned og bad for deim, at dei måtte få den Heilage Ande;
16 Nondum enim in quemquam illorum venerat, sed baptizati tantum erant in nomine Domini Iesu.
for endå var han ikkje fallen på nokon av deim, men dei var berre døypte til Herren Jesu namn.
17 Tunc imponebant manus super illos, et accipiebant Spiritum Sanctum.
Då lagde dei henderne på deim, og dei fekk den Heilage Ande.
18 Cum vidisset autem Simon quia per impositionem manus Apostolorum daretur Spiritus Sanctus, obtulit eis pecuniam,
Men då Simon såg at den Heilage Ande vart gjeven ved handpåleggjing av apostlarne, kom han til deim med pengar og sagde:
19 dicens: Date et mihi hanc potestatem, ut cuicumque imposuero manus, accipiat Spiritum Sanctum. Petrus autem dixit ad eum:
«Gjev meg og denne magt, at den som eg legg henderne på, må få den Heilage Ande!»
20 Pecunia tua tecum sit in perditionem: quoniam donum Dei existimasti pecunia possideri.
Men Peter sagde til honom: «Forbanna vere sylvet ditt saman med deg sjølv, for di du tenkte å kjøpa Guds gåva for pengar!
21 Non est tibi pars, neque sors in sermone isto. Cor enim tuum non est rectum coram Deo.
Du hev ikkje deil eller lut i dette ordet; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.
22 Pœnitentiam itaque age ab hac nequitia tua: et roga Deum, si forte remittatur tibi hæc cogitatio cordis tui.
Vend difor um frå denne vondskapen din, og bed til Gud, um den tanken i hjarta ditt kunde verta deg forlaten!
23 In felle enim amaritudinis, et obligatione iniquitatis video te esse.
For eg ser at du ligg i illskaps gall og urettferds band.»
24 Respondens autem Simon, dixit: Precamini vos pro me ad Dominum, ut nihil veniat super me horum, quæ dixistis.
Då svara Simon: «Bed de for meg til Herren, at ikkje noko må koma yver meg av det som de hev sagt!»
25 Et illi quidem testificati, et locuti verbum Domini, redibant Ierosolymam, et multis regionibus Samaritanorum evangelizabant.
Då dei so hadde vitna og tala Herrens ord, vende dei um att til Jerusalem, og dei forkynte evangeliet i mange samaritanbyar.
26 Angelus autem Domini locutus est ad Philippum, dicens: Surge, et vade contra meridianum ad viam, quæ descendit ab Ierusalem in Gazam: hæc est deserta.
Men ein Herrens engel tala til Filip og sagde: «Statt upp og gakk mot sud på den vegen som gjeng ned frå Jerusalem til Gaza!» Det er ein øydeveg.
27 Et surgens abiit. Et ecce vir Æthiops, eunuchus, potens Candacis Reginæ Æthiopum, qui erat super omnes gazas eius: venerat adorare in Ierusalem:
Og han stod upp og gjekk; og sjå, der var ein mann frå Ætiopia, ein hirdmann, ein megtig herre hjå dronning Kandake i Ætiopia, ein som var sett yver heile skatten hennar; han var komen til Jerusalem for å tilbeda,
28 et revertebatur sedens super currum suum, legensque Isaiam prophetam.
og han var no på heimvegen og sat på vogni si og las profeten Jesaja.
29 Dixit autem Spiritus Philippo: Accede, et adiunge te ad currum istum.
Men Anden sagde til Filip: «Gakk burtåt og haldt deg ved denne vogni!»
30 Accurrens autem Philippus, audivit eum legentem Isaiam prophetam, et dixit: Putasne intelligis quæ legis?
Men Filip sprang til og høyrde at han las profeten Jesaja, og han sagde: «Skynar du det du les?»
31 Qui ait: Et quomodo possum, si non aliquis ostenderit mihi? Rogavitque Philippum ut ascenderet, et sederet secum.
Men han sagde: «Korleis skulde eg kunna det, utan at nokon rettleider meg?» Og han bad Filip stiga upp og setja seg hjå honom.
32 Locus autem Scripturæ, quem legebat, erat hic: Tamquam ovis ad occisionem ductus est: et sicus agnus coram tondente se, sine voce, sic non aperuit os suum.
Men det stykket av skrifti som han las, var dette: «Som ein sau vart han førd til slagting, og liksom eit lamb som er tagalt for den som klypper det, soleis let han ikkje upp sin munn.
33 In humilitate iudicium eius sublatum est. Generationem eius quis enarrabit, quoniam tolletur de terra vita eius?
I hans fornedring vart domen yver honom burtteken, og kven kann fortelja um hans ætt? for hans liv vert teke burt frå jordi.»
34 Respondens autem eunuchus Philippo, dixit: Obsecro te, de quo Propheta dicit hoc? de se, an de alio aliquo?
Men hirdmannen tok til ords og sagde til Filip: «Eg bed deg: kven segjer profeten dette um? um seg sjølv eller um nokon annan?»
35 Aperiens autem Philippus os suum, et incipiens a Scriptura ista, evangelizavit illi Iesum.
Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus.
36 Et dum irent per viam, venerunt ad quamdam aquam: et ait Eunuchus: Ecce aqua, quid prohibet me baptizari?
Og som dei for frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn. Og hirdmannen sagde: «Sjå her er vatn, kva hindrar meg frå å verta døypt?»
37 Dixit autem Philippus: Si credis ex toto corde, licet. Et respondens ait: Credo, Filium Dei esse Iesum Christum.
Og Filip sagde: «Trur du av heile ditt hjarta, so er det tillate.» Men han svara og sagde: «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son.»
38 Et iussit stare currum: et descenderunt uterque in aquam, Philippus et Eunuchus, et baptizavit eum.
Og han let vogni stana; og dei steig båe tvo ned i vatnet, både Filip og hirdmannen, og han døypte honom.
39 Cum autem ascendissent de aqua, Spiritus Domini rapuit Philippum, et amplius non vidit eum Eunuchus. Ibat autem per viam suam gaudens.
Men då dei steig upp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip burt, og hirdmannen såg honom ikkje meir; for han for glad sin veg.
40 Philippus autem inventus est in Azoto, et pertransiens evangelizabat civitatibus cunctis, donec veniret Cæsaream.
Men Filip vart funnen i Asdod. Og han gjekk ikring og forkynte evangeliet i alle byarne, til han kom til Cæsaræa.

< Actuum Apostolorum 8 >